Debatt

Mali: Vestens nye Afghanistan?

Drap på sivile og angrep på FNs fredsbevarande styrker prega Mali i januar.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Vesten har no vore sterkt engasjert i Mali i snart seks år, utan ein nemneverdig betra situasjonen. Er Mali Vestens nye Afghanistan?

Forskjellane mellom Afghanistan og Mali er mange, men ein likskap er at Vesten også i Mali kan setje seg fast i ei hengemyr ein ikkje kjem seg ut av. Vi frykter at dette allereie er i ferd med å skje. Det internasjonale samfunnet har vore i Mali i no seks år, men har ikkje klart å ta store skritt mot ei varig løysing. Ja, militære styrker fra Frankrike og FN og andre lands ulike innsatser har klart å oppretthalde ein viss orden – det er ingen overhengande fare for at Bamako skal falle. Problemet er at ein etter desse seks åra er lengre unna ei løysing enn ein var i 2013. I 2019 forsøker ein framleis å bygge kapasitet i den maliske staten, utan store framsteg. Tilnærminga er framleis hovudsakleg militær, og arbeidet for ei politisk og varig løysing på konflikten går trått og uten at det er mogleg å sjå at det ligg ein klar plan bak. Det einaste dei internasjonale aktørene er klare på er at dei ikkje vil forhandle med jihadistene, medan mange maliarar stiller seg bak eit krav om at ein ynskjer forhandlingar med alle maliske væpna aktører. I mangelen på moglege politiske løysingar så fortsett konflikten.

Ei ny hengemyr?

Rett etter nyttår vart det rapportert om drap på 37 sivile i Sentral-Mali. Søndag 20. januar vart 10 fredsbevarande FN-soldatar drepne i Aguelhok, nord i Mali. Samanlikna med 2013 er ikkje situasjonen merkbart betre. Dei væpna jihadistgruppene er ikkje svekka, det har heller vorte fleire av dei, og konflikten er i dag mykje nærmare hovudstaden Bamako enn den var i 2013 då FN-styrken kom til landet. Samtidig slit både FN og andre internasjonale aktørar med låg tillit hjå den maliske befolkningen. Ein viktig grunn til dette er at dei fokuserer smalt på sikkerheit, men evner ikkje å gjere noko med den usikkerheiten som mange maliarar opplev. Vi har følgt utviklinga i Mali over lengre tid og uroar oss for at Mali kan verte Vestens nye Afghanistan – ein arena for ein stor internasjonal militæroperasjon utan ei klar målsetjing om verken kva ein kan oppnå eller kva exit-strategien kan vere. Truleg vert FN-styrken i Mali også i 2019 den FN-styrken i verda som vert utsatt for flest angrep og har dei høgaste tapstalla. Dette skjer utan at det har fått spesielt mykje merksemd i Norge. Det kan verke litt rart. Norge har jo ambassade i Mali og yter også eit lite militært bidrag til FN-styrken ved etterretningsstøtte samt eit Hercules-mannskap som Norge rullerer med nokre andre land. Ein viktig årsak til at vi høyrer så lite om det er at FN-soldatane som døyr ikkje kjem frå Noreg eller Europa. Dei kjem frå andre afrikanske land; dei ti drepne FN-soldatane frå Tsjad ein dag i januar 2019 er ikkje nyhende i Noreg.

Implikasjonar for Europa

Det burde det vere. Situasjonen i Mali og de andre Sahel-statene er prekær, og det som skjer her kan få store implikasjonar også for Europa. Jo lengre konflikten i Mali varer jo meir vil den påvirke sikkerheitssituasjon og stabiliteten i nabolanda. Det ser vi allereie i Burkina Faso og Niger med uro og tiltakende angrep frå væpna jihadister. Jo meir dette brer om seg, jo svakare vil desse statane verte – og desse er allereie sårbare statar og nedst på alle lister over levekår og anna. Får ein ikkje til ei markant meir positiv utvikling kan vi stå overfor eit større regionalt samanbrot med alt det vil bety av menneskelege liingar og store mengder flyktningar som prøver å nå Europa.

Eit hovudproblem er at Vestens inngripen i Mali skjer på våre premisser. Fokuset er først og fremst på å slå ned på terrorisme og begrense migrasjon over Middelhavet til Europa, noko som gjer ein avhengig av det noverande regimet. Vesten er redd Mali skal falle i hendene på jihadister. Og sidan Vesten er i Mali på president Ibrahim Boubacar Keïtas løyve, har Vesten ingen gode alternativer til å støtte opp om nettopp han. Gitt høg korrupsjon og liten legitimitet kan dette få negative konsekvensar på sikt. Ein fare er at regimet i aukande grad brukar makt for å halde kontroll, og at legitimiteten synk ytterlegare.

Ny kurs

Etter vår oppfatning er ein ny kurs naudsynt. Utfordringane internasjonale aktørar møter i Mali skal ikkje undervurderast. Det skal også understrekast at den maliske staten og befolkninga er dei som til sjuande og sist må løyse konfliktane. Likevel er det altså fleire problematiske aspektar ved Vestens nærvær i Mali. Vesten har bidratt positivt, men har også vore med på å gjere situasjonen vanskelegare å løyse. For å gjere Vestens bidrag meir effektivt, kan ein fokusere meir på utvikling framfor sikkerheit og militære verkemidlar, samt på dialog og på politiske løysingar. Utan dette, kan uroen fortsette i mange år eller tiår. Ein situasjon med likskaper med Afghanistan er ikkje utenkeleg.

Mer fra: Debatt