Debatt

Også næringslivet må vurderast på resultat

Tore Myhre frå NHO har rett når han seier at norske selskap i stor grad tar samfunnsansvar, men det ville sanneleg vere underleg om vi ikkje skulle stille krav til norske selskap fordi dei i stor grad oppfører seg pent.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Myhre svarar i Dagsavisen 21. marsmitt tidlegare innlegg om bistand og norsk næringsliv. Han tolkar innlegget som ein illustrasjon på at det ennå er stor motstand i UD og Norad mot at norsk næringsliv skal engasjere seg i bistand. Det er feil. Men også NHO må finne seg i at det blir stilt kritiske spørsmål om bedriftenes engasjement i utviklingssamarbeidet utan å gå  rett i forsvarsposisjon. Vidare må NHO finne seg i at norsk næringslivs bistandsengasjement blir evaluert og at resultata diskutert, på lik linje med andre aktørar på området.

I mitt innlegg la eg fram resultat frå evaluering av norske bedrifters engasjement. Dei viste at resultata var svært blanda, og eg meiner at ein då må kunne setje spørsmålsteikn ved nytten, slik ein ville gjere for annan bistand.

For det andre viste eg til den tilsynelatande manglande interessa frå næringslivet til den dugnaden for yrkesopplæring som NHO skulle vere med på. Ein må kunne spørje om kor interesserte bedriftene er, når det er sett av ein halv milliard kroner til dette føremålet framover. Det er ikkje småpengar.

For det tredje forklarte eg kvifor det er nødvendig for Utanriksdepartementet å ha klare krav til og reglar for også norske bistandsfinansierte investeringar. Eg viste då til at mange utviklingsland blir utsette for selskap som er ute etter rask profitt, og som etterlet seg forureina natur, utarma jord og oppsagde arbeidarar. Det er ikkje uttrykk for ein type haldning, det er fakta.

Myhre har rett når han seier at norske selskap i stor grad tar samfunnsansvar, men det ville sanneleg vere underleg om vi ikkje skulle stille krav til norske selskap fordi dei i stor grad oppfører seg pent. Ein kan ikkje senke krava til norske bedrifter fordi dei er i verdstoppen for samfunnsansvar.

Det er mi grunnleggjande tru at alle gode norske krefter bør med for å bidra til utvikling og til å nå berekraftsmåla for 2030. Det gjeld også næringslivet. Eg er for eksempel imponert over det innsatsen som blir gjort av NABA (Norwegian-African Business Association). Eg er einig med Myhre at det er viktig å bruke den kompetansen som finst i UD, Norad og på ambassadane om forholda i landa der det er aktuelt med investeringar. All evaluering viser at kunnskap om sosiale, økonomiske og politiske forhold i dei landa der ein investerer i, er viktig for å kunne lykkast. Men det er også viktig å bruke dei erfaringane ein finn i tidlegare evalueringar, ikkje minst for å lære av det som gjekk feil.

Det er bra dersom norske bedrifter nå engasjerer seg meir med nye ordningar, som eg også skreiv i mitt innlegg. Så må bistanden gjennom bedriftene følgjast opp og evaluerast på resultata, på same måten som all annan bistand blir det.

Mer fra: Debatt