ANNONSE

01-06-2016

Det er ikkje tøft å vere teit

Det er lov å le av nynorsk, sjølv om det først og fremst røper kor fordomsfull du sjølv er. Men ikkje når du representerer eit universitet i ein eksamenssituasjon.

«Eg fekk sjokk og panikk. Vart redd for at dei hadde brukt så vanskelege ord at eg ikkje kom til å forstå kva dei ville fram til», fortel Ingeborg Steine Jensen til NRK. Ho studerer til byggingeniør ved Norsk teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) si avdeling på Gjøvik. På eksamen 26. mai hadde ho bede om oppgåva i statistikk og økonomi på nynorsk. Noko ho fekk.

Eller ikkje. For «nynorsken» var ikkje nynorsk, eller noko anna kjend skriftspråk, men eit pinleg oppkok av liksomfestlege ord og uttrykk den som «omsette» oppgåva frå bokmål hadde dikta opp sjølv og blanda med dialekt, utan å bruke verken ordbok eller dei nynorskkunnige kollegaene NTNU seier finst. «Fyr ein omfram fresemaskin verdsetjas denne mot kjøp tå ny», står det i oppgåveteksten, som ber studentane «Verdsetj investeringas lønnsemd ut tå nåverdimetoda» og spør «Kvisleis er investeringa?»

Setningane er like kryptisk kaudervelske anten ein er stødig i nynorsk eller ikkje. Verken «fyr», «tå» eller «kvisleis» er ekte ord. Det heiter «for», «frå» og «korleis». Ingen norske målformer endar verb i bydeform (imperativ) med -j, og «omfram» er eit så lite brukt ord at eg – trass nynorskbruk gjennom heile skuleløpet, inkludert universitetet – måtte slå det opp for å lære at det rett og slett betyr «skikkeleg god».

«Veldig beklagelig rutinesvikt», kallar studiedirektøren ved NTNU det heile. Jensen og dei andre studentane med nynorsk oppgåvetekst har fått eit offisielt unnskuld. Ein kan jo berre krysse fingrane for at språkmobbinga ikkje øydela altfor mykje av eksamenskonsentrasjonen deira.

For dette er mobbing. Ein representant for majoriteten og autoriteten, for det bokmålske universitetet, let «humoren» sin gå ut over minoriteten, altså nynorskbrukaren, som dessutan er i ein underlegen og pressa situasjon – slik ein er som nervøs student i ferd med å ta ein viktig eksamen.

Det mest interessante med saka på Gjøvik er likevel ikkje at ein eller annan moroklump ved byggingeniørfag drit seg ut med det «festlege» tullespråket sitt. Det er absolutt interessant å merke seg at NTNU ser ut til å sleppe unna med eit slapt «ups, unnskuld, rutinesvikt, hehe», sjølv om norsk lov slår fast at nynorsk og bokmål er jamstilte i landet generelt og ved læringsinstitusjonar spesielt, og universitetet faktisk har brote lova med den harsellerande oppgåveteksten. Det burde få følger.

Det mest påfallande med saka er likevel at ho så voldsomt tydeleg avslører dei nedlatande haldningane mange bokmålsfolk har til nynorsk. For alle oss som har nynorsk som hovudmål, men som bur og arbeider i område kor bokmålen dominerer, er det gammalt nytt. Nynorsk og bokmål er likestilte på papiret. I praksis er nynorskingar vande med å bli ledd av. Harald Heide Steen Jr. sin figur Sylfest Strutle er eit klassisk eksempel, men alle norske fjernsynskanalar har eit rikhaldig arkiv fullt av «grautnorsk» og «spynorske mordlister», meir og mindre elegant latterleggjering av den «bondske» nynorsken.

Og nynorsken toler å tullast med. Ingen som skriv nynorsk er interesserte i å sjå seg sjølv som stakkarslege offer. Målforma har mange sterke, kjende og folkekjære representantar, folk med makt og humor. Det er lov å le av kvarandre. Sjølvsagt er det det! Men med færre brukarar, særs på Austlandet der makta er konsentrert, er nynorsk likevel i ein minoritetsposisjon. Og det verkar det ikkje som om alle bokmålingane som stadig må mobba nynorsken og dei som brukar han heilt har forstått.

Å mobbe nokon for å tilhøyre ein minoritet i kraft av hudfarge, kjønn eller seksuell legning, er nok verre enn å mobbe folk for nynorskbruk. Skriftspråk er noko ein kan velje sjølv, og dermed velje bort om ein ikkje orkar meir tyn. Nynorskingen kan gå over til bokmål, ein homofil kan ikkje bli hetero. Men sjølv om rasisme, sexisme og homofobi er verre, liknar språkmobbing ein del. Det handlar om posisjon. Dei som representerer ein majoritet bør trø forsiktig når dei skal tulle med ein som representerer ein minoritet. Ein nynorsking som av bokmålsfolk stadig blir spurt «kvissleisen da gjeng» syns sjelden det er spesielt originalt. Eller morosamt. Heller trist, i grunnen, om bokmålingen faktisk trur det der er skikkeleg nynorsk.

I dag blir mange nynorskingar tvungne til å skrive sidemålet sitt, bokmål, på jobben, fordi arbeidsgjevar ikkje vil ha nynorsk kommunikasjon mot kundar, brukarar, lesarar. Dei trur bokmålsfolk er for dumme til å forstå anna enn bokmål. Det kan lett gå troll i ord. Sjå bare til Gjøvik.


nyemeninger

Blir du med i debatten ?

Vi ønsker at Nye Meninger skal være en plattform for opplyst og engasjert debatt. Vær saklig og unngå personangrep. Overtramp vil føre til sletting og kan føre til utestenging. Les mer om retningslinjene våre her!