Kultur

NHO og “investeringsbeskyttelsesavtalen” TISA.

Rammevilkåra for fleirtalet av dei 23000 medlemsbedriftene i NHO vil blir sterkt forverra gjennom avtalar av typen TISA, som NHO er sterk tilhengar av.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

"Investeringsbeskyttelsesavtale" er truleg det mest uleselege tittelordet som du har sett? Dette usannsynlege ordet er å finne i eit ferskt handelspolitisk dokument frå NHO, den største interesseorganisasjonen for norske bedrifter. Dei avtalane det her blir sikta til, er frihandelsavtalar som dei siste åra er inngått mellom enkelte land, men først og fremst eit par skremande avtalar som det har blitt forhandla om det siste året: TTIP mellom EU og USA, og TISA, ein frihandelsavtale for tenester som femti land, mellom dei Norge, forhandlar om parallelt, og på det næraste " i all stillheit". Når NHO brukar uttrykket "investeringsbeskyttelse", så er det nøyaktig, og utelukkande det initiativtakarane til desse avtalane er ute etter. Beskyttelse av storinvestorane sine interesser på alle vis. Alle andre omsyn er dundrande underordna i det som tydeleg er motivet for desse avtalane.

Det aktuelle dokumentet frå NHO viser at organisasjonen er heilt på linje med inititativtakarane til desse avtalane. Og dette trass i at rammevilkåra for fleirtalet av dei 23000 medlemsbedriftene i NHO vil blir sterkt forverra gjennom desse avtalane. Statistisk Sentralbyrå viste i ein rapport for 2012, at så mange som over 80% av dei sysselsette i Norge ikkje jobba i konkuranseutsette næringar. Det må vere liten tvil om at dette altså gjeld fleirtalet av NHO sine medlemsbedrifter... Like fullt skriv NHO i sitt dokument at "Det er viktig å sikre åpne grenser og arbeide for fortsatt nedbygging av barrierer som næringslivet møter på de globale markeder". Realiteten er at desse sokalla barrierene ofte er heilt på sin plass, og er med på å skjerme næringar i Norge og i andre land, som har legitime defensive interesser. Desse "barrierene" er med og gir desse næringane stabile rammevilkår, og sikrar trygge arbeidsplassar. Dei reguleringane som investorinteressene vil ha bort, viser seg faktisk også å vere miljøstandarder, anstendige arbeidsvilkår, og liknande sokalla "handelsirritasjonar". Dette gir altså NHO blaffen i, og skriv at "Norge må fronte arbeidet med å sikre fortsatt liberalisering av verdenshandelen"..

I dokumentet frå NHO er det nemnt at "EU og USA startet sommeren 2013 forhandlinger om en omfattende handels- og investeringsavtale." NHO er altså orientert om TTIP som denne avtalen blir kalla. Det at NHO i den samanheng ikkje også uttrykkelg nemner TISA-avtalen, som Norge faktisk er direkte inne i forhandlingar om, er litt "spesielt". Det forsterkar inntrykket som er gitt av at TISA-avtalen er noko det skal snakkast minst mogleg om... Regjeringa har for eks så langt "underkommunisert" og bagatellisert norsk deltaking i TISA-forhandlingane på det grovaste. Dei problematiske sidene ved TISA (standstill- og ratchet clause og den udemokratiske investor-stat tvisteløysingsordinga ISDS) har informasjonen frå Regjeringa ikkje vist det minste spor av...

NHO fremmer altså interessene til eit mindretal av sine medlemsbedrifter, gjennom sin energiske argumentasjon for meir internasjonal liberalisering. “Investorbeskyttelsesavtalane” som NHO snakkar så varmt for, viser svært så tydeleg kva for ein del av næringslivet den organisasjonen arbeider for. Det kan vere liten tvil om at det er mange bedriftseigarer med “små og mellomstore bedrifter” som burde vurdere grunnlaget for sitt medlemsskap i NHO...

Dei som ikkje har fulgt med på “TISA-debatten”, kan elles ha nytte av å sjå innom denne linken: http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/cat1003/subcat1010/thread297043/

Mer fra: Kultur