Debatt

Det personlege er politisk. Også i naturen.

Om du legg deg som naturelskar i kveld, kan du vakne som naturvernar i morgon.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Sjansen er stor for at du som les dette er ein naturelskar. Ni av ti nordmenn driv med friluftsliv. Vi har kvar våre favorittar: Nesten alle går tur i skog og nærnatur rundt byar og bygder. Mange drar til fjells i langhelger og feriar, og no på sommartid lokkar kysten med bading, båtliv og fiske. Friluftsliv og naturopplevingar er ein viktig del av norsk kultur. Og nesten alle er med.

Det same kan vi ikkje seie om naturvern. I alle fall ikkje om vi bruker medlemsskap i natur- og miljøorganisasjonar som målestokk. Om vi legg i hop medlemstala til dei største miljøorganisasjonane i Noreg, kjem vi ikkje opp i meir enn eit par-tre prosent av folketalet.

No er det jo fleire enn naturvernorganisasjonane som driv med naturvern, og fleire måter å vere engasjert på enn å melde seg inn i ein organisasjon. Men likevel. I Noreg er naturen kulturelt fellesgods, medan naturvern er for spesielt interesserte. Vi som slår rundt oss med dyster statistikk om tap av biologisk mangfald. Vi som minner om at naturtapet ikkje berre går føre seg i regnskogar og på korallrev, men òg i myrer og skogkantar, i elver og på fuglefjell her heime. Alle som forstår kva det globale naturtapet inneber, er einige om at det er dramatisk. Mangfaldet trengst for at naturen skal fungere. Naturen gjev oss menneske mat, klede, medisinar og ei rekke andre varer og tenester. Likevel får naturvern lite merksemd både i media og i politikken.

Enn så lenge har ikkje nasjonen vår av naturelskarar heilt kasta seg inn i kampen for naturvern. Ein av grunnane kan vere at naturvernsakene ofte framstår som lokale saker med høgt konfliktnivå. For fredsame naturelskarar er det nok ikkje alltid så fristande å melde seg på i ein debatt som ofte kan virke nokså uforsonleg. Folk drar jo ikkje til skogs eller fjells for å krangle.

Ein annan grunn kan henge saman med kva slags bilete vi har av den naturen vi er så glade i. «Intet er så rommelig som havet», er opninga på Alexander Kielland sin store roman «Garman og Worse». «Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå», skreiv Ivar Aasen. Fjord og fjell har hovudroller i den kulturelle forteljinga om norsk natur. Dei framstår som nær uforanderlege fenomen. Kan hende er  det derfor det er både godt og trygt å kome attende til dei, etter hektiske dagar og veker i bygd og by? Ein natur som tåler alt, uendeleg robust.

Det er moglegvis kan hende ikkje så lett å sjå for seg denne naturen som truga. Men det er han altså. Heile 58 prosent av dyrelivet i verda har gått tapt på 40 år. Også her i landet forandrar vi naturen som aldri før. Vi har varmare klima, meir plastsøppel og nye typar ureining. Vi endrar landskapet med moderne jord- og skogbruk, og med å byggje kraftverk og vegar, hytter og hus. Nye artar kjem inn, medan andre blir meir eller mindre borte. Vi har fått fleire brunsnegler og færre songfuglar, fleire parkeringsplassar og mindre blomstereng, og daud kval på stranda med plast i magen.

Naturtapet finst ikkje berre i statistikken. Det har byrja å merkast. I sommar har WWF gått saman med paraplyorganisasjonen Norsk Friluftsliv om eit nytt samarbeidsprosjekt: Vi inviterer folk over heile landet til å tipse oss om naturopplevingar dei set pris på, og som dei er redde for å miste. Utpå hausten skal ein jury gå gjennom forslaga og sette saman den første norske raudlista for truga naturopplevingar.

Nokre veker inn i kampanjeperioden strøymer nominasjonane inn. Som arrangør har eg fått sjansen til å sjå nærare på nokre av dei. Folk foreslår brevandring og blåbærturane i nærskogen, stilla i skjergarden, lyden av fuglesong, gammal skog som får vekse i fred, og kjensla du får når du drikk vatn frå ein fjellbekk.

I mine auge viser oppslutninga om denne kampanjen at vi er mange som har forstått at vi ikkje lenger kan ta naturen for gitt.

Då feminismen for alvor tok plass i samfunnsdebatten for nokre tiår sidan, var eit av slagorda at det private var politisk. Spørsmål som før berre høyrde privatlivet til, som arbeidsfordelinga i heimen og ansvaret for barna, vart gradvis ein del av politikken. Eg trur vi vil sjå noko liknande når det gjeld natur og naturopplevingar. Vi kjem nok til å høyre meir frå naturelskarane i ordskiftet om norsk natur i åra framover.

For det er ikkje ei lita sak å ta vare på naturen og berge dei opplevingane som er verdt å bevare. Å stanse naturtapet er ingenting mindre enn ei omsorgsoppgåve for ein heil generasjon.

Mer fra: Debatt