Debatt

Nye grep i utviklingspolitikken

Eit SV-utval foreslår fem nye grep for at Norge kan gjere sin del for å utrydde fattigdom og svolt.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

FNs berekraftsmål, som vi skal oppnå innan 2030, er ikkje småtteri. Vi har forplikta oss til å utrydde alle former for fattigdom og svolt i verda.

Vi startar ikkje på bar bakke; tusenårsmåla nådde store resultat innanfor helse og utdanning. Men å utrydde fattigdom er eit heilt anna spel, som krev meir ressursar og nye grep. Kraftig vekst har gjort mange fattige land til mellominntektsland. Men talet på fattige i desse landa går knapt ned. Forskjellane aukar.

40–50 av dei fattigaste landa og sårbare statar kan ikkje nå 2030-måla utan omfattande bistand. Men det same gjeld mange nye mellominntektsland. Dersom Ghana, Senegal og Zambia skal skaffe skatteinntekter nok til å bringe alle ut av fattigdom, måtte marginalskatten vere på 100 prosent eller høgare, skriv økonomane Salvado og Waltz.

I SV har eit utval lagt fram eit utkast til ny utviklingspolitikk til debatt. Blant mange forslag tar vi til orde for fem nye grep for at Norge best muleg skal kunne vere med og utrydde fattigdom og svolt. Desse grepa vil også bidra til å minske dei aukande forskjellane i verda.

1. Garantert minsteinntekt for alle

Trass i kraftig økonomisk vekst i Afrika, har talet på fattige ikkje gått ned dei siste 25 åra. I 2030 vil 90 prosent av alle barn som veks opp i fattigdom bu i Afrika, om dagens trend held fram. Vi må difor utvide dei såkalla globale offentlege goda. Professor Peter Townsend har argumentert for ei universell barnetrygd i alle land. Økonomiprofessor Kalle Moene har foreslått ei grunnlønn for alle borgarar rekna ut frå ein viss prosentdel av kvart lands nasjonalinntekt. I år har den svenske kyrkja teke til orde for å bruke erfaringane frå Sverige med universelle velferdsordningar for å redusere forskjellar i utviklingland.

Det er gode faglege argument for slike ordningar. Kontantoverføringar har vist seg å vere effektiv bistand. Lik stønad til alle betyr mindre administrasjon, og digital teknologi gjer distribusjonen enklare. Dersom ein kan få semje om eit slikt internasjonalt tiltak, vil ein kunne gjennomføre det med ein kombinasjon av internasjonale og nasjonale tiltak, etter mønster av den globale helseinnsatsen.

2. Ei lønn å leve av

Mange trur at alle som har jobb i fattige land er privilegerte. Det er feil. I dei fleste jobbane er lønna så låg – nokre få hundre kroner i månaden – at ein ikkje kan leve av henne, langt mindre fø ein familie. Lønnsarbeid blir berre ein del av ein breiare strategi for familien for å overleve. Det skaffar litt inntekter. Den som sel grønsaker eller kinesiske varer langs gatene, kan skaffe litt. Mat kan komme frå eigen jordflekk. Men sjølv summen av slike små inntekter i storfamilien bring dei ikkje ut av fattigdom.

Ei lønn til å leve av er nødvendig. Vi har erfaring gjennom den nordiske modellen. Vi har reiskapen i dei internasjonale konvensjonane under ILO. Vi har avtaleverk om arbeidsrettar som bør leggjast til grunn for alle investeringar i utviklingsland. Arbeidstakarrettar er eit svært forsømt område under den sitjande regjeringa. ILO har små midlar. Ei ny norsk regjering må ta eit politisk initiativ overfor ILO og andre for å skape ei rørsle for betre lønns- og arbeidsforhold i utviklingsland. LO og NHO må vere med.

3. Stans skatteflukt, sørg for etiske investeringar

Kvart år taper Afrika meir på ulovleg kapitalflukt og skattesnyteri enn verdsdelen får i bistand. For å skaffe midlar til å nå 2030-måla er det nødvendig å redusere kraftig denne omvende bistanden til dei rike, og auke ansvarlege investeringar. KrFs utviklingsmelding har ein god analyse av desse problema, og partiet går langt ved blant anna å krevje eit ope eigarskapsregister for alle norske selskap og at Norge skal arbeide for å få til eit globalt finansregister. SV-utvalet meiner at målet må vere å få vedtatt ein internasjonal konvensjon for openheit og eit globalt forbod mot skatteparadis. Oljefondet og Norfund skal ikkje bruke skatteparadis. Oljefondet må setje av midlar til å investere på ein etisk ansvarleg måte i utviklingsland for å skape vekst og arbeidsplassar.

4. Kommunikasjon avgjer framtida

Afrikas kraftige vekst dei siste tiåra byggjer på eksport av olje, gass, mineralar, og til ein viss grad matvarer. Det har vist seg å vere ein risikabel strategi. Samtidig ser automatisering og eit aukande digitalt gap ut til å stengje for at afrikanske land kan gå den asiatiske vegen, å utnytte ledig arbeidskraft til industriproduksjon for å eksportere til rikare verdsdelar. Afrikanske land må difor i større grad handle seg i mellom.

Det er mykje Afrika må gjere: styrke folkestyret, satse på utdanning for aukande ungdomskull, auke produktiviteten i landbruket og redusere verknadene av klimaendringane. Men for å få til vekst er det nødvendig å byggje ut vegar, jernbane, hamnar, energiforsyning, og ikkje minst digitale nett. Kinas engasjement for infrastruktur er positivt, men usikkert framover. Norge bør arbeide internasjonalt for å auke privat og offentleg investering i infrastruktur i Afrika.

5. Forvaltninga må fornyast

Norsk bistand fungerer og gir resultat. Men den er for dyr, og for lite av pengane når fram til dei som treng han. Overordna planlegging og tungrodd kontroll tek for mykje ressursar. Blikket nedanfrå blir borte.

Den mislykka styringsfilosofien New Public Management har fått for stor plass. Resultatplanlegginga er blitt ei tvangstrøye for mange, medan kontrollen med dei store pengane lir. Avsløringa av pengebruken i ILPI er eit ekstremt utslag av dette. Vi snur på skillingen, men lar dalaren gå.

Anbud og konkurranseutsetjing bryt med lærdommen dei fleste nå innser, at bistand berre gir resultat på langt sikt. Konkurransen neglisjerer lett lokal kompetanse fordi lokalt næringsliv og organisasjonar er for svake og manglar kompetanse. Slik skjer det heller inga kapasitetsbygging. Prosessane er ofte dyre, og for mykje pengar endar opp i rike land.

Vi må finne måtar å samarbeide med styresmakter og organisasjonar på som er enkle og realistiske sett i lys av den ofte uoversiktlege og kaotiske situasjonen i fattige og sårbare statar. Her kan norske institusjonar og organisasjonar spele ei mykje sterkare rolle enn dei gjer i dag, både for å betre offentlege tenester og å styrke det sivile samfunnet i land i Sør.

Mer fra: Debatt