Debatt

Oljefond som klimafond?

Eg veit i alle fall kva norske politikarar får flest spørsmål om i utlandet. Oljefondet.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Oljefondet er eit produkt av sunn og framtidsretta forvaltning av ei gudegitt gåve – olja. Kan vi forvalte det like suksessfullt i overgangen til nullutsleppssamfunnet?

Kva er eigentleg det mest kjente ved Norge i utlandet? Henrik Ibsen? Kygo? For eit par tiår sidan var det kanskje Ole Gunnar Solskjær. Eller kanskje er det ingen person, men heller laks eller likestilling?

Over alt kor eg har reist som norsk politikar i ulike verv, har oljefondet, eller statens pensjonsfond utland som det heiter, kome opp som tema. Det formar biletet av Noreg i utlandet: Den rike investoren, han som brukar pengane utanlands. Mange gonger har eg direkte eller indirekte fått spørsmål om det ikkje var mogeleg for rike Noreg å avsjå litt pengar til eit eller anna prosjekt, «vi som er så rike». Ein gang glapp det ut av meg at det var fordi vi sa nei til denne typen prosjekt vi var rike. Ikkje min høflegaste augneblink. Men ein ganske sann augneblink.

Eg har ikkje berre møtt interesse for pengane i fondet, men også respekt for det politiske handverket bak opprettinga. Norske politikarar får jamleg spørsmål om korleis det gjekk an å få til? Å spare ein så stor del av inntektsstraumen til framtidige generasjonar, å la være å bruke den i Noreg. Det er ein fenomenal prestasjon, som ein kollega ein gong sa til meg.

Og det er det.

Frå opprettinga av fondet. Ideen bak er ikkje så original – den er tvert i mot den eldste av alle ideear om kva du gjer når du brott tener veldig mykje – du sparer til tøffare tider. Det har likevel vist seg komplisert å få heile samfunn til å forvalte rikdom så langsiktig. Seinare kom dei etiske retningslinjene, som var viktig for å skape brei legitimitet bak hovudføremålet – å sikre høg avkastning til akseptabel risiko. Den relativt lange politiske kampen for å akseptere at ikkje alle dei brått store inntektene skulle brukast løpande i budsjetta var særleg tøff på 2000-talet, og først då FrP gjekk inn i regjering og stilte seg bak forvaltninga var den striden endeleg over.

Men ikkje før var den over, så er vi over i ein ny fase som vil utfordre fondet og forvaltninga av det. Utfasingsfasen for olje.

Dersom verda, og Noreg, skal lukkast med å nå våre eigne klimamål, må mykje av den oljen vi har tent oss rike på erstattast med fornybar energi. Sidan vi veit om lag kor mykje karbon vi kan sleppe ut i atmosfæren, og samstundes halde oss innan målet om å unngå oppvarming over 2 eller 1.5 graders, kan ein faktisk rekne seg fram til kor store utslepp fossil vi tåler. Av det kan vi slutte grovt sett kor mykje av kolet, oljen og gassen som må bli liggande under havet og jordoverflata. Ut frå det veit vi at det meste av verdas kol, men også mykje av oljen, bør bli liggande og aldri bli til fossil energi.

Det vil sjølvsagt ha konsekvensar for framtidig norsk oljeproduksjon og inntekter. Men vi er så heldig, eller rettare sagt dyktig, stilt, at vi har gardert oss mot dette. For vi er allereie kome dit at vi har større inntekter av fortidas olje enn framtidas olje!

2016 var det første året i historia då summen vi tente på avkastninga av oljefondet var større enn det som kom inn i form av inntekter frå petroleumsnæringa. Det same gjeld budsjetta for 2017 og 2018. Det har to årsaker; Oljeinntektene har gått kraftig ned, i 2018 er dei rekna til å vere om lag 183 milliardar kroner. Samstundes har avkastning frå fondet auka gradvis med størrelsen på det, og i 2018 reknar ein med at den vil vere på 213 mrd kroner. Vi kan altså bruke fleire oljekroner i norsk økonomi, enn det vi har frå olje verksemda, sidan vi tener meir på avkastninga av fondet enn sjølve verksemda.

Denne utviklinga vil berre halde fram. Vi går altså frå å vere ein oljenasjon til å bli ein finansnasjon. Dette er bakgrunnen for rådet frå Norges Bank til regjeringa førre veke, der «foreslår at olje- og gassaksjar tas ut av referanseindeksen for fondet. Norges Bank mener dette vil redusere sårbarheten i statens formue for et varig fall i oljeprisene.»

Rådet er finansielt, ikkje klimapolitisk, begrunna. Men sårbarheita er skapt av den underliggande klimarealiteten, som gjer det risikofylt for norsk økonomi å vere så sterkt knytt til olje. Og signalet som vil gå ut til verda om politikarane følgjer det opp, er at olje er risikofylt.

Dette vegvalet handlar om å unngå feil. Eit meir fundamentalt vegval er om vi framover skal nytte delar av oljefondet til å løyse det problemet vi ufrvillig har vore med på å skape gjennom utvinninga av olje, klimaproblemet. Det vert aktualisert av at oljefondet er omgjort frå ein eingongsinntekt til ei varig pengemaskin for den norsk stat. Vi har brukt olja til å sikre oss ein varig god økonomi. Enno viktigare er det at mykje tyder på at det er samsvar mellom måla om høg avkastning og eit mål om å investere i klimavennleg omstilling. Fornybar energi, grøne bygg og byutvikling, transportomstilling og berekraftig forvaltning av skog og hav skyt fart over store delar av verda. Enorme investeringar vil være ein sentral faktor for dei naudsynte omleggingane vi står framfor. Nokre av dei investeringane vil ha høgare risiko enn det vi i dag aksepterer, andre vil ikkje ha det. Det er uansett mogeleg å sette opp porteføljer for delar av fondet, og det er mogeleg å velje grader av risiko.

Like fullt – den største risikoen er at vi går mot massiv global oppvarming, utan å gjere noko som monnar for å hindre det. Difor, kanskje oljefondet – i tillegg til å sikre oss varig avkastning for å finansiere norske pensjonar – kan bli klimafondet?

Mer fra: Debatt