03-10-2014

Det tredje standpunkt

Fleirtalet i SVs landsstyre har gjort eit vedtak om Russland og NATO som eg er djupt usamd i. Eg respekterer at fleirtalet gjorde det, men eg meiner det gjer ein breiare debatt naudsynt.

Få av oss skjøna nok at demonstrasjonane som starta på Maidan-plassen i Kiev den 21.november 2013 skulle bli opptakten til den sterkaste konflikten mellom aust og vest på 25 år. Demonstrantar samla seg mot at Regjeringa i siste liten kansellerte ein samarbeidsavtale med EU. Etter kvart vart opprøret nasjonalt, og trakk breie grupper med i ein protest som til sist velta regimet.

Hendingane i Ukraina skjer ikkje i eit vakuum, dei er del av ei farleg politisk utvikling som over tid har funne stad i Russland og mange av nabolanda. Russland ar dei siste åra blitt langt meir autoritært. Makt vert samla, og regionale myndigheiter og sivilt samfunn vert svekka. Uavhengige medier vert marginalisert, og ei rekke lover som svekkar menneskerettane er vedteke.

Samstundes rustar Russland opp. Putin har ambisjonar om å gjere Russland til ei sterkare global makt, mellom anna gjennom eit tett politisk og økonomisk samarbeid med landa rundt. Ukraina er sentralt i dette biletet, då det er det største og viktigaste landet i den russiske sfæra, men også det mest «utsette» sett frå ein russisk ståstad.

Eg meiner det er det farlegare utviklingstrekket for tryggleiken i Europa, men også det viktigaste demokratisprøsmålet i vår verdsdel no. Det er difor eg har engasjert meg sterkt i det personleg. Hatt møter med myndigheiter, organisasjonar og personar frå Russland og Ukraina for å forstå og lære. Reist spørsmål om menneskerettar i Russland i Stortinget. Eg engasjerte meg for rettigheitene til demonstrantane i Ukraina som protesterte mot regimet.

Dette er i den stoltaste tradisjonen til det partiet eg er nestleiar i, SV. Vi har gjennom heile partiets historie kjempa for demokrati og menneskerettar, mot stormaktsinteresser - anten det er i Latin-Amerika, Midtausten eller Afrika - bygd på det eg kallar «Det tredje standpunkt».

Kva er det tredje standpunkt? Kjernen i det er at same standardar skal gjelde for alle. Alle land - stort eller lite, aust eller vest - må følge like regler. Bakgrunnen var den kalde krigens mare, at ei kvar internasjonal handling vart tolka inn i aust-vest konflikten. I Noreg og andre vestlege land støtta, eller gav stille aksept til, mange politikarar USA sine invasjonar i Vietnam og Latin-Amerika, medan Sovjet sine overgrep vart kritisert hardt. Kommunistar støtta, eller såg mellom fingrane med, Sovjetunionen sine invasjonen i Ungarn, Tsjekkoslovakia og Afghanistan, men var i front i kampen mot USA sine overgrep.

Det tredje standpunktet var derfor å ta standpunkt ut frå same krav til folkerett, demokrati, menneskerettar og nedrusting uansett kva land som stod for ei handling, ikkje ut frå kva lag du var på. Det var å sjå at det finst alvorlege feil både i aust og vest, og vere villig til å påpeike dei like klårt uansett kven som stod for dei.

Kva var det tredje standpunkt ikkje: Det var ikkje å vere 50-50 for øst og vest i ein kvar situasjon, å seie at her har begge eit ansvar, vi vil ikkje velje side. SV var aldri 50-50 i vårt syn på Sovjetunionen sine invasjonar i Tsjekkoslavakia i 68 eller Afghanistan i 79, like lite som vi var 50-50 mot USAs krig i Vietnam eller Nicaragua. Vi tok stilling, med utgangspunkt i respekt for internasjonal lov og rett.

Det er linja SV har følgt. Det er den vi må følgje i den heilt naudsynte kritikken mot det grove folkerettsbrotet Russland står bak i Ukraina, den første invasjonen av ein europeisk stat i ein anna sidan 2.verdskrigen.

Vi kan ikkje då unnskylde den russiske handlemåten, med at det er vestlig dobbelmoral. Eller forstå og akseptere at Russland har interesser i Ukraina, og dempe kritikken. Eller forsøke å dele hovudansvaret mellom Russland og NATO.

Vi skal sjølvsagt forstå og forklare utviklinga, for å handle riktig. Det er minst tre ting som er viktig å forstå som forklåring på russisk aggresjon i Ukraina.

For det første trur eg vestlege land si handtering av samanbrotet i Sovjetunionen på 90-talet var ein historisk feil. Ein greip ikkje sjansen til å bygge eit alleuropeisk tryggingssystem, og gjekk raskt fram med å utvide NATO inn mot Russland sine grenser. Det kan delvis forklåre russisk politikk dei siste åra.

For det andre har vestleg dobbeltmoral delvis legitimert folkerettsbrot frå russisk side. John Kerry sat på amerikansk søndags-TV og såg inn i skjermen medan han sa; «You just don‘t invade another country». Eg vonar det var ein spegel i nærleiken, for det har jo USA gjort ei rekke gonger, og med det undergravd folkeretten. Dobbelmoral, men løysinga er jo ikkje å akseptere nok eit folkerettsbrot fordi mange gjorde det i Irak. Det er jo bra at vi er konsekvente no, løysinga er å bli konsekvente i framtida også!

For det tredje er det grunn til å vere skeptisk til NATO sine militære aktivitetar i møte med konflikten, og usikker på om sanksjonane mot Russland er rett spor. Ein ny opprustningsspiral, med nedkjøling av handel og samarbeid, kan bli resultatet.

Eg er alltid for å forstå, å problematisere. Skal ein kome vidare, må ein forstå. Men ikkje akseptere. Eg forstår kvifor USA gikk inn i ei rekke land i Latin-Amerika i si tid, men det kunne ikkje falle meg inn å akseptere. Eg har brukt ein del tid på å forstå korleis Israel ser konflikten med Palestina. Men ikkje for å akseptere okkupasjonen. Like naudsynt er det å halde fast ved at Russland ved sine brot på internasjonal rett er ansvarleg for krisa i Ukraina, og at reaksjonar på det er naudsynt. For meg er det grunnleggande viktig.

Det er difor eg ikkje kan slutte meg til fråsegna SVs landsstyre vedtok den 6.9 i år. Då stemte landsstyret ned ei fråsegn som fordømte Russlands folkerettsbrot, støtta sanksjonar mot landet men også kritiserte NATO sin respons. Til fordel for ei fråsegn som sa at NATO var del av problemet og gjekk mot NATO-øvingar og ein ny hurtigreaksjonsstyrke, men utelet kritikk av Russland.

Eg kan ikkje forsvare det, då det fundamentalt bryt med mitt syn. Samstundes aktualiser situasjonen i Europa no debatten om vårt tilhøve til Russland. Det vil bli sentralt i norsk utanrikspolitikk i åra som kjem. Eg ser det difor som naudsynt å reise ein breiare debatt om - og få ei avklåring på - korleis vi frå SV og venstresida bør tenke om Noreg, Nato og Russland vidare.

La meg oppsummere mitt syn i tre punkt, som eg vonar kan gje mat til diskusjon.

1) Vi må utvetydig og krystallklart plassere ansvaret for invasjonen i Ukraina der det høyrer heime, hjå Russland. Vi må ikkje eingong antyde at det er to partar som er like ille, fordi det er feil. Like feil som å hovudplassere ansvaret for Irak-krigen hos to partar. Og brot på folkeretten bør få konsekvensar.

2) SV må vere den konsekvente forsvarer av demokrati og menneskerettar opp mot næringsinteresser i norsk utanrikspolitikk, også overfor land i Aust-Europa. I Aserbajdsjan, mot oljeinteresser. I Ukraina, at vi ikkje ser mellom fingrane med brot på menneskerettar fordi det no er eit meir pro-vestleg regime. I Russland, at Noreg er ein kritikar sjølv om det dreier seg om ein mektig nabo. I alt for stor grad lar Noreg våre eigeninteresser styre utanrikspolitikken. SV må vere ei motvekt mot det. Det er ikkje minst viktig fordi det i periodar var personar og miljø i SV som la mindre vekt på demokrati enn dette, og som hadde sympati med enkelte av regima i aust. Det må ikkje skje igjen.

3) Sjølv om Russland har brote folkeretten i Ukraina, sjølv om landet har ei skremmande utvikling, så ligg det der det ligg, og det er ei stormakt i Europa. Difor kan varig tryggleik og fred i vår verdsdel berre sikrast saman med Russland. Gjennom handel, samarbeid og tillit. Mange politikarar vil no nytte høvet til å dyrke ein ny kald krig mot Russland, men det må vi avvise. I vår verdsdel kan vi berre ha varig tryggleik saman med Russland, ikkje i konflikt med landet. Det er difor naudsynt å støtte og delta i initiativ for dialog og forståing med landet.

Eg ønskjer ein kunnskapsbasert debatt om kva som er god tryggings- og fredspolitikk i dag. Eg ser det som naudsynt no å få ei avklåring på desse spørsmåla. Kva haldning vi har til Russland, og reaksjonane mot Russland sine handlingar.


Internasjonalen Arne Strand Radikale Røster Redaksjonens utvalgte innlegg Perspektiv Publisert på Dagsavisens debattsider samme dag. Blåmandag Grønn hverdag Publisert i Dagsavisens papirutgave samme dag. Ille til mote Anders Heger Diskuter nå Hege Ulstein Espen S. H. Rusdal Ivar A. Iversen Utvalgte innlegg Reidar Sollie Halvor Finess Tretvoll Henvisning 1 Henvisning 2 Cancun Til Dagsavisen.no Refleks Selvbilder Global Voldtekt Dagens leder

Blir du med i debatten ?

Vi ønsker at Nye Meninger skal være en plattform for opplyst og engasjert debatt. Vær saklig og unngå personangrep. Overtramp vil føre til sletting og kan føre til utestenging. Les mer om retningslinjene våre her!