Debatt

Kva skal vi leve av etter is?

Det grøne skiftet vil påverke korleis Noreg kan tene pengar i framtida.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Rundt år 400 f. Kr. gjorde persarane ei oppfinning. Kan hende ikkje like banebrytande som hjulet, som òg blei oppfunne i regionen, men viktig nok. Dei utvikla ein teknikk for å lagre is i ørkenen om sumaren. Store isblokker blei henta frå fjell i nærleiken og oppbevart i underjordiske kjølerom kalla yakchal. Her blei veggane dekte av ein mørtel beståande av sand, leire, eggekviter, sitron, geitehår og oske. Den isolerte perfekt. Isen vart brukt av dei kongelege i Sasanide-dynastiet på varme dagar.

Lang, lang tid seinare – mot slutten av attenhundretalet – var ishandel ei stor næring i Noreg, med eksport til mellom anna Storbritannia, Nederland og Spania. Då blei isen oppbevara i eigne hus, etter at han hadde vorte henta frå naturlege vatn eller kunstig bygde dammar. Dei blei ofte anlagt nær kysten for å gjere det enklare å laste om til skip. Denne handelen var heilt sentral for reiarlaga: I periodar var han verd 1/3 av verdien til den berømte trelasthandelen. Men den raske og omfattande teknologiutviklinga i det 20. århundret gjorde det gradvis meir risikabelt å leve av is. For i 1876 vart kjøleskapet oppfunne. I mellomkrigstida spreidde det seg, og frå 50-talet vart det vanlegare også i Noreg. Marknaden for is forsvann. Det er som eg kan sjå dei for meg, bekymra menn i bransjen som spør seg: Kva skal vi leve av etter is? Oslo ismagasin ved Øvre isdam på Årvoll var den seigaste aktøren. Dei heldt ut til sesongen 1967–1968, men så var det slutt.

Neste veke skal det statleg oppnemnde Klimarisikoutvalet leggje fram ein rapport der dei identifiserer viktige globale klimarelaterte risikofaktorar, og vurderer betydinga av desse for norsk økonomi og finansiell stabilitet. Rapporten vil bli startskotet for ein politisk debatt om tiltak.

Oslo: Nye tiltak styrker det grønne skiftet

Kva er så klimarisiko? Den britiske sentralbanksjefen Mark Carney har i ein mykje sitert tale definert omgrepet. Han deler det i tre: Fysisk risiko (kostnader knytt til fysisk skade som følgje av klimaendringar, for eksempel flaum), overgangsrisiko (økonomisk risiko knytt til overgangen til lavutsleppssamfunnet, så som at fossile ressursar vil bli mindre etterspurt), og ansvarsrisiko (erstatningskrav knytt til klimaskade). Alle desse kan ende med investeringar som blir mindre lønnsame – eller til og med verdilause – fordi klimaomsyn har ført til endra lovgjeving eller anna som får verdien til å søkke.

Fysisk risiko kan vi i Noreg (og store delar av verda) oppleve ved at vegar og bustadfelt blir meir utsett for skade, eller at vatn- og avlaupssystemet er meir utsett for overvatn i byane våre. Ansvarsrisiko er det forsikringsbransjen over store delar av verda uroar seg for når dei ser at utbetalingane aukar, og som statar også kan oppleve knytt til sitt ansvar. Begge er ujamt fordelt, og begge angår Noreg. Men overgangsrisiko er ekstra ujamt fordelt, og angår oss i særleg grad.

Vår økonomi er sterkt avhengig av fossile ressursar, på tre vis. Direkte, gjennom eigarskapen vår i Equinor og ikkje minst at kvar femte krone brukt i statsbudsjettet kjem frå norsk sokkel. Indirekte, gjennom at vi set store summar av inntektene på fond, som også investerer i fossile energiressursar. Men global klimapolitikk, der ein forsøker å sette ein pris på utslepp, aukar prisen på olje og gass. Samstundes veks fornybar energi i raskt tempo, og prisen søkk like raskt. Vi kan oppleve redusert etterspørsel etter fossil energi og lågare verdi på ressursane grunna desse endringane. Norsk olje- og gassnæring kan bli utsett for ein liknande risiko som ishandelen i førre hundreår.

Klimarisikoutvalet sin rapport blir lagt fram berre to veker etter at EU-kommisjonen la fram ein strategi for korleis EU kan oppnå null utslepp i 2050. I denne strategien lanserer dei 8 ulike vegar mot dette målet. Dei diskuterer ikkje lenger om det skal bli null utslepp, men korleis. Sentralt i strategien er sjølvsagt ei energiomlegging i fornybar retning.

Så er det slik at Europa importerer nesten 80 prosent av norsk olje og gass. Alle som driv forretning og ser at hovudmarknaden er i ferd med å forsvinne, må ta grep – annars går dei under. Kva gjer du då? Du ser etter marknader som er tilpassa den nye røyndomen. Og tek klimaansvar når du gjer dette.

Klimatiltak: Hva er det som gjør at vi får lyst til å bli med?

For å ta ansvar er den beste måten å handtere den risikoen norsk økonomi er utsett for. Klimarisiko må sjåast i samanheng med det ansvaret vi har og som vi har lagt på oss sjølv: Vi skal avgrensa den globale temperaturstigninga til godt under to gradar, ned mot ein og ein halv. I så måte er det heilt nødvendig at Klimarisikoutvalet i sin rapport legg til grunn at Noreg har forplikta seg til måla i Parisavtalen – og at vi skal jobbe for å nå desse. Utvalet sin vurdering av risiko må derfor ta utgangspunkt i den risikoen norsk økonomi blir eksponera for om vi klarer å stogge klimaendringane.

Ishandelen i Noreg var viktig for sysselsetting. Ifølgje Wikipedia hadde nesten 1.300 mann arbeid i 20–25 veker vinteren 1895–1896 berre i herada Solum, Eidanger og Bamble i Telemark. Dei skar 125.000 tonn is. Næringa nådde toppen i 1898 med samla eksport på 500.000 tonn. Noreg var då den største eksportøren av is i verda.

Men det var liv etter isen. Nye næringar kom til, med nye inntekter og nye arbeidsplassar.

Mer fra: Debatt