ANNONSE

28-04-2014

Norsk deltaking i TiSA-forhandlingane er ei stygg historie.

Regjeringa informerer om TTIP, men teier om TiSA-avtalen som Norge faktisk er med i forhandlingar om...

No i april kom regjeringa med ein rapport om korleis TTIP-forhandlingane om ein frihandelsavtale mellom EU og USA kan påvirke Norge. TTIP-avtalen kan avgjort verte konsekvenstung også for Norge, så denne rapporten var heilt på sin plass sjølv om Norge ikkje er med i forhandlingane.

Det som derimot blir meir og meir påfallande og underleg, er at regjeringa IKKJE finn det formålstenleg å informere skikkeleg hverken Stortinget eller opinionen elles, om det faktum at Norge er direkte med i forhandlingarar om TiSA. TiSA, Trade in Services Agreement, er ein vidtrekkande frihandeslavtale for tenester, som i vel eit år no, har vore under forhandling, på ganske så anonymt vis, mellom eit femtitals land. Dei mest frihandelskåte landa USA har funne å alliere seg med...

Desse forhandlingane, utanfor WTO-systemet, har kome i gong parallelt med TTIP-forhandlingane etter initiativ av den USA-dominerte frihandeslobbyen, etter at desse interessene ikkje lenger heilt får viljen sin raskt nok innanfor WTO.

Det er heilt fantastisk at regjeringa prøver å gi inntrykk av at desse TiSA-forhandlingane er heilt i tråd med tradisjonell norsk WTO-politikk, og på den måten har oppnådd at ingen i stortingsmiljøet har reagert. Utanriksministeren gjentok nyleg at det internasjonale handelsregimet i WTO-regi er “fundamentet for regjeringens handelspolitikk”, vel vitande om at Norge no altså er inne i TiSA-forhandlingar som foregår utanfor WTO-systemet. Forhandlingar som er sterkt kritiserte nettopp for å undergrave WTO sin posisjon.

Det er rett og slett vanskeleg å forstå korleis Norge kan gå inn i slike forhandlingar uten ein grundig politisk diskusjon. Er det embetsmannsveldet i UD som har fått lov til å framstille dette som udiskutabel norsk politikk?

Eg har tidlegare påstått at Stortinget har blitt feilinformert av Regjeringa om kor viktig TiSA-avtalen faktisk er, og eg gjentek det gjerne: http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/cat1003/subcat1010/thread297043/

Regjeringa finn det altså på sin plass å informere om TTIP-forhandlingane, som Norge faktisk ikkje tek del i, men passar seg vel for å avsløre kor konsekvenstung TiSA-avtalen kan bli. Og dette trass i at det er TiSA vi er med i forhandlingar om, ein avtale som vil dekke ein marknad meir enn dobbelt så stor som EØS! Til liks med TTIP er TiSA på mange måtar ein stygg avtale: Den blir skulda for å vere udemokratisk, og irreversibelt frihandelsorientert. At ein så politisk kontroversiell avtale ikkje skal debatterast offentleg og grundig, er berre heilt hårreisande.

Idag 28. april, publiserer Public Services International ein spesiell rapport om TiSA, som det er vel verd å lese: http://www.world-psi.org/en/psi-special-report-tisa-versus-public-services .

I ein kronikk i Klassekampen no laurdag, hadde Dag Seierstad ein informativ gjennomgang av kva TiSA inneheld av politisk sprengstoff, med headinga "Når handelsdiplomatar begrenser demokratisk styring av helse- og utdanningspolitikken."

At denne saka må opp på det "politiske bordet" kan det ikkje vere tvil om!


Internasjonalen Arne Strand Radikale Røster Redaksjonens utvalgte innlegg Perspektiv Publisert på Dagsavisens debattsider samme dag. Blåmandag Grønn hverdag Publisert i Dagsavisens papirutgave samme dag. Ille til mote Anders Heger Diskuter nå Hege Ulstein Espen S. H. Rusdal Ivar A. Iversen Utvalgte innlegg Reidar Sollie Halvor Finess Tretvoll Henvisning 1 Henvisning 2 Cancun Til Dagsavisen.no Refleks Selvbilder Global Voldtekt Dagens leder

Blir du med i debatten ?

Vi ønsker at Nye Meninger skal være en plattform for opplyst og engasjert debatt. Vær saklig og unngå personangrep. Overtramp vil føre til sletting og kan føre til utestenging. Les mer om retningslinjene våre her!