31-03-2014

“Atlantisk fortielse” av Børge Brende

Det mest oppsiktsvekkande er ikkje det dei to ministrane seier i artikkelen, men først og fremst det dei ikkje nemner.

Under tittelen Atlantisk allianse, kommenterer UD-minister Brende og EØS/EU-minister Helgesen i eit oppslag i Bergens Tidende (26.03), mellom anna dei pågåande forhandlingane mellom USA og EU om ein frihandelsavtale kalla Transatlantic Trade and Investment Partnership, TTIP. Ein avtale som også vil få store konsekvensar for Norge dersom den blir noko av.

Det mest oppsiktsvekkande er ikkje det dei to ministrane seier i artikkelen, men først og fremst det dei ikkje nemner. Der seier dei utruleg nok ingen ting om at Norge no aktiv er med i forhandlingar, utanfor WTO, og parallelt med TTIP-forhandlingane, om ein tilsvarande frihandelsavtale for tenester, TISA, eller Trade In Services Agreement. Dette er ein avtale med svære dimensjonar, ettersom den omfattar eit godt femtitals land, inkludert USA og EU, og som vil skape eit frihandelsområde for tenester som er meir enn det doble av EØS-området. (sjå meir om TISA på denne: http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/cat1003/subcat1010/thread297752/ )

Det neste som er sterkt oppsiktsvekkande i dei to ministrane sin artikkel, er at dei nok ein gong understrekar fylgjande: “For Norge forblir det multilaterale handelssystemet gjennom WTO hjørnesteinen i norsk handelspolitikk. Det er spesielt viktig for små og mellomstore handelsnasjoner at WTO styrker sin rolle som hovedarena for utvikling av felles kjøreregler for internasjonal handel, både for varer og tjenester”. Dette skriv dei altså vel vitande om at Norge er med i denne ”utbrytargruppa” frå WTO som forhandlar om TISA-avtalen. Mange, særleg uland, ser på bilaterale og plurilaterale frihandelsavtalar utanfor WTO som ein trussel mot WTO sin posisjon. Den same feilaktige påstanden, at TISA-forhandlingane er i tråd med norsk politikk knytta til WTO-systemet, vart også hevda i Stortingsproposisjonen som la fram statsbudsjettet for 2014.

Tar eg feil når eg opplever det som sterkt merkeleg - og urovekkande - når ei konsekvenstung politisk hending som det TISA-forhandlingane er i norsk samanheng, kan utvikle seg praktisk talt uten offentleg politisk debatt??


Internasjonalen Arne Strand Radikale Røster Redaksjonens utvalgte innlegg Perspektiv Publisert på Dagsavisens debattsider samme dag. Blåmandag Grønn hverdag Publisert i Dagsavisens papirutgave samme dag. Ille til mote Anders Heger Diskuter nå Hege Ulstein Espen S. H. Rusdal Ivar A. Iversen Utvalgte innlegg Reidar Sollie Halvor Finess Tretvoll Henvisning 1 Henvisning 2 Cancun Til Dagsavisen.no Refleks Selvbilder Global Voldtekt Dagens leder

Blir du med i debatten ?

Vi ønsker at Nye Meninger skal være en plattform for opplyst og engasjert debatt. Vær saklig og unngå personangrep. Overtramp vil føre til sletting og kan føre til utestenging. Les mer om retningslinjene våre her!