Nyheter

Nettselskapa står føre ein revolusjon

Energisystemet er i stor endring og vert utfordra frå mange kantar. Elektrifisering og digitalisering er berre to av stikkorda. Dersom ikkje nettselskapa tek dei nye utfordringane inn over seg og endrar seg samstundes som dei held kostnadene nede, så vil dei fort bli utkonkurerte av ny teknologi. Dermed vil også tusenvis av distriktsarbeidsplassar stå i fare.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Går me 20 år tilbake i tid, så hadde fasttelefonen ein sentral rolle i kvar einaste norske heim. I dag er det knapt nokon som veit kva ein fasttelefon er. No er nesten alle som ein heilt avhengige av smarttelefonen – døgnet rundt. Korleis og kva me brukar han til varierer, men i prinsippet kan teknologien i smarttelefonen nesten brukast til kva som helst.

Dei som jobba i telebransjen for 20 år sidan har fått ein heilt annan kvardag. Kopartråden er skifta ut med fiber og manuelle operasjonar er digitaliserte. Telemontørane har framleis ein viktig plass, men dei jobbar på nye måtar. Dei får nye oppgåver, og it- og utviklarkompetanse spelar ei stadig viktigare rolle.

Noko tilsvarande vil skje med straumnettet og nettselskapa framover. Fossil energi skal fasast ut. Sol og vind blir ein del av energimiksen. Straumnettet er gamalt og må fornyast. Me får batteri som ein konkurrent til nettet og data og algoritmar vil få en sentral plass i styringa av nettet. Og ikkje minst vil kundane få ein heilt annan plass. Det er dei som vil bestemme utviklinga framover – ikkje nettselskapa.

Det er mykje god kompetanse i nettselskapa våre. Skal selskapa kunne møta den teknologiske utviklinga på ein berekraftig måte, må ny kompetanse tilførast. Utan at kostnadene eksploderer og blir velta over på kundane. Eit framtidig nettselskap må ha fleire tilsette med it-kompetanse enn det me ser i dag.

Nettselskapa må ha kompetanse som kan handtere og utnytte data, algoritmar og blokkjede-teknolog. Dei må ha  kompetanse som kan bidra til digitalisering og den naudsynte elektrifiseringa av landet vårt. Kompetanse som kan utvikla eit samspel mellom batteriet på elbilen din og nettet som gjer at du kan lada og få levert energi når prisane er lågast. Kompetanse som gjer at smartnett blir ein like naturleg del av daglegtalen som smarttelefon.

For eit lite nettselskap vil denne oppgåva bli umogleg etter mi meining. Om oppgåva i heile teke skulle vore mogleg, så ville rekninga for kundane vorte så høg at ingen ville akseptert det.

Straumnettet i Noreg er gamalt, og må dei neste tiåra rustast opp for 140 milliardar kroner. Dette er ei rekning kundane må ta om ein ikkje klarer å effektivisera drifta i selskapa. Difor meiner eg at fusjonar og større einingar er den einaste vegen å gå. Først då har ein høve til å ta ut stordriftsfordelar som kan koma kundane til gode.

Ein rapport som NVE har kome ut med no i år (Utarbeida av Thema Consulting Group) syner at fusjonar og ny teknologi kan spara straumkundane for mellom 0,6 milliardar til 2,7 milliardar kroner i året. Sjølv i oljelandet Norge er dette ufatteleg store summar. Halvparten av dette er effektar av digitalisering som også kan skje i mindre selskap, men det er etter mitt syn innlysande at slike vinstar blir tatt best ut i større selskap.

Kundane i dei minste selskapa har mest å henta, syner den same rapporten. I rapporten sin analyse har ein sett på vinstar ved fusjonar eller oppkjøp av nettverksemder dei siste åra. Der konkluderer ein med innsparingar på minst 30-40 prosent ved samanslåingar. Innsparingar som kjem kundane til gode i form av lågare nettleige.

Småkraftverka våre ligg ofte i område med lite forbruk. Det hadde vore til stor nytte om ein hadde hatt ei kraftkrevjande næring nært eit småkraftverk for å unngå store tap i nettet. For å leggja til rette for slik næring er det avgjerande at me har den beste nettleiga. Vi treng sårt næringsutvikling og fleire arbeidsplassar i desse områda. Mange av desse «småkraftområda» er trua av fråflytting.

Eg meiner ut frå dette at det er fornuftig å slå saman nettselskap, fordi det er til det beste for nettselskapa, næringsutvikling, privatkundar og framtida.

Lars Emil Berge

Styreleiar i småkraftforeninga

Mer fra: Nyheter