Erna Solberg og Kjell Ingolf Ropstad på partienes pressekonferanse torsdag kveld.

Erna Solberg og Kjell Ingolf Ropstad på partienes pressekonferanse torsdag kveld.

Vis bildetekst
Foto: TERJE BENDIKSBY/NTB SCANPIX

Familiepolitikk er likestillingspolitikk

Når likestilling skal skillast frå familie på departementsnivå er det eit sterkt signal om at 100 år med målretta familie- og likestillingspolitikk skal sendast i retur.

Eg var på jobbtur i Dublin i Irland og satt på pub og fikla med mobilen, når eg såg nyhendestrømmen frå Noreg bli fylt av den nye regjeringsplattformen frå H, FrP, V og Krf. Kjell Ingolf Ropstad blir barne-, familie- og ikkje likestillingsminister.

Irland er eit hyggeleg land å besøke, men det er ikkje eit veldig likestilt land på verdsbasis. The Global Gender Gap Report for 2018 der likestilling blir målt på helse, økonomi, utdanning og politisk deltaking, slår fast at landet er på 9. plass, slått av land som Filipinene, Rwanda og Nicaragua. Noreg er på 2. plass, og vi har sirkla rundt topp 3 hvert fall dei siste 10 åra.

Høg grad av likestilling er på ingen måte tilfeldig, men resultat av målretta politikk over lang tid. At kvinner har kunna ta utdanning og delta i arbeidslivet og det politiske livet heng direkte saman med familiepolitikk som omhandlar kjærleik, ekteskap, og skilsmisse, og kvinners reproduktive rettar.

Norske kvinner fekk stemmerett i 1913, og i 1922 i Irland. På 1890-talet blei skilsmisse lov i Noreg, medan irer først fekk lov til å skille seg 100 år seinare – i 1995.  I Noreg fekk homofile og lesbiske par lov til å inngå samboarskap i 1993, medan homofili blei avkriminalisert i Irland same år. Frå 1964 blei abort legalt i Noreg, og frå 1978 fekk kvinner sjølvbestemmelse over eige kropp. I Irland blei abort legalt i fjor. 

Familiepolitikk er i stor grad kvinnepolitikk, ettersom kvinner historisk sett har vore den som har «blitt med barn» og passa på dei, og når ho klarte èin, så klarte ho alltids èin til. Dermed var livsvegen staka ut. Vi vil helst sjå familien som ein trygg arne, men utan likestilling har den fungert som eit fengsel for mange kvinner gjennom historia. Å ha moglegdom til å styre over og planlegge eigen reproduksjon, gir kvinner moglegdom til å bestemme over sitt eige liv. Ei vesentleg hindring for jenter til å ta utdanning, er tidleg graviditet. Med utdanning følger jobb, følger inntekt, følger sjølvstende, følger sjølvbestemmelse. Poenget med å seie dette er ikkje sjåvinistisk hovering på vegner av Noreg, men at andreplassen vår i likestilling har ei historie.

Likestilling i familien handlar om insentiv for eit likestilt foreldreskap og for å henge med i arbeidslivet sjølv om ein får barn. Noreg har barnehage for alle, og heilt unike velferdsordningar for barnefamiliar, med rause foreldrepermisjonar for båe foreldra. Likestilling i familien handlar også om skeive sin rett til eit familieliv. I Noreg har homofile og lesbiske kunne gifte seg sidan 2009, og dei har rett til å bli foreldre saman. Denne siste dimensjonen ved likestillingspolitikken er likevel relativt fersk og derfor skjør. Det tar tid før offisiell politikk gjenspeglar seg i sjølvsagte normer og haldningar. Stemmeretten vår kom i 1913, men framleis ligg Noreg langt etter toppen når det gjeld likelønn.

Politikk for familie og politikk for likestilling har alltid vore gjensidig avhengig av kvarandre. Abortloven er ein av dei viktigaste merkesteinane for norsk likestilling. At vi no får ei regjering som bruker (eller aksepterer - resultatet er det same) reversering av abortloven som si symbolsak, så er det ei viktig symbolmarkering av kva denne regjeringa vil. Når likestilling skal skillast frå familie på departementsnivå, så er det sjølvsagt ikkje berre for at blivande minister Kjell Ingolf Ropstad skal få sleppe støy frå homolikestillingspolitikken (som er ille nok). Det er eit sterkt signal om at 100 år med målretta familie- og likestillingspolitikk skal sendast i retur. Allereie før ministrane i denne regjeringa blir utnemnd av Kongen veit vi at det har ført til tap av konkrete rettar, kjempa gjennom sidan 70-talet.

Mange vil i desse dagar hevde at det er udemokratisk at eit lite og for tida stadig minkande parti får så stor makt. Men det er tvert om heilt innanfor demokratisk sett at kva for parti som helst, som semjast om ei plattform, kan danne ei regjering saman for å få fleirtal. På same måte er den einaste måten å få ei regjering som velger likestilling, at du bruker din demokratiske rett til ved neste valg å fremme andre parti enn dei som blei samde om å reversere rettar som gjer oss til nr 2 på likestillingsrankingen i verda.

 

 

 


Nyemeninger meninger abc

Blir du med i debatten ?

Vi ønsker at Nye Meninger skal være en plattform for opplyst og engasjert debatt. Vær saklig og unngå personangrep. Overtramp vil føre til sletting og kan føre til utestenging. Les mer om retningslinjene våre her!