Debatt

Passe seg

DIKT

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Sjå opp for spegelen,

ærleg mot deg

når du ikkje ventar det

der du passerer glasets

blikk i butikk og kafé, dét

med uroleg bybilete

kasta attende til deg -

ikkje av dei innanfrå,

men av dei på utsida!

Ser du personen deg

med stivna andlet stire

tilbake, og ser du krokien

av ryggens preg

rund eller steil?

Raskt kan du korrigere

biletet ditt.. litt –

i alle fall til du gløymer...

og blir deg sjølv på nytt.

Else Marie Vestrum Olsson

Mer fra: Debatt