Debatt

Kva no, Noreg?

No er det tid for å tenke seg om. Men ikkje tid for å tilpasse seg og rekne med at det går over.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Eg gjekk og la meg tidleg med ei uroleg kjensle, klok av skade – det vil seie, klok av Brexit. Det tek likevel tid å la det synke inn. Donald Trump blir president i USA. Eit jordskjelv. Kanskje den mest fundamentale endringa i den vestlege verda sidan murens fall.

Kva har skjedd? USA har gjennomgått fundamentale endringar. Ei ulikskapskrise; USA har opplevd stor økonomisk vekst, men det er nokre få rike som har stukke av med heile gevinsten. Lønningane til folk flest har stått stille i fleire tiår, samstundes som prisane går opp. Eit politisk system som få har tillit til. Årets valkamp kostar over 50 mrd kroner, meir enn eit norsk forsvarsbudsjett. Politikarar er blitt heilt avhengig av pengar frå store selskap. Polarisering. USA heng ikkje saman, og denne situasjonen har i aukande grad nådd politikken.

Summen av dette er eit økonomisk og politisk system som er djupt splitta. USA fungerer ikkje som eit land. Ikkje sosialt, ikkje kulturelt, ikkje institusjonelt og politisk.

Det var ein gong USA og Noreg var ganske likt. Det er ikkje eingong lenge sidan. Det er ei viktig forklåring på det tette bandet mellom landa våre. USA var mektig og gav militær tryggleik, men var også eit verdimessig førebilde.

USA har eit av verdas eldste demokrati, som lenge var meir utvikla enn dei fleste i Europa. Tilliten til det politiske systemet var i 1960 om lag like stor i USA og Noreg. Det var eit progressivt land som tidleg var meir mangfaldig enn Europa. Den amerikanske draumen var levande. Gjennom sosial mobilitet kunne ein kome seg fram og lukkast, og Roosevelts New Deal og etterkrigstidas vekst skapte verdas største middelklasse.

Men dette er svekka. Det som ein gong var den vestlege verdas verdileiar, er i ferd med å stille seg på sida av viktige verdiar, og få eit politisk og økonomisk system som ikkje reparerer det.

Det er med dette som bakteppe USA har vald Trump som president, eit val som neppe kunne skjedd i noko anna land utanom Russland. Internasjonale målingar viser at Trump har marginal støtte i andre vestlege land, eit godt uttrykk for korleis USA har endra seg, og kor fjernt Trump står frå våre verdiar.

No skal vi ha is i magen, tenke gjennom situasjonen og studere nøye korleis Donald Trump og hans team opptrer.

Men av og til kjem historia til ein augneblink der vi må ta vanskelege og ubehagelege val. Der det ikkje er tid for å tilpasse seg situasjonen, men stå for noko – og ta konsekvensane. For USA har vald ein leiar som ikkje er i takt med viktige, vestlege verdiar.

Han er ein populist med nasjonalistiske drag, utan synleg respekt for det liberale demokratiet og rettsstatens grenser. Han blir omfavna av den ytterleggåande nazi-inspirerte og rasistiske høgresida i USA. Han er autoritær med sterk vilje til å bruke makt for å få det som han vil. Han har truga med å trekke tilbake lisensen til CNN, med å knuse avisredaksjonar han mislikar. Samstundes er han respektlaus og hatefull mot alle typar motstandarar. Ei kvinne med tøffe spørsmål har mensen, politiske motstandarar blir skjelt ut og mobba. Han er grenselaust sjølvsentrert og løgnaktig i sin omgang med verda, og totalt uføreseieleg som person. Han re-twitrar brått eit Mussolini-sitat, ein pågåande journalist med ei funksjonshemming blir stunt-parodiert under ein tale. Han kallar motstandaren sin «a nasty woman» medan ho snakkar. Samstundes kan han nekte for fortidas dokumenterbare feil som om dei aldri hadde hendt han.

Skal vi møte dette med «business as usual»?

Eg meiner det vil vere ein stor feil. Eg høyrer mange seie no at vi må ha respekt for amerikanarane sitt val. Respekt betyr å ta på alvor. Anerkjenne ja, men la det passere uberørt; nei. For viktigast no er sjølvrespekten, og respekten for norske veljarar sine verdiar.

Det er naudsynt at vi seier det til kvarandre; USAs president deler ikkje våre verdiar. Vår mektige allierte har fått ein leiar som opptrer og uttaler seg i strid med våre verdiar på sentrale felt som demokratiske rettar, likestilling og respekt for ulike menneske. På toppen av dette er han ein farleg og uføreseieleg narsissist.

Eg meiner det amerikanske valet bør føre til den første seriøse debatten i Noreg sidan 1945 om vårt tilhøve til USA. Ikkje plutseleg i affekt, men sakleg og reflektert. Men heller ikkje med ein førehandskonklusjon om at alt må vere som før, fordi vi er så avhengig av USA og det held nok fram som før berre ting roar seg litt.

Diskusjonen bør vere overordna, og handle om vi vil vere så nær eit land som har vald ei heilt anna retning enn vår eigen. Men den må også vere konkret. Vil vi dele nesten all etterretning med denne administrasjonen? Skal vi framleis la USA få styre våre val i internasjonal politikk, til dømes hindre oss i arbeide for eit forbod mot atomvåpen? Skal vi framleis vere i same forhandlingsgruppe som USA i dei internasjonale klimaforhandlingane, dersom dei no trekk seg frå Paris-avtalen?

Det er mykje som kan nyansere biletet over, ting kan gå betre. Det kan vise seg at Trump mest har det i kjeften, og ikkje får til noko. Eller at det kostar han lite å gjere alt det han har truga med. Han vil utnemne mange seriøse menneske. Konservative ja, men rasjonelle og demokratisk innstilte.

Difor må folk som meg, som i utgangspunktet er sterkt skeptisk til Trump, men også til amerikansk utanrikspolitikk, passe oss så vi kan sjå motargumenta og ikkje kome med ein konklusjon på autopilot.

Men det store fleirtalet av norske politikarar, som har utforma det tette samarbeidet med USA, bør heller ikkje møte opp med førehandsskrive konklusjon. Eg fryktar vi no får sjå mange som gjer uttrykk for dei obligatoriske reservasjonane, men elles er mest opptekne av å dempe kritikken og førebu at alt skal gå som normalt.

Men Donald Trump er ikkje business as usual. Han er heller ikkje eit isolert unntak, han er vald av fleirtalet i USA.

Og vi er ein sjølvstendig nasjon som må tenke gjennom kva vi vil vere i verda, og i forhold til vår mektige allierte.

Mer fra: Debatt