Debatt

Det Norske Teatret til Groruddalen

Det Norske Teatret har bestemt seg for å etablere ein satelittscene i Groruddalen i samarbeid med bydel Stovner og Rommen Scene.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Vi gjer det av fleire grunnar. Det gror sjølvtillit i dalen, sjølvtillit og ny identitetskjensle. Det er stor interesse for historiene frå denne kanten, i litteraturen, i musikken og på dansescenen. Det ville vere dumt av oss ikkje å sleppe til denne sjølvkjensla på teaterscenen. Vi skal finne uttrykk for vår eiga tid og fortelje historiene til heilt vanlege menneske frå Stovner, Grorud, Alna og Bjerke. Det Norske Teatret ønskjer, som ei naturleg vidareutvikling av historia vår, skodespelarutdanninga Det multinorske og Den mangfaldige scenen, å bidra til å etablere eit profesjonelt scenekunstmiljø i Groruddalen. Men vi gjer det også for vår eigen del. Byen veks, teateret veks og vi treng ein scene til.

Det Norske Teatret blei stifta i ei tid med sterke motkulturelle straumar. Mange tilflyttarar kjende seg ikkje heime i den dominerande borgarlege kulturen som Nationaltheatret var det fremste dømet på den gongen. Det Norske Teatret har alltid vore del av ein motkultur og i opposisjon til den tradisjonelle oppfatninga av kva det vil seie å vere norsk. Over 100 år seinare, har Det Norske Teatret vakse seg sterkt og synleg. Men vi har likevel ikkje gløymt kor vi kjem frå. Kven er dei som no ikkje kjem til orde? Kven er dei som kjenner seg framande for den etablerte norske kulturen? Kva vil det eigentleg seie å vere norsk? Vi som ber namnet Det Norske Teatret må halde fram med å vinne tillit hos nye grupper. Det gjer at vi må arbeide saman med dei mange kreative kreftene som finst midt blant oss, i vår eigen by. Det er i teateret si eigeninteresse å ta del i eit samarbeid som gir oss impulsar og måtar å uttrykke oss på, som vi elles vil gå glipp av. Profilen vår i Groruddalen vil vere tett knytt til identiteten i dalen, men teateret ønsker å bidra med erfaringar og profesjonalitet. Rommen scene er eit godt utgangspunkt for å drive erfaringsutveksling og for å tøye grensene for kva vi kan kalle scenekunst.

Det Norske Teatret har dei seinare åra løfta fram historier om og frå miljø som ikkje er skildra tidlegare i dramatikken. «Blokk til blokk» som for tida fyller scenen kveld etter kveld er ei hylling av hip hop og gir eit bilde av oppvekst på Haugenstua og Romsås. Dette kom i stand i eit samarbeid med SPKRBOX, ein av fleire aktørar som vi no ønsker å knytte oss tettare til. «Utafor» i samarbeid med Just Unity sette utanforskap på agendaen og ungdommar frå heile byen deler erfaringar kring temaet på scenen. Slike viktige kontaktar har gjort oss kunstnarleg nysgjerrige. Når vi no etablerer ein satelittscene så gjer vi det fordi vi ønsker å vere ein permanent del av kvardagen til flest mogleg i denne byen og på den måten bidra til å styrke den profesjonelle scenekunsten, også i Groruddalen.

Mer fra: Debatt