Debatt

Overraskande frå Amble

I Aksjonskomiteen for sekstimarsdagen er vi positive til både kristenkonservative og heidningar av alle kategoriar så lenge dei støttar kravet om 6 timars normalarbeidsdag.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Forskar Nina Amble presenterer i Dagsavisen (4.4.) ein del – for somme av oss overraskande – synspunkt på 6-timarsdagen. Til dømes ser ho ut til å meina at 6-timarsdagen på kjøpesenter og i helsetenesta automatisk vil føra til «6-timersnatten», og spør kven som vil ha vaktskifte kl 2.00 om natta. Kven har sagt at det er slik sekstimarsdagen skal organiserast?

Kvifor er ikkje Amble med all si «erfaring som forsker og tilstedeværende i kvinnearbeid» betre orientert om erfaringane frå arbeidsplassar der 6-timarsdagen har vore prøvd? I Oslo-forsøket sist på 1990-talet, som omfatta ein sjukeheim og heimeteneste i eldreomsorga, diskuterte dei tilsette seg fram til ei arbeidstidsordning som delte dagarbeidet i tre skift istadenfor to, ut frå kva som kunne gi både best bruk av arbeidstida og betre variasjon i arbeidsoppgåvene. I dette forsøket var ikkje nattevaktene inkluderte, men ingenting skulle tyda på at det ville vera tenleg med ei mekanisk inndeling av vaktene som ville gi vaktskifte midt på natta.

Kanskje er det arbeidsplassar der arbeidet har ein slik karakter at det vil vera ønskeleg med kortare vakter også om natta? Så langt vi kjenner til, har 6-timarsdagen enno ikkje vore prøvd ut i akuttavdelingar på legevakt/sjukehus eller fødeavdelingar. Men det finst nok av eksempel på arbeidsplassar der det er inngått særavtalar om arbeidstid, og som kan ha bruk for å halda fram med slike ordningar også om 6-timarsdagen blir det normale for dei som arbeider dagtid.

Amble teiknar ein motsetnad mellom 6-timarsdagen og 30-timarsveka, der fire dagar arbeid og tre dagar fri skal vera det normale. Seks timar fem dagar i veka tilsvarar 30 timar. Poenget med å krevja vidare reduksjon av normalarbeidsdagen, sist redusert frå 8 til 7,5 timar ved tariffoppgjeret i 1986, er at det er kvardagane det er flest av. Fire arbeidsdagar i veka løyser ikkje tidsklemma for dei foreldra – menn eller kvinner – som har omsorg for barn kvar dag, og som med dagens arbeidstid slit for å rekka både arbeidsreise, levering/henting i barnehagen/full jobb – og helst litt tid til samvær, evt andre aktivitetar i lokalmiljøet.

Det er også rimeleg å tru at dei som driv med frivillig arbeid – idrett, husflid, politikk eller kva det måtte vera – ville sjå meir nytte i at folk flest fekk kortare arbeidsdagar enn at dei fekk lengre helger – eller spreidde fridagar midt i veka.

Kvifor Amble seier at «Begrepet «6-timersdagen» (…) synliggjør en ubehagelig allianse mellom kristenkonservative og vekstkritiske feminister», skjønner vi ikkje heilt. I Aksjonskomiteen for sekstimarsdagen er vi positive til både kristenkonservative og heidningar av alle kategoriar så lenge dei støttar kravet om 6 timars normalarbeidsdag. Vi har faktisk undra oss litt over at politikarar som set familien og familieverdiane høgt, ikkje har gått offensivt inn for å krevja kortare normalarbeidsdag. 6-timarsdagen er ikkje berre for «vekstkritiske feminister». Vi ser fram til at både einskildmenn og mannsdominerte fagforeiningar skal slutta seg til kravet om ein kvardag der dei kan arbeida mindre og leva meir.

Mer fra: Debatt