ANNONSE

04-04-2014

Norge motarbeider ulanda i WTO

Norge er med i ei utbrytargruppe frå WTO som forhandlar om ein eigen frihandelsavtale for tenester, TISA, som skal dekke eit område meir enn dobbelt så stort som EØS. Desse forhandlingane blir frå uland si side sett på som ein trussel.

“WTO-forhandlingane står i stampe”, har vi ofte fått høyre dei siste åra. Og det blir ofte sagt at det er ulanda sin vrangvilje som er skuld i dette.

Realiteten er stikk motsatt. Det er sterkt urimelege krav frå “vestlege land” om ytterlegare liberalisering av verdshandelen, til skade for ulanda, som har skapt denne “vranglåsen”. (“Corporate interests have steadily lobbied negotiators to oppose changes to existing rules that would make the WTO more “developmentfriendly”). Den mektige lobbyen frå globale storkonsern har så langt effektivt hindra endringar av WTO-reglane i meir utviklingsvennleg retning..

Når så desse frihandelshissige interessene ikkje får det raskt nok som dei vil innanfor WTO, då samlar dei sine mest samarbeidsvillige tropper og startar forhandlingar om frihandelsavtalar utanfor WTO. TISA, Trade in Services Agreement, er ein slik avtale som det no har vore forhandla om i over eitt år, og som vil føre til konkurranseutsetting av store deler av norsk tenestesektor, frå eit langt større område enn EØS. Totalt er eit femtitals land som EU-landa, USA, Australia, Canada, Chile, og altså Norge, med i denne ”most willing” frihandelsivrige gruppa.
Desse forhandlingane, på same måten som forhandlingane mellom EU og USA om TTIP, Transatlantic Trade and Investment Partnership, blir av uland sett på som ein trussel mot arbeidet med å få til eit meir balansert handelsregelverk innanfor WTO.

Det bør vere oppsiktsvekkande at Norge er med i desse forhandlingane, med tanke på at vi gjerne framstiller oss som eit land som står på ulanda si side i slike spørsmål. Ekstra oppsiktsvekkande er det på bakgrunn av at dei to ministrane Børge Brende og Vidar Helgesen, nyleg i ein artikkel i Bergens Tidende gjentok at “For Norge forblir det multilaterale handelssystemet gjennom WTO hjørnesteinen i norsk handelspolitikk. Det er spesielt viktig for små og mellomstore handelsnasjoner at WTO styrker sin rolle som hovedarena for utvikling av felles kjøreregler for internasjonal handel, både for varer og tjenester”. Og likevel er altså Norge gjennom TISA-forhandlingane med på å sabotere arbeidet med å få til eit meir balansert avtaleverk på dette området innanfor WTO.

Med tanke på dei utspela som har kome den siste tida om å få meir av investeringane til Oljefondet over mot ulanda, då blir det ekstra viktig at slike investeringar ikkje skjer under eit handelsregime som favoriserer dei ”aktørane i markedet” som hittil har vist seg allfor dyktige i å plyndre uland for naturressursar og utbytte slavelønnsarbeidarar i desse landa til fordel for globale investorinteresser... På denne bakgrunn er både TISA-forhandlingane, der Norge deltek, og TTIP-forhandlingane mellom EU og USA, sterkt urovekkande. Det er berre å håpe at den sterkt udemokratiske innretninga på desse avtalane blir synleggjort tidsnok og tydeleg nok til at avtalane blir stansa, eller i det minste gjort mindre skadelege for arbeidstakarar og miljø...


Internasjonalen Arne Strand Radikale Røster Redaksjonens utvalgte innlegg Perspektiv Publisert på Dagsavisens debattsider samme dag. Blåmandag Grønn hverdag Publisert i Dagsavisens papirutgave samme dag. Ille til mote Anders Heger Diskuter nå Hege Ulstein Espen S. H. Rusdal Ivar A. Iversen Utvalgte innlegg Reidar Sollie Halvor Finess Tretvoll Henvisning 1 Henvisning 2 Cancun Til Dagsavisen.no Refleks Selvbilder Global Voldtekt Dagens leder

Blir du med i debatten ?

Vi ønsker at Nye Meninger skal være en plattform for opplyst og engasjert debatt. Vær saklig og unngå personangrep. Overtramp vil føre til sletting og kan føre til utestenging. Les mer om retningslinjene våre her!