Debatt

Norden og EU

Styreledar i Foreningen Norden, Rune Mørck Wergeland, etterlyste i Dagsavisen 28. februar meir handling og mindre prat om nordisk samarbeid. Det er all grunn til å støtte han i dette.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Samtidig er det grunn til å forstå at dei tre største nordiske landa må prioritere samarbeidet dei har som medlemsland i EU. Det er i EU-organ det viktigaste internasjonale samarbeidet for Europa og dermed Norden blir utforma. Som kjent søkjer Norge å vere med på det aller meste av aktivitetane til EU, utan å kunne ta del i utforminga av tiltak eller vedtak.

Etter Norge i 1994 sa nei til EU-medlemskap, trøsta mange seg med at nordiske medlemsland ville ta vare på norske interesser. Naivt tenkt og heilt urealistisk. Sjølsagt har nordiske land mange felles interesser som dei tre EU-landa vil støtte. Men frå mi tid i norsk EU-delegasjon (Brussel) i 1990-åra opplevde vi at ei vital sak for Norge ikkje fekk støtte frå alle nordiske EU-land.

I forsvaret av EU-verdiar som demokrati, rettstryggleik, menneskerettar, sosiale rettar og likestilling/ikkje-diskriminering er nordiske medlemsland i fremste rekkje. EU er i dag det sterkaste internasjonale bolverk for desse verdiane. Samtidig ser vi at mange land utanfor EU ikkje lever opp til slike verdiar. Somme medlemsland er heller ikkje lenger trufaste mot prinsippa dei har forplikta seg til. Det ville vore ein fordel både for oss og verdsborgarar flest at alle fem nordiske land stod formelt samla i forsvaret av dei liberale verdiane som EU-samarbeidet byggjer på.

Mer fra: Debatt