Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) bør lage ei kort kulturmelding, meiner kronikkforfatteren. FOTO: ARNE OVE BERGO

Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) bør lage ei kort kulturmelding, meiner kronikkforfatteren. FOTO: ARNE OVE BERGO

Vis bildetekst
Foto:

30-05-2017

Ei kulturmelding som begeistrar

Gløym hjartesakene og eigne kjære mødrer. Det er tid for å vera prinsippiell.

Ei ny kulturmelding er annonsert. Det er 14 år sidan den førre. Kunstlivet, denne gongen særleg i og kring hovudstaden, jublar. Mykje vil ha meir. I ei ny kulturmelding må lista leggjast endå høgare enn før, heiter det. Kva med nok ei dobling av kulturbudsjettet?

I kunstlivet tek ein for gitt at meldinga skal kome med friske midlar. Ap vil gi kunstnarane «et økonomiløft» og oss alle eit nytt Kulturløft. Men kunst og kultur er «også noe vi skal leve av», seier kulturministeren. Etter oljen, altså. Ho har eit varmt hjarta for dei kreative næringane. Men strekk vitet til?

Gløymt er den sterke forventa veksten i statlege utgifter på andre og viktigare felt. Gløymt er minkande oljeinntekter og høgare skattar. Gløymt er det faktum at ingen av dei fire siste kulturmeldingane har gitt kulturlivet særleg meir pengar. Den største statlege kultursatsinga sidan 1970-talet, Kulturløftet 2005-13, vart heller ikkje tenkt ut i Kulturdepratementet. Dei to første kulturmeldingane frå 1973 og 1974 hadde derimot avgjerande verknad på utviklinga av Kultur-Noreg.

Dei to omfattande kulturmeldingane frå 1992 og 2003 vart òg borne fram av store forventningar om auka løyvingar. Når meldingane endeleg kom, sterkt forseinka, var det lite att av entusiasmen. Likevel: med nokre få viktige setningar i 1992-meldinga vart norsk jazz løfta inn i kulturpolitikkens elitedivisjon. Det gjentok seg med norsk folkemusikk i 2003-meldinga. Lovnadene sat i detaljane. Kanskje løfter 2019-meldinga fram det norske visefeltet? Og lat oss ikkje gløyme at Peter Butenschøn saman med Åse Kleveland i 1992 sørgde for opprettinga av Norsk form.

Eit slåande utviklingstrekk er elles at dei siste kulturmeldingane i stadig mindre grad omhandlar lokalt og regionalt kulturarbeid. 1970-tals-meldingane vart derimot helsa velkomne med stor begeistring landet rundt. Det skuldast at tida var moden for ein radikalt ny kulturpolitikk, og at meldingane i hovudsak handla om det kulturlivet trong aller mest: pengar og ny organisering.

No er vi i gang att. Eit bortskjemt kunst- og kulturliv spenner forventningsbogen. Ein teatersjef snakkar om å doble kulturbudsjettet. Men utfordringane er mange for den som skal lage ei ny kulturmelding ved inngangen til slutten av den særnorske oljealderen.

Eg vonar derfor sterkt at den nye kulturmeldinga vert noko heilt anna enn nok ein gjennomgang av kunst- og kulturlivet og kulturpolitikken område for område. Gløym hjartesakene og eigne kjære mødrer. Dei har fått og bør få sine eigne, og tiltaksretta, stortingsmeldingar. No er det tid for å lage ei overordna og prinsipiell kulturmelding, maks 100 sider, som skal stake ut kursen og drøfte vegval i kulturpolitikken i ei tid som ikkje er postfaktuell, men som i aukande grad vert postfossil. Og om det er noko som ikkje vert den nye oljen, er det nettopp kunsten og kulturen. Det må meldinga ta inn over seg. Dei kreative næringane reddar oss ikkje.

Den nye kulturmeldinga må (?) ta utgangspunkt i Engerutvalets uavhengige og kunnskapsbaserte utgreiing om den norske kulturpolitikken. Kva vil regjeringa (blå eller raudgrøn) gjere for å gjenreise «den kulturelle grunnmuren» som snart rasar saman? Har det kanskje vorte investert meir enn nok i store kulturhus og dyre idrettsanlegg, som Engerutvalet peikar på. Trengst det ein bibliotekmilliard i staden? Dei svært mange i kulturlivet som omfamna Kulturutredningen 2014, vil no ha tydelege styringssignal.

Meldinga må òg lene seg på den kunnskapen vi har fått fram gjennom mange års kulturpolitisk og kulturøkonomisk forsking. Og sjølv om heile fem av seks prosjekt i det store og pågåande forskingsprogrammet til Forskingsrådet om kultur- og mediesektoren, har hamna i Oslo, er det slett ikkje der mesteparten av den nye forskingsbaserte kunnskapen om kultursektoren er utvikla.

Er det ikkje snart nok faste institusjonar i det norske kunstlivet? Kva med fleire tidsavgrensa prosjekt i staden? Heller kreative næringar enn faste arbeidsplassar? Mange vil også vite kva som kom ut av den enorme museumsreforma som har prega heile landet i meir enn eit tiår. Og lat professor Gran på BI få nokre linjer om digitaliseringa.

Engerutvalets hovudtilråding er både klar og kunnskapsbasert: det er tid for eit lokalt kulturløft, med staten i førarsetet. Slik var det også på 1970-talet. Og kanskje kan dei som innanfor dagens sterkt sentraliserte regime skal utforme 2020-talets kulturpolitikk, hente litt inspirasjon frå det tiåret då kulturpolitikken begeistra landet og gjorde ein verkeleg skilnad. Vi treng ei begeistrande kulturmelding ved inngangen til eit nytt og hardare tiår.


nyemeninger Meninger

Blir du med i debatten ?

Vi ønsker at Nye Meninger skal være en plattform for opplyst og engasjert debatt. Vær saklig og unngå personangrep. Overtramp vil føre til sletting og kan føre til utestenging. Les mer om retningslinjene våre her!