Debatt

Eit WTO-møte - eller det som verre er...

Det er liten grunn til å rekne med at dette WTO-møtet vil foregå i respekt for interessene til dei landa som i WTO med god grunn stemde nei til vidare liberalisering av handel med tenester.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Børge Brende har invitert ei lang rekke ministrar til Oslo til eit sokalla WTO-møte no den 21. og 22. oktober, og UD presenterer formålet med møtet slik: «Ved å invitere til et WTO-ministermøte i Oslo i høst ønsker utenriksministeren å skape en ny dynamikk som kan bidra til å bringe WTO-forhandlingene fremover og å styrke det multilaterale byggverket som betyr så mye både for norsk og global økonomi».

Børge Brende burde ha tenkt på dette før, dersom hensikta var å «styrke det multilaterale byggverket», altså WTO. I staden har Brende vore svært så ivrig på å undergrave WTO gjennom norsk deltaking i forhandlingane om handelsavtalen TiSA. Desse forhandlingane, om ein avtale om handel med tenester, skjer utanfor og i brot med WTO, og som blir sett på som ein trussel nettopp mot autoriteten til denne organisasjonen.

Det er derfor liten grunn til å rekne med at dette WTO-møtet vil foregå i respekt for interessene til dei landa som i WTO med god grunn stemde nei til vidare liberalisering av handel med tenester. Avtalar som TiSA, som Børge Brende er ivrig pådrivar for, blir brukte som brekkstang for å tvinge svakare land til å akseptere ei liberalisering dei slett ikkje er tente med. Ei rekke uland er urolege for at dei får redusert sitt politiske handlingsrom, også gjennom nye WTO-reglar som dei blir tvinga til å akseptere. Dette bør store deler av norsk næringsliv også vere uroleg for.

Når formålet med dette WTO-møtet blir sagt å vere «å bringe WTO-forhandlingene fremover», så peikar dessverre dette «fremover» i FEIL retning. Nemleg mot ei negativ utvikling både for politisk handlingrom, og for forholda i arbeidslivet både her til lands og elles. Det er ingen tvil om at det her er snakk om ei utvikling i tråd med ideologien bak avtalar som TiSA, TTIP, CETA og TPP, som mange med god grunn protesterer mot.

I over tre år har Norge vore i forhandlingar om TiSA-avtalen. Ein avtale med konsekvensar hinsides EØS-avtalen, men likevel heilt utan ein seriøs politisk debatt. Stortinget blir halde på mange armlengders avstand frå det som foregår i forhandlingane, og alle forsøk på debatt om dei urovekkande konsekvensane av avtalen som har dukka opp dei siste par åra, blir effektivt dyssa ned. Dette får regjeringa god hjelp til av Jonas Gahr Støre, som konsekvent nektar å delta i ein debatt om TiSA i sitt parti…

Regjeringa har til å med direkte feilinformert Stortinget når den for eks har påstått at TiSA vil vere i tråd med norsk WTO-politikk. Når faktum er at dei femti TiSA-landa forhandlar utanfor, og i klart brot med WTO, og blir sett på som ein trussel mot autoriteten til dette forumet for internasjonale handelsreglar. Påstandane frå TiSA-tilhengarane om at avtalen vil vere «bra for Norge» er også direkte feil. Det rette er at nokre store og konkurransedyktige bedrifter kan tene på avtalen. Andre, som i dag opererer på den norske heimemarknaden, under ein overkomeleg konkurranse, vil bli trua av eit vesentleg verre trykk frå utanlandske aktørar som vil få kraftig styrka sine rettar gjennom TiSA. Konkurransetrykket frå utlandet gjennom EØS-avtalen, er alt i dag såpass stort at riksrevisor Per Kristian Foss kritiserer styresmaktene for å handtere for eks problemet vil alt har med sosial dumping for dårleg.

Truleg er det også direkte feilinformering frå regjeringa si side når den nyleg kom med ein budsjettlekkasje om at den vil reservere bygging av nye kystvaktskip for norske verft. For om lag ti år sidan vart nye fregattar til Marinen bygde i Spania fordi Norge var forplikta til å lyse ut dette oppdraget i EØS-området. Ingen ting tyder på at forpliktingane Norge har i denne samanheng, har blitt mindre. Tvert i mot. Og hovedprinsippet i TiSA-avtalen, er også definitivt i strid med slik favorisering av nasjonalt næringsliv. Så dersom regjeringa i framtida meiner at den bør kunne skjerme ei norsk næring som måtte få problem, så er TiSA-avtalen så avgjort det siste den bør gå inn for. Det utrulege er at statsminister og TiSA-tilhengar Solberg ser ut til å tru at ho framleis kan skjerme norsk næringsliv når ho finn det for godt – som om vi ikkje alt har inngått forpliktande handelsavtalar, og faktisk er på veg inn i det som verre er. Det er derfor grunn til å stille spørsmål ved om statsministeren også er for dårleg orientert om kva som skjer på handelsavtalefronten.

Forhandlingane om TiSA burde aldri finne stad. Men når dei kom i gang, så var det fordi ei rekke land ville halde på retten til også i framtida å gjere det Erna Solberg nyleg foreslo i sin budsjettlekkasje: Altså gi deler av næringslivet eit visst vern mot konkurranse frå utlandet, for å bygge opp eller halde på innenlands kompetanse og arbeidsplassar. Desse landa blokkerte derfor, med god grunn, vidare liberalisering av handel med tenester under WTO-forhandlingane om dette. Dette vil Børge Brende og dei andre som står bak dette WTO-møtet ikkje akseptere.

Mer fra: Debatt