Debatt

Alvor om ulv

Ulv er typisk norsk, men kontroversiell. Kva er det med ulven som provoserer slik?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Om noko pregar vår tid, utan å vere ålment kjend, så er det eit historisk tap av natur. Dyrelivet i verda er redusert med 60 prosent berre sidan 1970. Det skjer i havet og på land, i regnskogar og ved ferskvatn – i alle typar økosystem. Forskarar omtalar det som den sjette masseøydelegginga. Men der dei fem førre skjedde langsamt og ikkje var menneskeskapte, er denne menneskeskapt og skjer superraskt. For å snu trenden er det heilt avgjerande at naturen blir beskytta og forvalta på ein måte som sikrar levedyktige bestandar og heilskaplege økosystem i alle land. Det får vi ikkje til om vi fjernar ein art med ein gong det blir utfordrande for oss menneske å dele naturen med han.

Globalt har debatten om naturtapet ofte dreia rundt store og ikoniske dyr: Elefant og panda, eller rovdyr som tiger og leopard. Og ulv. Mykje natur og mange artar er truga i Noreg òg, men diskusjonen har i stor grad vore sentrert rundt ulv.

Ulven er eit mytisk dyr, på ein måte ingen andre rovdyr i Noreg er i nærleiken av å vere. Han har si rolle i eventyra, som oftast som det farlege og slu – nesten umettelege – dyret i forteljinga. Og symbolikken har ikkje døydd vekk i det moderne samfunnet. Populærkulturen er full av referansar til ulv: Filmen «The Wolf of Wall Street», Duran Duran si låt «Hungry like the Wolf» og norske A-ha med «Cry Wolf». No veit vi at ulven ikkje er farleg for menneske, men bileta frå sogene i barndommen heng i oss. At ulven er farleg for andre dyr, derimot, er det lite tvil om. Han er eit rovdyr, og har ein funksjon i økosystemet. Han et elg, rådyr – òg sau. Men mindre enn mange trur. Gaupe, bjørn og ikkje minst jerv gjer langt meir skade på beitedyr enn ulv.

Tap til ulv vil likevel dessverre ramme enkelte bruk særleg hardt, fordi ein enkelt ungulv kan ta livet av mange dyr på kort tid. Det er lita trøyst for saueeigaren som finn dyra sine sundrivne på marka at tap av sau til rovvilt er meir enn halvert dei siste ti åra. Like fullt, tiltak for å redusere tapa verkar! Dei kan med hell bli brukt i langt større utstrekning enn i dag.

Og kva fortel fakta oss? At vi i 2016 hadde vi om lag 2,4 millionar sau her i landet, omkring 2,1 millionar av dei gjekk på utmarksbeite. I 2015 vart rundt rekna 108.000 sau borte på utmarksbeite, og det vart utbetalt erstatning på grunn av rovdyr for 17.100 av dei.

Talet på sau som vart erstatta på grunn av ulv var 1.682. Altså 1,6 prosent av dyra som blei borte på beite, eller 0.08 prosent av alle dyra på utmarksbeite. Rundt 90.000 sau og lam døyr av andre årsaker i løpet av sommaren. Det høyrer vi sjeldan om i ulvedebatten. Men eit faktum er det like fullt.

Ulv har historisk tilhald her i landet. Så seint som på 1800-talet var Noreg ein viktig plass for ulvebestanden i Skandinavia. I 1845 vart det innført skotpremie på ulv. Talet på dyr gjekk raskt nedover, og frå 1920-talet vart det berre betalt ut skotpremie for eit fåtal ulvar i året. I 1971 opphøyra ordninga med skotpremie samtidig som ulven vart freda. Fredinga kom for seint til å berge ulven i Noreg, han var praktisk talt utrydda. Det tok tid før ulvestamma starta å vekse att etter fredinga. I 1983 var det ei yngling på Finnskogen, i grensestroka mellom Noreg og Sverige. Dei ulvane som kom hit på starten av 80-talet skapte grunnlaget for ulvebestanden vi har i dag. Dei brakte situasjonen tilbake til det vanlege i Noreg, at vi har ulv i landet vårt.

Då WWF Verdens Naturfond i fjor saksøkte staten for ulovleg ulveforvaltning, vart det gjort fordi dagens forvaltningspraksis opnar for å skyte ut ein stor del av den norske delbestanden av ulv kvart år. Stortingets vedtekne bestandsmål for ulv blir brukt som ei øvre grense for kor mange ulvar vi skal ha i Norge, utan at det er gjort noko vurdering av kva som skal til for å sikre at ulvebestanden blir løfta til eit livskraftig nivå i Norge. Vedtaka vi har saksøkt staten for, opnar for å skyte ulv utan at han har gjort nokon skade. Norge risikerer å skyte ulv som er genetisk viktig i en svært innavla bestand. I sum meiner vi det er i strid med både Grunnloven, naturmangfaldloven og Bernkonvensjonen.

No er dommen anka. Det blir ein ny runde i retten. Mest trugande for norsk ulv er likevel noko heilt anna – om det skulle sette seg ein ny type ide: At vi kan reinske ut det vi ikkje likar som naturleg har tilhald i landet vårt. Ulv er eit typisk norsk dyr, han høyrer naturleg til i naturen vår. Det er ikkje konfliktfritt, men det er fullt ut handtertbart. Og naturleg. Det unaturlege er å tru på ein natur utan farar og vanskar. Utan ulv.

Mer fra: Debatt