Kultur

Frihandelsterrorisme blir resultatet av TISA og TTIP

"Arbeidarar i alle land", sloss mot kvarandre! Dette er beskjeden frå initiativtakarane til TISA og TTIP-avtalane som no blir forhandla.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Tidlegare denne månaden vekte lekkasjar om nokre detaljar om TISA-forhandlingane (ein frihandelsavtale for tenester forhandla mellom eit 50-tals land utanfor WTO, mellom dei Norge) ein del oppsikt i fleire land.

Her til lands var UD snare med å prøve å bagatellisere informasjonen.

Problemet er berre det at mange av “detaljane” i TISA ikkje let seg bagatellisere. I Australia har det for eksempel skapt uro at TISA, som også vil omfatte finanstenester, vil kunne hindre Australia i å halde på reguleringar som har gjort at det landet kom rimeleg greit gjennom finanskrisa som elles herja stygt med fleire land frå 2008 og framover. Den same trusselen vil henge over Norge, ettersom målet for initiativtakarane til TISA er å få bort det meste av slikt som det “luktar regulering av“, på alle slags tenester.

Det er The Sidney Morning Herold som den 20. juni skriv om denne trusselen frå TISA ( http://www.smh.com.au/federal-politics/political-news/secret-trade-negotiations-is-this-the-end-of-the-big-four-20140619-3ah39.html ). I det same oppslaget minner dei om at Australia er utsett for ein forsmak på dette alt no. Det er tobakksgiganten Philip Morris som brukar ei tvisteløysingsordning, ISDS, til å saksøke Australia fordi landet vil merke sigarettpakkar med helserisiko.. For å kunne gjere dette, flytta Philip Morris hovedkontoret sitt til Hong Kong(!) fordi dette landet har ein frihandelsavtale med Australia som inneheld ei slik ISDS-ordning. Det er ein stor risiko for at TISA vil opne for ein slik frihandelsterrorisme, ettersom avtalen, til liks med TTIP, er konstruert frå A til Å for einspora å sikre storinvestorane sine interesser. Det vil gjere det ytterst risikofullt for nasjonale styresmakter å innføre politisk motiverte tiltak, dei vere seg aldri så velgrunna, dersom dei fører til at storinvestorane gjennom det får redusert gevinst...

Det er tydeleg at ting som helse, miljøomsyn, og ikkje minst trygge arbeidsplassar, interesserer initiativtakarane til TISA “midt i ryggen”...

Dersom UD ynskjer å bagatellisere TISA, bør dei starte med å kome ut med ein garanti for at det i TISA ikkje kjem på tale med ei utenomrettsleg tvisteløysingsordning av typen ISDS (Investor State Dispute Settlement), at det blir uaktuelt for Norge å akseptere klausular av typen Standstill- og Retchet-clause, og at Norge i framtida vil stå fritt til å regulere finanssektoren som det passar oss..

Eit seriøst svar frå UD på dette vil ha stor interesse...

Mer fra: Kultur