Debatt

Framtida er ikkje blendakvit

Vi må få alle til å kjenne seg igjen i det som skjer på scene, skjerm og lerret.

Bilde 1 av 2
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Charlo Halvorsen forklarer fråveret av mangfald i NRKs nye humorsatsing i beste sendetid på laurdagskvelden. Vi fann ikkje dei rette folka, komedie er vanskeleg og vi har brukt for lite tid. Halvorsen er ein klok mann, og eg veit at både han og NRK er opptekne av mangfald. Dei kan vise til satsingar som når langt utover landets grenser i seriar der det fleirkulturelle har ein naturleg plass. Og sjølv om NRK nok skulle ha tatt seg meir tid til å leite denne gongen, så er det kanskje tilfelle at Halvorsen ikkje fann dei rette folka til Nesten voksen. Og i så fall, kvifor blei det slik?

Debatten rundt Nesten voksen synleggjer på alle nivå viktigheita av utdanninga Det Multinorske som blei starta hausten 2012 på Det Norske Teatret, i samarbeid med Universitet Nord. Grunnen var den same som Halvorsen viser til; vi sakna eit stort nok tilfang av gode skodespelarar med bakgrunn utanfor Europa. Saka om mangfald på tv-skjermen - og for vår del på teaterscenen - er viktig å løfte opp på dagsorden. I norsk teater hadde vi lenge sett at samfunnet rundt oss hadde endra seg markant utan at dette var tilstrekkeleg tatt opp i våre hus. Slike endringar kjem nemleg ikkje som ved eit trylleslag. Dette er ei utvikling som tar tid. Men vi må få opp farta no. Vi må få alle til å kjenne seg igjen i det som skjer på scene, skjerm og lerret. Alle må oppleve at historiene deira blir fortalde, og av skodespelarar som ser og høyrest ut som dei sjølve. Også dette veit sjølvsagt NRK.

Det felles ansvaret vi har er å spegle mangfaldet i samfunnet, og da trengst mange gode skodespelarar. Skal det bli ein realitet, må ein ha mange å velje blant. Slik er det i idretten og slik er det i kulturlivet.

Det Norske Teatrets kjerneverksemd er å lage godt og utfordrande teater for flest mogleg publikummarar. Å starte ei utdanning i tillegg har kosta i både innsats og kroner. Men for at prosjektet skal lukkast så må ein ha vilje til å satse. Også når løyvingane til teatera i realiteten blir avkorta år for år. Satsinga har allereie gitt resultat, og er no godt synleg i ensemblet vårt. Av 105 tilsette skodespelarar dette året er det no heile 24 av desse som har ein annan etniske bakgrunn enn den norske. Det første kullet på fire skodespelarar frå Det Multinorske har sett avtrykk etter seg og dukkar stadig opp på skjermar og scenar. No er andre kullet på seks klare for arbeidsmarknaden til sommaren. Vi ønskjer å halde fram med å utdanne nye gode skodespelarar. Skal vi lukkast med det, så må alle dei store, nasjonale institusjonane ta ansvar for å løfte fram desse, satse på dei og tore å prøve ut dei nye og ukjente andleta. NRKs laurdagssatsing er alt ein institusjon i mange heimar. Kanskje må vi vike frå nokre fasttømra og gammaldagse haldningar om kva den tradisjonelle laurdagsunderhaldninga skal vere og – ikkje minst kven den skal vere for – og tore å opne for det som burde vere heilt naturleg. Dette var sikkert ein glipp frå NRK, men slike toler vi ikkje for mange av. Vi som forvaltar store felles midlar har eit særskilt ansvar for å inkludere alle. Debatten viser at vi må insistere på å kome oss vekk frå det vante, der altfor mykje og altfor mange til forveksling liknar kvarandre. Vi er altså i gang med å forme teateret etter den nye verkelegheita, og endringane kjem som alltid med dei unge som erfarer ein annan kvardag enn oss som no er i posisjon. Vi som har makt skal og må legge betre til rette for at det nye Noreg blir meir synleg. Vi må innrette oss slik at mangfaldet blir ein reell styrke, ikkje noko ein gjer fordi ein må. Framtida er her og vi må følgje med.

Det blir utforma ei ny kulturmelding i desse dagar. Det er bra og naudsynt. For samfunnet vårt ser annleis ut no enn for berre kort tid sida. Eg er sikker på at i framtida kjem kulturlivet til å bli avgjerande for evna vår til å møte det nye Noreg. Dei som evner å setje ord, tonar og fargar på menneskas uro må få den plassen som samfunnet i stigande grad kjem til å trenge. Her er både NRK og Det Norske Teatret heilt sentrale. Saman må vi snu den rådande oppfatninga om at den delen av offentlege budsjett som går til kultur og media ikkje skal auke. Altså: I ei verd som blir stadig meir kompleks, i eit Noreg som blir stadig meir samansett, og i ei verd der vi er i ferd med å bli kvelt av plast og materiell overflod, så må den sektoren som evner å gi rom og arenaer for refleksjon rundt menneskeleg eksistens få og ta meir plass. Kulturlivet kan vere den viktigaste arenaen for å møte framtidas utfordringar.

Eg er viss på at ei kulturmelding, ein kulturminister, og eit kulturbudsjett som tar dette på alvor vil oppleve at det ikkje berre er laurdagsunderhaldninga som blir betre og meir relevant.

Mer fra: Debatt