Debatt

Kven slåss vi mot?

Innvandrings- og islamdebatten handlar ofte om "oss mot dei". Men kven er det vi eigentleg slåss mot?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

9/11, Beirut, 22. juli, Westgate og mange fleire. Terroråtaket i Paris var det siste skotet på det som etter kvart har vorte eit særs stygt ugras. I litteraturen rundt radikalisering og ekstremisme verker det som om det er semje om to viktige grunner til at nokon vert ekstremistar: dårlig sosial og økonomisk bakgrunn og ideologi. Sjølv om dei må sjåast i samanheng, vil eg her gå nærare inn på den siste. Og sjølv om eg her fokuserer på ekstreme islamistar, gjeld ein del også for andre ekstremistar.

Liberal eller radikal?

I nettdebattane finn ein dei som meiner at det er sjølve religionen islam som er problemet. Det er ei grov overforenkling. I likskap med alle andre verdsreligionar, er kjem islam i eit utal variantar. I denne samanhengen er skiljet mellom liberal og ekstrem mest relevant. Dei liberale og deira tolking av islam er ikkje farleg, og heldigvis er det dei som dominerer. Dei ekstreme er det annleis med, men religion er ikkje nok for å forklare kvifor folk som ISIL og al-Qaida er som dei er.

Vi må nemleg også vere klar over at det er eit skilje mellom religionen islam og den politiske ideologien islamisme. Ein islamist vil, kort sagt, at samfunnet skal vere bygd på islamske verdiar, og kjem i liberale og ekstreme variantar. Nett som i førre avsnitt er det dei ekstreme som er farlege, ikkje dei liberale.

Så, kven slåss vi mot? Ikkje all verdas muslimar, men dei som vi bygge samfunnet på ei ekstrem tolking av religionen sin. Dei som har tråkka over det Lars Akerhaug kallar «ekstremismekoden», grensa mellom samfunnsengasjement og synet på ideologi som viktigare enn livet. Ei tolking så ekstrem at også liberale muslimar meiner han er heilt på jordet. Det er ikkje Vesten mot islam, men grupper som ISIL og al-Qaida mot alle andre, inkludert dei fleste av verdas muslimar.

Korleis skal vi møte ekstremistane? Eit viktig grep er å sørge for at dei som fell utanfor får hjelp til å kome attende til skule og arbeid. Dette heng saman med integrering. Og korleis vert integreringa best mogeleg? Det spørsmålet hadde fortent ein eigen kronikk, men ein god start vil vere å ikkje gje vanlege muslimar skulda for det ekstremistar gjer. Då godtar vi ISIL sitt forkvakla verdssyn og skyt oss sjølv i beinet.

Ideologi

Dei tiltaka eg har vore inne på no, er knytte til den fyrste grunnen til at nokon vert radikaliserte. Men vi kjem heller ikkje utanom den siste grunnen: ideologi. Ekstremistar av alle slag har til felles at dei deler verda inn i «oss» og «dei». Dei reindyrkar fiendebilete og forenkla samfunnsstrukturar. Eg har ikkje noko tru på ei slik inndeling i svart og kvit. Dei fleste av oss står ein stad midt i mellom, i det som forfattaren Åsne Seierstad kallar for «gråsona». Her finn vi verdiar som fridom, likskap, brorskap, solidaritet, toleranse, tradisjonar, openheit, kort sagt alle dei gode verdiane som kjenneteiknar oss som samfunn. Dette tek oss attende til Paris og Utøya. Ofra var nemleg ikkje tilfeldig valte. Dei representerte denne gråsona, var progressive og sto for stikk motsette verdiar av det ekstremistane gjer. I prinsippet kunne det like så godt ha vore Framstegspartiets Ungdom eller Berlin som vart angripne. Det å støtte oppunder denne gråsona er ikkje nok i seg sjølv, men saman med andre tiltak er det kanskje det viktigaste einskildtiltaket.

Kampen mot ISIL kan ikkje berre vere ein militær kamp, men også ein verdikamp. I tida etter 22. juli samla vi oss rundt meir openheit og meir demokrati, rundt fellesskapen og kjærleiken. Ein kamp mot «oss og dei», og for «det store vi». Det kan fungere no også. Eg er optimist, og vel å avslutte med Nils August Andresens kloke ord: «vi vet ikke hvor lenge den jihadistiske bølga vil vare. Men den vil gå over, eller gå over til noe annet. Inntil da bør vi huske at ekstremisme kommer og går, men det liberale samfunnet har kraft til å bestå, hvis vi bare tar vare på det».

Mer fra: Debatt