Debatt

Når Vesten går på gummisålar

I Kina sprenger de kirker, i Pakistan er islamske ekstremister på frammarsj.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Først godt nytt: EU krev at dødsdømt kristen kvinne skal setjast fri for at Pakistan skal få den handelsavtalen landet vil ha. Så dårleg nytt: Når Kinas sterke mann Xi Jinping sprengjer kyrkjebygg med dynamitt, held Europa munn.

Kinas president kan bli sitjande på ubestemt tid etter Folkekongressen. «Kina er ikke bare et diktatur, men et totalitært diktatur», seier professor Stein Ringen til Aftenposten. Kina er eit godt døme på «demokraturets tid», seier den franske forfattaren Nicolas Baverez til Morgenbladet. «For oss er det et stort tankekors at det i Kinas fremgang ikke er plass til politisk frihet», seier han.

Lagt i grus

Eit stort spørsmål er også kva plass det er til religiøs fridom. Til dømes har regimet i vinter gjort det verre for truande som ikkje innordnar seg statskontrollerte trussamfunn. Ei ny og strengare religionslov tok til å gjelda 1. februar. I opptakten jamna kinesisk politi kyrkjene til to kyrkjelydar som ikkje var registrerte og statskontrollerte. Det var grufullt å sjå eit videoopptak av korleis politiet med dynamitt og tunge maskiner la den store kyrkja Golden Lampstand (Den gylne lysestake) i Linfen i Shanxi-provinsen i grus midt i januar.

I februar har leiarar for uregistrerte kristne grupper i Kina blitt utsette for opptil 20 timar lange avhøyr, og mange har fått påbod om å bytta ut kross-symbolet med det kinesiske flagget, melder organisasjonen China Aid.

Kina opna på 90-talet for massespreiing av biblar frå eit stort trykkeri i Nanjing. Det var storarta. Landet har sidan 50-talet hatt ei godkjent kyrkje, Tre-sjølv-kyrkja, med unntak av forbodet også mot denne kyrkja under kulturrevolusjonen. Dette skal vera ei patriotisk kyrkje utan band til verda utanfor. Men den store veksten i talet på kristne har ikkje kome i denne kyrkja, den har kome i uregistrerte kyrkjer. Når uregistrerte trussamfunn får kyrkjebygg jamna med jorda med dynamitt og gravemaskiner, må nokon av oss høglydt protestera.

Tilstramming

Dei nye reguleringane frå 1. februar skal «slå ned på det ulovlege, blokkere for ekstremisme, hindra infiltrering og angripa kriminalitet», heiter det. Golden Lampstand blei ifølgje statlege media sprengt fordi ho mangla løyve. For eit autoritært regime var dynamitt svaret. Elles ser vi altså også i Kina korleis kampen mot ekstremismen legitimerer angrep på religionsfridommen til mange som ikkje er ekstremistar. Totalitære krefter vil ha ein kontrollerbar religion som byggjer statsprosjektet.

Gjekk utanom

Nett den dagen den nye religionslova blei sett ut i livet, gjesta den britiske statsministeren Theresa May Kina. Men ho var oppteken av handel, og ikkje av menneskerettar. Kina rosa, ifølgje statskontrollerte kinesiske media, ei «pragmatisk» May. Mektige Kina får vestlege land til å dempa kritikken eller rett og slett gå utanom for å skaffa seg handelsavtalar.

Forsterkar presset

No finst det gledelege døme på at EU skjerpar tonen mot grove brot på menneskerettar. I over sju år har den kristne fembarnsmora Asia Bibi vore sperra inne i pakistansk fengsel med ein dødsdom over seg, dømt for blasfemi. No krev EU at ho blir sett fri som vilkår for å at Pakistan skal halda fram med gode handelsvilkår i EU.

Saka vart løfta av EUs spesialutsending for trusfridom, Jan Figel, under eit nyleg besøk i Pakistan. I ei pressemelding frå EU 1. februar heiter det at dersom Pakistan skal få fornya den privilegerte statusen som handelspartnar, må Asia Bibi setjast fri.

«EU-landa er i ferd med å tru at Pakistans høgsterett medvete utset høyringa i saka til Asia Bibi for å blidgjera visse politiske og fundamentalistiske krefter i Pakistan,» heitte det. Dette er ord i rette tid.

Dødsdømt

Ein glovarm junidag i 2009 hadde Asia Bibi stått tidleg opp for å plukka bær. Ho var den einaste kristne blant kvinnene på jordbæråkeren. Då ho gjekk til brønnen for å drikka, vart ho skulda for å ha skitna til vatnet og gjort det ureint – og forbode – for muslimar. Asia Bibi forsvarte seg – for ein gongs skuld. I krangelen vart ho skulda for å ha fornærma islam og profeten Muhammed, ho vart hetsa og jaga.

Fem dagar seinare våga ho seg tilbake for å plukka bær. Då oppdaga ho at mobben kom. Asia Bibi overlevde angrepet, men denne dagen – 14. juni 2009 – vart ho kasta i fengsel. 8. november året etter vart ho dømt til døden ved henging etter paragraf 295 i straffelova. Asia Bibi har anka fleire gonger. Men høgsterett har utsett og utsett saka.

Drap

Blasfemiparagrafane i Pakistan er vage og vide og vart seinast kritisert av Amnesty i årsrapporten for 2017/2018. Det er dødsstraff for å fornærma islam eller Muhammed. Lovverket vert ofte misbrukt til lange rettsprosessar på grunnlause skuldingar. Og mange som etter årelange rettssaker vert frikjende, må leva resten av livet på hemmelege adresser for å unngå ekstremistane. Så langt er ingen dødsdom for blasfemi fullbyrda. Men sidan 1990 er i alle fall 46 menneske drepne av ekstremistar, eller dei har døydd i ei politicelle.

Diverre ser det ut som ekstremistane i Pakistan er på frammarsj. Etter sterke og valdelege samanstøytar i Islamabad i november vart justisminister Zahid Hamid tvungen til å gå av. Han vart skulda for å ha endra på ein ordlyd i embetseiden og gjort referansen til profeten Muhammed svakare. Kampen gjekk rett inn i blasfemistriden.

Blasfemilovene er ei av dei viktigaste sakene for pakistanske ekstremistar i politisk mobilisering. Sigeren deira i november gjer at det kan bli vanskelegare for dommarar å avvisa skuldingar om blasfemi.

Fornya press

Frykta som EU gjev uttrykk for, er nettopp at høgsterett ikkje vågar ta høyringa i saka mot Asia Bibi, fordi dei ekstremistiske kreftene styrkjer seg.

Vi veit ikkje kva EU gjer med handelsavtalen med Pakistan dersom Asia Bibi ikkje blir sett fri. Men fleire enn EU bør skjerpa tonen mot Pakistan. Kvar er du, utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide?

Og motsett Pakistan – som gjerne vil ha gode vilkår på vestlege marknader – er det Vesten som vil skaffa seg gode handelsvilkår med mektige Kina. Og når det kinesiske diktaturet styrkjer seg og slår til mot dei som ikkje innordnar seg regimet, vel Vesten gummisålar. Det er skamfullt.

Mer fra: Debatt