Debatt

Frost

DIKT

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Der ute i skogen står æva vakt.

Ranke og tause står trea utan blom og blad,

stivna i kulde, nakne i frost.

Isdronninga har kledt treas bare armar i

glitrande, tynt rim - som til fest.

På glaset mitt har ho hengt sitt finaste arbeid,

roser og bregnar, tusen detaljar i nupereller,

ho pusla med i lange timar utan anna å ta seg til;

sjå desse ørsmå, skjøre krystallar strødd

over sprikande fingrar så vel som Yggdrasils rygg!

Då landar ein småfugl gild og raud –

akkurat dét som vanta no, på den ytterste grein, svisj

og setter seg mjukt og lett, men ikkje så lett som inkje..

drysj, drysj, svisj, svisj, det singlar i rim

et regn av krystallar i to sekund, og så

kjem eit nytt lite dryss når fuglen tar sats og fer

før det vert det stilt att i skogen.

Else Marie Vestrum Olsson

Mer fra: Debatt