Debatt

Betre lønn for kunnskap og kompetanse

I Dagsavisen 20.6 skriv Anders Kvam, forhandlingsleiar i Akademikerne, at statsråd Monica Mæland kallar statens avtale med Akedemikerne «historisk modernisering». Her har kanskje Kvam meir rett enn han tenker over:

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Avtalen han lovprisar gir meir makt over lønn og arbeidsvilkår til arbeidsgjevarane. Nettopp slik det var ein gong i historia. Ikkje underleg at statens øvste arbeidsgjevar er fornøgd.

Som Kvam skriv: «samtidig blir oppgavene meir komplekse og kompetansekrevende og de skal løses med mindre ressurser (mi uheving). I så fall passar eit lokalbasert og individfokusert lønnssystem som hand i hanske for arbeidsgjevar: Då kan ein gi lite til dei mange, og litt meir til nokre få.

Unio er einig i at kunnskap og kompetanse må lønne seg betre for dei som arbeider i staten, og i offentleg sektor generelt. Vi er gjerne med på å forbetre systemet i så måte. Dette er det mogleg å oppnå utan å rive ned forhandlingsbalansen mellom partane.

Også i årets tariffoppgjer har vi opplevd hard tautrekking om ein gammal kjenning i tariffpolitikken: Kor mykje skal forhandlast sentralt og kor mykje skal forhandlast lokalt? I staten var streikefaren lenge overhengande. Men til slutt blei det ei jamn økonomisk fordeling etter mekling timesvis på overtid: Halvparten sentralt, og halvparten lokalt.

Ei viktig årsak til streikefaren er at staten, saman med Akademikerne, er blitt ein aggressiv aktør for å desentralisere og fragmentere forhandlingane. Dette er mildt sagt eit paradoks. Knapt nokon institusjon har større ansvar for fellesskapsløysingar og likebehandling enn staten. Det er mellom anna difor vi har staten, ein stat som skal ivareta det nasjonale.

Det ser ut til at staten held seg framleis med gammaldagse new public management-idear, og baserer tariffpolitikken på 90-tals dokument frå OECD og det internasjonale pengefondet. Desse argumenterte på den tida for å desentralisere lønnsforhandlingar, og meinte at sentrale kollektive forhandlingar hindra både produktivitet og sysselsetting.

Men OECD har tatt eit kunnskapsbasert oppgjer med gamle standpunkt. Nyare forsking, i regi av OECD sjølv, viser at reklamen for desentraliserte lønnsoppgjer var feil. I det store og det heile er haldninga no at sentral lønnsdanning gir best resultat både når det gjeld sysselsetting, produktivitet og likestilling.

Trass i at OECD og andre har endra syn, spelar altså vår eigen stat, i praksis regjeringa, den gamle plata med hakk i: Det er den lokale verksemda, dvs leiarane, som veit best kva som trengst av lønnstiltak på eigen arbeidsplass.

Så skal det leggast til at den sentrale koordineringa her til lands har vore så sterk at lønnspremien for utdanning har blitt skadelidande. Det gode kan altså bli det bestes fiende, også på dette området.

I den norske forhandlingstradisjonen har det og bør det vere rom for både sentrale og lokale forhandlingar. Difor er det både forståeleg og legitimt at det er tautrekking om vektlegginga. Dessutan er det ulik praksis og ulike avtalar tariffområda i mellom. Det aller viktigaste er dessutan at det er høg organisasjonsgrad på begge sider av borda. Det er sjølve grunnlaget for kollektive forhandlingar.

Likevel, det er illevarslande dersom staten som forhandlingspart har som mål å svekke ordninga med kollektive sentrale lønnsforhandlingar. Tariff er for alvorleg til at staten skal vere gammaldags og leike ideologisk blindebukk. Sjølv om Akedemikerne er ivrig leikekamerat.

Mer fra: Debatt