Kultur

Månelanding og annan galskap.

All feilinformasjon frå IPCC og norske medløparar denne veka treng ein kommentar. Påstanden om at det er 95% sikkert med menneskeskapte klimaendringar, vart proklamert av direktøren for IPCC, Rajendra Pachauri, for over eitt år sidan.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Det var i god tid før skrivinga av AR5-rapporten tok til. Det siste året har 20-årige WWF- og Greenpeace-aktivistar ved IPCC hatt arbeid med å skrive den suspekte AR5-rapporten på dette grunnlaget. Det forklarer kvifor rapporten er så urealistisk.

Tenk deg ein politikar som kravde at no måtte regjeringa satse på å tøme Oslofjorden for vatn slik at ein slapp ferje mellom Moss og Horten. Alle forstår at framlegget er galskap, for havet kom til å etterfylle fjorden med vatn like fort som vatnet blir fjerna.

Ikkje alle har fått med seg at det er like stor galskap å fjerne CO2 frå atmosfæren, for då skjer akkurat det same. Havet etterfyller atmosfæren med CO2 like fort som gassen blir fjerna. Det viser Henrys lov som seier at gassbalansen for CO2 mellom luft og vatn er som 1:50 ved 25 grader C, og det er denne gassbalansen som styrer med CO2-mengda i lufta. Gassbalansen blir styrt av temperaturen i vatn og partialtrykket for CO2, dvs. at i praksis blir gassbalansen styrt av temperaturen i havvatnet, fordi CO2-trykket varierer så lite.

Kaldt hav om vinteren og i polare strøk løyser opp CO2 frå lufta, og varmt hav om sommaren og i tropiske strøk må gje frå seg CO2 til lufta i samsvar med CO2-balansen. Det er den store differensen i temperatur mellom tropiske og polare hav som fører til den enorme sirkulasjonen av CO2 mellom luft og hav på opp til 500 mrd. tonn CO2 per år båe vegar, 15 gonger meir enn utsleppa av fossil CO2, og 8 gonger meir enn utsleppa av CO2 frå jordskorpa og vulkanar. Desse forholda har naturen takla i mill. av år og gjer det like godt i vår tid.

Fleire naturlover viser det same. Dermed viser sentrale naturlover at om me slepper ut meir CO2 eller fjernar CO2 frå atmosfæren, så har det ingen verknad for CO2-mengda. Forklaringa er at det er Henrys lov med CO2-balansen for CO2 mellom luft og vatn som bestemmer CO2-mengda i lufta. Det er bortkasta arbeid å fjerne CO2 frå atmosfæren, eit arbeid som naturen gjer i alle fall - heilt gratis. Og likninga for absorpsjonslova, Lambert-Beers lov, viser at større CO2-mengd i lufta ikkje fører til høgare temperatur, fordi alle varmestrålar i CO2-spekteret alt er absorberte av den CO2-mengda som er i lufta i dag. Skremselspropagandaen frå IPCC byggjer på innbilling, for når sentrale naturlover styrer, kan ikkje menneska ha nokon innverknad.

Det er berre å gratulere Stoltenberg med at han endeleg tok til vetet og avslutta det fatale månelandingsprosjektet på Mongstad med fangst av CO2 frå gasskraftverket. Naturlovene viser at fjerning og deponering av CO2 ikkje har nokon verknad slik politikarar har trudd eller innbilt seg. Dermed er det påvist at all deponering av CO2 som Statoil har vore pålagt til enorme kostnader på Sleipner-feltet og ved Hammerfest i 16-17 år har vore fullstendig bortkasta pengar, eit typisk Sisyfosarbeid. Her har Riksrevisjonen ei oppgåve å gjera.

Det er å håpe at også den nye regjeringa tek til vetet og avsluttar alle såkalla ”klimatiltak” som grøne sertifikat, og bygging av biokraftverk og vindmøller, som berre om kort tid blir til skrapjern. Desse anlegga er skrapjern som blir altfor kostbart.

Mer fra: Kultur