Debatt

Eit splitta Colombia vel ny president

Søndag vel Colombia ny president. Vil han kaste landet ut i ny krig? Eller vil han klare å fokusere på det som foreinar colombianarar, og ikkje på det som splittar?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Colombia er både splitta og i endring, og aller mest det fyrste. Valet mellom høgresidas kandidat Ivan Duque og venstresidas Gustavo Petro reflekterer polariseringa kring fredsprosessen med FARC.

Denne polariseringa kom best til uttrykk i folkerøystinga i 2016 om fredsavtalen mellom Juan Manuel Santos-regjeringa og FARC. Der stemde eit knapt fleirtal mot avtalen som skulle ende den 50-årige væpna konflikten og gjere opprørsgruppa FARC om til eit politisk parti. Trass i ein omforhandla avtale som vart godkjent i kongressen, er Colombia framleis splitta om fleire deler av fredsavtalen og FARC-medlemmer sitt inntog i samfunnet og politikken.

Hard politisk tone

Det er store motsetningar mellom den politiske høgre- og venstresida i Colombia, som til dømes om økonomi, narkotikapolitikken, tryggleik i byane, abort, og LGBT-rettar. Men, sjølv om den ikkje var blant dei aller viktigaste temaa i valkampen, er det debatten om fredsprosessen som er mest brennbar. Medan Petro stiller seg positiv til fredsavtalen, er Duque svært kritisk. Spesielt kritisk er han til FARC-leiarar sitt inntog i kongressen dei neste ti åra. Han meiner dei fyrst må sone straff for brotsverk begått i konflikten.

Duque er også kritisk til JEP, ein spesialdomstol som skal dømme soldatar frå FARC, den colombianske hæren og enkeltindivid for krigsbrotsverk. Kritikarar meiner motstanden mot JEP handlar om at mange på Duque si side, om ikkje nødvendigvis Duque sjølv, ynskjer å unngå at visse historiar frå konflikten kjem fram i lyset.

Polariseringa kring fredsprosessen er hovudingrediensen i eit splitta Colombia. Og den politiske tonen i Colombia underbygger dette. Medan høgresida meiner Petro vil øydeleggje landet slik sosialistregjeringa til Chávez og Maduro gjorde det i Venezuela, meiner venstresida at Duque vil øydeleggje fredsprosessen og kanskje føre landet tilbake til krigen.

Sentrum sidestilt

På nokre punkter er dei, inneforstått, samde. Begge framstiller seg som nykomarar og reine, og ynskjer å bekjempe utstrakt korrupsjon. Medan Duque kjem frå 11 år hjå den Interamerikanske utviklingsbanken i Washington D.C., kjem Petro, tidlegare medlem i geriljagruppa M-19, frå verv som borgarmeister i Bogotá.

Dei er også samde om at Colombia treng ei kvinneleg visepresident, anten Martha Lucía Ramirez (Duque) eller Ángela María Robledo (Petro).

Slike unnatak vitnar om store motsetnadar. Det gjer også fyrste valrunde, der ytterkantane sigra med 39.1% (Duque) og 25.1% (Petro). Likevel; sentrumskandidaten Sergio Fajardo fekk 23.7 prosent av røystene, knappe 1.4% mindre enn Petro. Mange utanforståande såg på Fajardo som den best kvalifiserte, mellom anna grunna rolla hans i forvandlinga den tidlegare svært valdelege byen Medellin. Medan Duque står utan politisk erfaring før 2014, er Petro vurdert som ein dårleg administrator.

På søndag føler mange av Fajardo sine 23.7% sentrumsveljarar dei må velje mellom to onder. Stemmer desse på Petro eller Duque? Og kor mange vil stemme blankt, eller bli heime? Akkurat det kan verte avgjerande. Om ikkje venstresida klare å overbevise nok sentrumsvegjarar, er det Duque som vert president.

Kan valet på søndag kaste Colombia ut i ny væpna konflikt?

Colombia har karra seg ut av den politisk væpna konflikten med FARC gjennom politiske kompromiss. Med Duque som president, vert vilja til kompromiss betydeleg kompromittert. Likevel, trass i haltande gjennomføring, har den colombianske fredsprosessen kome lenger enn dei fleste.

Men; overskrifter som «nytt konfliktutbrot i Colombia» er ikkje heilt usannsynleg. Dette kan skje ved at desillusjonerte geriljamedlemmer ser lite vilje hjå staten til å gjennomføre avtalen, og vel heller å foralte dei mellombelse leirane for re-integrasjon. Mange drar nok heim til familie, men andre kan slå følgje med andre utbrytarar frå FARC.

Kan hende slår dei også lag med kriminelle og nye paramilitære grupper. Forhandlingar med slike nye konstellasjonar vert vanskelegare. Slike grupper vil sannsynlegvis ha ein mykje mindre tydeleg politisk målsetnad enn FARC. Deil vil nok heller ikkje ha den hierarkiske stukturen som gjorde at FARC-leiarar på eit einklare vis kunne snakke for heile organisasjonen.

Konfliktutbrot kan skje, dersom FARC-medlemmer oppfattar ei eventuell Duque-regjering som uvillig til å gjennomføre fredsavtalen. Om også drap på FARC-medlemmar og -leiarar aukar, kan freden stå i fare.

Å samle Colombia

Mange vil meine at ei regjering med Duque vil vere einsbetydande med politikken til eks-president Álvaro Uribe. Uribe (2002-2010) førde ein kompromisslaus og kontroversiell krig mot FARC, og har vore den største kritikarane til fredsprosessen.

Det er sannsynleg at Duque kan skape meir splid blant colombianarar, skape unødig spenning i FARC-leirar, og hindre ein avtale med den mindre geriljagruppa ELN. Petro vil óg slite med desse utfordringane. Uansett utfall, er likevel restart av ein væpna konflikt mindre sannsynleg.

For å sikre freden står Colombia best skodd med ein president som prøver å samle, ikkje å splitte. På kortsikt verkar det nytteslaust, og svært vanskeleg fleire år frametter. Men det er naudsynt.

Prosessen med å bryte opp polariseringa må byrje no. Den byrjar nok best i det små, allereie etter presidentvalet på søndag—anten med Petro eller Duque som president.

Mer fra: Debatt