Debatt

Istid?

Åra vi går inn i, kan stille oss overfor den typen vegval historia av og til gjer.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

«Jeg kan ikke huske et verre år i min levetid», sa eg til Dagsavisen før jul då avisa oppsummerte året 2016 før jul. Det var før 2017 hadde begynt.

Eg er blant mange som opplevde 90-talet og åra etter som optimismens tid. Ei tid for økonomisk vekst og internasjonalt samarbeid, for håp og forventing etter den kale krigens slutt. No kjenner eg, som så mange andre, ei uro. Arbeidsløysa stig og økonomiane sviktar. Nasjonar vender seg innover. Folk mistar tru på leiarane sine, og vendar seg mot sterke menn med enkle svar.Det er liksom noko kjent med det.

Etter mitt syn er det djupe trekk i samfunnsutviklinga som gjer seg gjeldande. Men den utløysande faktoren, det som gjer at vi spør oss om vi er på veg inn i ei ny istid, er valet av Donald Trump til president i USA. Ikkje berre fordi han representerer eit verdigrunnlag som bryt med etablerte verdiar, like mykje fordi vi snakkar om verdas mektigaste mann. Ingen i verda har meir makt. Vi, Noreg, har knytt oss særleg til det landet og det militære apparatet han har makt over. For oss betyr det særs mykje kven som er president i USA.

Så lenge han var kandidat, ja heilt til Donald Trump blei sett inn som president, var det mange som sa at dette nok ville ordne seg. Slapp av, han må tilpasse seg. Systemet vil temme han. Men mykje tydar på at Trump vil temme systemet langt meir enn det vil temme han. Det er som om mange trudde at valgkamp berre var prat, at det ikkje ville betyr noko det han sa.

Mange amerikanske presidentar har fått kritikk i Europa. Mange leiarar har blitt kritisert. Dette er noko anna enn vi er vande til. Av minst to grunnar.

Først, hans ideologiske haldning. Trump står for ein autoritær nasjonalisme som bryt med vestlege verdiar. Han er ein autoritær populist med nasjonalistiske drag, utan synleg respekt for det liberale demokratiet og rettsstatens grenser. Han snakkar ikkje om USA som ein leiar gjennom eksempel, eller å dra andre med seg, men gjennom å sette USA opp mot andre. Han spelar på nasjonalisme ikkje ved å appellere til storleik og det gode ved nasjonen, men gjennom å stenge ute andre og presentere eit bilete av USA i konflikt med andre.

Det er eit ideologisk skifte av dimensjonar. Den tidlegare tyske utanriksministeren Joschka Fischer har sagt at valet av Trump betyr slutten på «vesten» som begrep, fordi ein ikkje kan forstå USA som ein klår leiar for dei vestlege liberale demokratia.

Kombinasjonen av populistisk og nasjonalistisk politikk, og autoritær personlegdom, har vist seg farleg før. På sine heilt ulike vis, i heilt ulike land, er det det som spelar seg ut med Putin i Russland, Erdogan i Tyrkia og Orban i Ungarn. Alle tre har fått makta på demokratisk vis. Alle tre har gradvis – først sakte, så meir og meir – innført lover og reguleringar som hindrar opposisjon, presse og domstolar. Alle tre grunngjev det med kulturkonservativ nasjonalisme. Alle tre er stadig viljuge til å flytte grenser, stoppe motstandarar, bruke makt for å få det som dei vil.

Like problematisk som den ideologiske orienteringa, er eit anna trekk ved starten på hans presidentperiode. Tilhøvet til fakta og sanning.

«I tillegg til å vinne valmannskollegiet med stor margin, vann eg stemmene blant folket om du tar vekk dei millionar av menneske som stemte ulovleg». Denne meldinga la USAs president Donald Trump ut på Twitter, 27.november 2016. Han presenterte ingen dokumentasjon eller bevis. Påstanden er nøye sjekke av uavhengige kjelder, til dømes ein faktasjekk av pressebyrået AP, og den er utan unnatak bedømt som falsk. Mange trur at Trump kan ha sikta til skuldingar om valfusk blant innvandrarar i enkelte statar. Men desse statane har systematisk presentert sitt materiale som viser at det ikkje er tilfelle. Han har ikkje presentert meir dokumentasjon for påstanden, eller trekt den tilbake.

Meldinga er ikkje eit enkelttilfelle, men eit av mange døme på utbredt bruk av utsegner og påstandar som er usanne. Men Donald Trump vann presidentvalet i USA, og han gjorde det på legalt vis. Korleis kunne det skje?

Trump-støttespelar og CNN-kommentator Scottie Nell Hughes var kanskje inne på noko då han diskuterte tilhøvet mellom den nye presidenten og pressa på eit amerikansk radioprogram: «There’s no such thing, unfortunately, anymore as facts.» Vi har å gjere med ein administrasjon og person som legg stor vekt på korleis ting vert oppfatta, og tilsynelatande lite vekt på korleis ting faktisk er. Det er skummelt.

Donald Trump er ikkje USA. Fleirtalet av amerikanarar stemte på ein anna kandidat enn Trump. Landet er splitta. Det store fleirtalet i USAs allierte land i Europa er sterkt kritisk. Han representerer relativt få, men er like fullt leiar i verdas mektigaste land. Han er ikkje ein leiar verda ser opp til, men ein leiar verda fryktar og må forhalde seg til.

Åra vi går inn i, kan stille oss overfor den typen vegval historia av og til gjer. Eit slikt folk vil sjå tilbake på, og spørje kva side du stod på: Den sida som stakk hovudet i sanden og håpte at det blåste over, eller den sida som saman med andre stod for det vi meiner. Som arbeidde i samsvar med den vestlege verdas ideal, og det internasjonale samfunnets standardar.

Noreg – og alle andre – vil bli stilt overfor det valet. Mange vil ha eit instinkt som trekker i retning av å roe ned, tilpasse oss og bli viktige for den nye amerikanske administrasjonen. Eg vil meine at det som tener oss på lang sikt, er å stå saman med andre om å forsvare internasjonal lov og rett. Samstundes må ikkje vi heller bidra til den nye istida med å stenge menneske ute, nekte dei adgang hit, eskalere språkbruken. Det er viktig at vi snakkar saman – men berre om vi seier det vi meiner.

Det er ikkje eit brot med USA eller vesten, snarare ei støtte til folket i USA og det store fleirtalet i vesten som vil ein anna veg.

Mer fra: Debatt