Det går inflasjon i prisane, skriver Prosa-redaktøren. Bilde fra fjorårets Brageprisutdeling. Fra venstre: Anja Røyne, Helene Uri, Anna Fiske, Tore Kvæven og kulturminister Trine Skei Grande. FOTO: INGVILD KOGSTAD BRODAL/FORLEGGERFORENINGEN/NTB SCANPIX

Vis bildetekst
Foto:

Og vinnaren er...

Å drysse konfetti over seg sjølv er neppe det som skal til for å snu trenden når boksalet går ned.

2019 er eit år for feiring i norsk litteraturbransje, med både gjestestatus ved bokmessa i Frankfurt og 500-årsjubileum for den trykte norske boka. Og som i alle andre år vil diverse kåringar ta opp både tid, pengar og merksemd. Men å drysse konfetti over seg sjølv er neppe det som skal til for å snu trenden når boksalet går ned og konkurransen frå elektroniske medium gjer det vanskeleg å rekruttere nye lesarar.

Sjølvsagt finst det meir profesjonsspesifikke grunnar til å lage festivitas. Då NFFO nyleg oppretta Rosettaprisen for beste omsetjing av sakprosa, var det med håp om at omsetjarane skal bli meir synlege og høgare verdsette. Slike kåringar kan også bety mykje for økonomien og den vidare karrieren til den einskilde. Inntektsgrunnlaget er magert for fleirtalet av sakprosaarbeidarane, og dei to valutaene vi har for verdsetjing, pengar og ære, følgjest gjerne tett åt. Det er difor rimeleg at omsetjarar av sakprosa ønskjer ein eigen bransjepris, og Rosettaprisen kan bli ei god erstatning for Bokhandelens sakprosapris for omsetjing, som berre gjekk til omsetjarar i etableringsfasen.

Likevel er det grunn til å reflektere rundt kor treffsikre kåringar er som kulturpolitisk verkemiddel. For skjønnlitteratur finst det no så mange prisar at fleire meiner det har gått inflasjon i dei. Pressa skriv helst om vinnarar, men det har blitt mange å dele merksemda på. Bokhandlarar melder at prisnominasjonar betyr mindre for salet enn før, det avgjerande er kva for titlar kjedene sjølve satsar på.

Så var det dei mindre handgripelege sosiale effektane. Det er grundig etablert at økonomisk ulikskap tærer på tilliten i samfunnet og skaper skam hos dei som har minst, noko som igjen gir grobotn for alle slags sosiale problem. Det er ingen grunn til å tru at ulik fordeling av kulturell kapital fungerer annleis. Eg opplever sakprosamiljøet som ope, inkluderande og usnobbete, noko det er naturleg å sjå i samanheng med at NFFO ikkje stiller kvalitetskrav ved medlemsopptak, og at det finst relativt få prisar for sakprosa.

Fleire prisar vil styrke konkurranseaspektet og skape tydelegare hierarki basert på litterær verdi. Og matteuseffekten gjeld stadig: Å vinne éin pris aukar sjansen for å vinne fleire. Den som har høg status, tener meir pengar – og omvendt. Det er ikkje akkurat ei oppskrift for kollegial solidaritet. I den samanhengen bør det nemnast at kåringar ikkje tar omsyn til at bøker som utmerker seg, ofte har fått omfattande redigeringshjelp frå redaktør og manusvaskar. Spesielt sistnemnde ser lite av både pengane og æra.

Biletet kåringane skaper, er også redigert. Di tettare ein er på vurderingsarbeid, di tydelegare blir det at oppfatningane av kva som er kvalitet, både spriker og endrar seg med tida. Rangering på grunnlag av kvalitet tilslører kor vanskeleg det er å samanlikne svært ulike arbeid, kor mange verdiladde val faglege vurderingar inneheld, og kva for maktstrukturar som formar den rådande smaken. Tilbake står historia om «dei beste». Utvidar ein perspektivet, blir spørsmålet korleis slike feiringar av kvalitet målt i intellektuelt nivå og god smak blir oppfatta i resten av samfunnet.

Litteratur er i utgangspunktet høgstatusverksemd som både krev og gir solid kulturell kapital. For den som har låg sjølvtillit i møte med litterær kultur, fungerer det ikkje nødvendigvis som reklame stadig å bli mint om kor høgverdige dei på toppen av pyramiden er. Berre tenk på dei negative assosiasjonane omgrepet «kulturelite» vekkjer – ingen vil ha det stempelet på seg!

Tør ein minne om at Aristoteles rekna begjær etter status og rikdom til dei låge driftene? Å dyrke dygdene visdom, mot, måtehald og rettferd krev derimot at ein rettar merksemda mot kva som gagnar samfunnet ein er del av. I ei tid der konkurransen hardnar til på stadig fleire livsområde, nyt bokbransjen framleis godt av ei massiv satsing frå fellesskapen i form av momsfritak, innkjøpsordning og vederlagsordningar. Difor er det breidda, mangfaldet og fellesskapen vi bør feire ved bokjubileet og skryte av i Frankfurt.

Denne teksten er lederartikkel i nyeste nummer av Prosa 2/2019


nyemeninger meninger

Blir du med i debatten ?

Vi ønsker at Nye Meninger skal være en plattform for opplyst og engasjert debatt. Vær saklig og unngå personangrep. Overtramp vil føre til sletting og kan føre til utestenging. Les mer om retningslinjene våre her!