Debatt

Polariserande ulv

Frontane er no så steile på grasrota at det er på tide med noko nytt.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Førre veke gjekk det eit fakkeltog gjennom Oslo sentrum. Tusenvis av ulvemotstandarar frå store deler av landet kom for å vise si misnøye med ulvepolitikken til regjeringa, som dei meiner bryt med bestandsmålet som Stortinget har fastsatt. Dei vil at det skal bli skote fleire ulv. Få dagar seinare var det ulvetilhengjarane som hadde si markering – ikkje berre i Oslo, men i fleire byar rundt omkring i landet. Dei – eller vi, kunne eg sagt – er også misnøgde med regjeringa, som vi meiner står for ei forvaltning som ikkje er berekraftig for den kritisk trua bestanden.

Eg var miljøvernminister i 2012–2013, og hadde då ansvaret for norsk ulveforvaltning. Det var blant dei sakene eg arbeidde mest med. Det kunne av og til vere både tøft og konfliktfylt. Like fullt: Eg er overraska over kor polarisert debatten har blitt sidan då.

Det er sjokkerande kva folk får seg til å ytre til kvarandre. På WWF si Facebook-side kallar ulvemotstandarane meiningane til dei som vil ha ulv for psykotiske og forskrudde, medan ulvetilhengjarane seier at norske bønder er trua av innavl og at det burde vore jakt på ulvejegerar. Og dette er langt unna det verst som blir sagt. Når det blussar skikkeleg opp, må fleire av WWF sine tilsette jobbe ekstra både kveld og helg for å slette dei grovaste karakteristikkane og truslane frå kommentarfelta så kjapt som mogeleg. Eit slikt grasrotklima legg dessverre ikkje til rette for at politikk med eit balansert og langsiktig perspektiv skal vinne fram.

På sett og vis er det fascinerande at ein ulvebestand på litt over 90 dyr (ei av dei minste i Europa) – med ei ulvesone som utgjer under 5 prosent av Noreg sitt areal – kan skape eit slikt ordskifte. Det er ikkje til å kome frå at rovdyr kan vere eit trugsmål mot dei om lag 2 millionar sauene som beitar på utmark i Noreg, men både jerv og gaupe utgjer ein større trussel enn ulv. Tap av sau til rovdyr har gått ned frå 40.000 til 17.000 frå 2007 til 2018, først og fremst fordi ein systematisk politikk har virka. Det vil seie, den har virka for å redusere talet på sau som dør, men ikkje for å gjere debatten sivilisert.

Eigentleg er det nedslåande. Samtalen om ulv tar nesten form av ein krig – i alle fall ein kulturkrig. For det er vanskeleg å redusere konfliktnivået utan som del av den sterke oppblomstringa av sentrum versus periferi i norsk politikk: Den stikk djupt, og har både i Norge og Europa opplevd ei oppblomstring dei seinare åra, særleg som ein kombinasjon av økonomiske saker og kulturelle konfliktlinjer. Ulvedebatten er reell nok, men den nesten hatske ordbruken og den valdsame mobiliseringskrafta er etter mitt syn uttrykk for at debatten er offer for større og tøffare konfliktar. Og om det er rett, må kanskje debatten ut av sitt vante mønster og inn i ein ny type samtale og nye tiltak?

WWF har lenge tala om og fått gjennom forslag til konfliktdempande tiltak i ulvesaka, som at kommunar i ulvesona kan søke om økonomisk støtte til tiltak kor rovdyra faktisk gjev inntekter til fellesskapet. Liknande blir gjort andre steder i verda, mellom anna i et mangeårig program som vi har bidrege til i det afrikanske landet Namibia. På nittitalet ga den namibiske regjeringa lokalbefolkningar retten til sjølv å forvalte dei ville dyrebestandane og tene pengar på berekraftig jakt, foto-safariar og anna turisme. I 2015 generera dette om lag 65 millionar kroner i inntekter for 82 lokalsamfunn! Og trua dyrearter som løver, elefantar, elgantiloper og sjiraffar har auka i mengd. Namibiske bønder har òg teke i bruk gjetarhundar, og i Kenya blir det satt opp solcelledrivne lys på innhegningar kor beitedyr held til om natta. Det skremmer bort rovdyra.

Nærare oss er det europeiske land som har hatt rovdyr kontinuerleg – som dei baltiske statane, Romania og Kroatia. Der er det større aksept for det å skulle leve side om side med rovdyr. Dei største konfliktane oppstår helst i land kor rovdyra har vore utrydda og kor dei er på veg til å etablera seg att. I mange av desse landa står konfliktdempande tiltak sentralt, for eksempel ulveturisme. Dette er ei næring som har vekse fram dei siste tiåra samtidig som ulven har komen tilbake mange steder, mellom anna veks det fram stadig nye selskap i Europa som tilbyr sporingsturar for ulv. I Finland gjev fotosafari av store rovdyr – som jerv, bjørn, gaupe og kongeørn i tillegg til ulv – inntekter på rundt 30 millionar kroner og sørgjer for 105 arbeidsplassar. I Sverige gjer Wild Sweden stor suksess med safariturar som inkluderer gaupeekspedisjonar, ulvesporingsturar med ulvehyl, og fotosafari med brunbjørn.

Slike historier, og erfaring med gode løysingar i andre europeiske land, blir nå delt gjennom prosjektet LIFE EuroLargeCarnivores, kor WWF er med. Representantar frå forvaltning, beitenæring og miljøorganisasjonar i 16 land møtes i dette arbeidet, som skal gå over fire år. Målet er å dele kunnskap og praktiske løysingar som gjer det mogleg for europeiske land å ta vare på rovdyra sine samtidig som det blir teke omsyn til menneska som lever side om side med dei.

Eg trur Norge treng både ein anna type samtale og nye typar tiltak for å kome vidare i forvaltninga av rovvilt. Det offisielle målet – at vi både skal ha levedyktige bestandar av rovvilt og gode vilkår for å drive med beitenæring – har brei støtte. Det verkar berre ikkje slik. I FN si handbok for fredsmekling heiter det at eit felles ståsted kor det å lytte med opent sinn og ha ein respektfull dialog står heilt sentralt. Ikkje dumt.

Mer fra: Debatt