Debatt

Ironisk korrekt

Er det støvete nyttårstalar som skal halda liv i toleransen, mens me sit og ironiserer over kvarandre?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Politisk redaktør i Adressa, Tone Sofie Aglen, leverte i sommar ein velskriven tekst om korleis folk under fullt namn tillet seg å vrengja ut av seg reinspikka hat mot politikarar. Venstre-leiar Trine Skei Grande er ei av dei som dagleg må tåla hets og kommentarar om kropp og utsjånad, og Aglen løftar fenomenet opp og avkler aktiviteten for det den er; reinspikka mobbing.

Ein av dei som kjapt takka for den gode ytringa, mållagsnestleiar Jens Kihl, avslutta si oppfordring om at me alle må seia frå når ordskiftet blir for hatefullt, med litt orsakande å konstatera at innlegget hans er litt PK, men at me får leva med det. Det kunne nok fleire av oss ha gjort, eg har orsaka meg på samme vis sjølv. Politisk Korrekthet er det lågaste av det låge, Norvegia i staden for Blue Castello, vatn frå springen i staden for vin. Det alle kan nikka til, det komplett usexy og føreseielege.

Stempelet politisk korrekt uttrykkjer vår avsky for det kjedelege, motstandslause, vår kollektive avstraffing av flinkisar som vil gi frøken eit blankpussa eple når alle veit at frøken heller vil ha ein sigarett. Men er det så heroisk å vera tøff i trynet om dagen? Høfleg framferd og venlege omgangsformer ligg ikkje akkurat som noko klam hand over salongane. Ja da, det er kult å «tømma ein sjokoladeautomat» av og til, for å låna frå Prøysen, men sexy-faktoren fell ein smule når det flyt med glasskår og sjokolade overalt.

Trassalderen varer heile livet nå. Det gode og siviliserte, verdiane me snufsar over og rutinemessig bekymrar oss over at ungane våre skulkar, er jo sånn eit solid, men akk så kjedeleg hus. For uansett kor bedritne og sarkastiske debattane blir, og uansett kor uhøflege eller uvenlege me tillatar oss å vera der ordskifte-slaga står, meiner me nok at me på botnen er lyttande, venlege og velvillige. Det er berre at den botnen sjeldan er å sjå, og som dei fleste av oss vel veit, det går ikkje alltid eit rosetog.

Kvar einaste av oss treng respekt, venlege blikk, lyttande haldning og opplevinga av respekt. Men kulturen er blitt slik at me nødig skal levera meir enn det me strengt må og helst litt under. Rykande usemje kan ikkje te seg, je suis Charlie eller kven det nå er, er ein fin gest, men importerer også ideen om at eg må bli lik den eg skal uttrykkja sympati med. At eg må dela oppfatning for å vera venleg.

Twitter-trådar og Facebook-utvekslingar om sjølv enkle problemstillingar, blir fort harde som betong, til forveksling lik det bråmodne oversminka ansiktet til ein trettenåring som intuitivt synest å vita at tøff i trynet er det sikraste. Det norske offentlege ordskiftet ser ofte ut til å bekjenna seg til ethoset om at den kraftigaste ammunisjonen aldri kan bli rulla ut fort nok, at det er viktig og riktig å bli i den skyttargrava ein først gjekk ned i, og at ein ikkje bør lena seg for langt fram i forståelsesstolen. Då blir det jo ingen hanekamp, ei heller nokon catfight. Alle skal jo ha sin bit bølle-moro, me kan ikkje gå i grava utan å ha lufta fjørene litt og skytset litt. Våre frikvarter frå det politisk korrekte og alle verdiane me er så enige om, bli stadig lengre.

Var det slik at redselen for det politisk korrekte og den rutinemessige avsverginga av alt dets vesen, gjorde oss mindre flokk-avhengige og meir frigjorte i hovudet, var det gagn i slike tabu. Lite tyder på det. Me berre flyttar oss frå det politisk korrekte til det tøffe i trynet, det pubertalt sleivete. Så kor er då mainstream?

Debatt som kampform kan vera elegant som ein tenniskamp, men som regel er det ein sportsopplevelse og ingen utvida horisont som blir levert. Eit tidsfordriv. Godt nok til sitt bruk. Men skyttergraver og faste lag er ingenting anna enn trøyttande. Pluss på mangel på glimt i auge, karakteristikkar og vrang vilje, så er debattrommet blitt ei svært trang celle. Der det berre er plass til ein av gangen. Mens den eine er inne, må den andre stå på gangen. Mens du snakkar, står eg og filer på mine eigne argument.

Dei fleste som har prøvd å snakka med ein motpart om eit komplisert tema, vil vita at utbyttet av samtalen er proporsjonalt med velvillig lytting og eit ønske om å prøva å forstå. Me er alle langt til havs. Dei store spørsmåla, anten det gjeld etikk, politikk eller livssyn, ligg og lurkar under overflata som kvite forunderlege kvalar. Ingen kjem til å få has på ein heilt åleine, jakta føregår i eit fellesskap og samtale og debatt er blant dei beste fangstreiskapane.

Fridom er ingen teoretisk størrelse, den finst berre når den blir brukt. Det eksisterer ikkje noko team av gamle syttandemaitalar og arkiverte kongens nyttårstalar som står i maskinrommet under dekk og passar på at humanisme, vidsyn og toleranse sviv som ein perpetuum mobile så me av kjøtt og blod kan få stå breibeinte på brua og vera pokker til kvinn- og karfolk som får vist fram at me ikkje er gudsord frå landet og at me ikkje er redde for verken gud eller djevel, frøken eller mainstream.

Ja, eg vil ha individuelle stemmer, eksotiske meiningar og særprega standpunkt. Men det å tenkja sjølv krev ikkje berøringsangst for andres tankar og idear.

Ein samtale kan ikkje vinnast. Toleranse har ingen verdi der alle er samde. Å vera redd for mainstream, betingar teft for kor den striaste elva går. Elles endar me opp med ikkje å sjå skogen av verdiar for berre kontrær.

Mer fra: Debatt