Annonse
barn: 100.000 barn veks i dag opp med fattige foreldre, skriv Framfylkingens Barnepolitiske utval.

Alle barn treng Cherrox!

Det vert stadig fleire fattige barn i Norge. Barneføter veks, barnetrygda krympar.

Annonse
Nye Meninger

KRONIKK: Framfylkingens barnepolitiske utval

No er det på tide å blåse liv i denne fantastiske, men forsømde, ordninga. Barnetrygda er i dag på 970 kroner for eitt barn kvar månad. Summen har vore den same sidan 1996. Beløpet har ikkje vorte justert etter konsumprisindeksen. Lønningar og prisar aukar, men ikkje barnetrygda. Det betyr at støtteordninga har krympa jamt og trutt dei siste 21 åra. Å la vere å justere beløpet årleg er å svekke ordninga. Å la vere å justere beløpet i 20 år er ei gradvis avvikling utan vedtak. Talet på fattige barn har dobla seg sidan år 2000, og om lag 100.000 barn veks i dag opp med fattige foreldre. Det er 10 prosent av alle barn i landet. Barn som lever i fattigdom har det dårlegare, både fysisk og psykisk. Bak tala finn vi barn som ikkje får vere med på fritidsaktivitetar og barn som bur dårleg. Barn utan ullunderklede og barn som ikkje får nok mat. Det er altså ikkje slik at barnetrygda minkar fordi det står betre til med økonomien til barnefamiliar i forhold til resten av befolkninga. Kåre Willoch meiner at talet på familiar som er så rike at barnetrygda ikkje gjer noko frå eller til, er forsvinnande lite i forhold til dei barnefamiliane som faktisk får hjelp av ordninga. Framfylkingen organiserer mange heilt gjennomsnittlege folk med jobb, hus, bil og ja, ungar. Ein del av desse er skilde eller einslege forsørgjarar, og dei treng verkeleg hjelpa dei får av barnetrygda. Å ta imot barnetrygda er ingenting å skamme seg over. Dette er ei universell ordning, som ein kan ta imot med glede.

Du får barnetrygd når du har barn å forsørge, og når dine er ute av reiret, hjelper du andre. Sagt på ein annan måte; den middelaldrande deg betaler til den yngre deg. Dette er ei ordning som fordeler ut frå livsfase, slik at tida med born vert mindre økonomisk utfordrande. Det at alle nyter godt av barnetrygda, gir legitimitet.

Utstyrsbankar og gratis ferietilbod er bra, men det monnar ikkje. Vi treng meir enn ein inkluderande arbeidslivspolitikk, ja. Men vi treng også ein sentral fordelingspolitikk som tek den aukande barnefattigdomen på alvor. Då er ei trinnvis oppjustering av barnetrygda ein god stad å starte.

Alle som har vore barn ein gong hugsar alvoret i «urettferdig».

Det kostar meir å forsørge barn enn å ikkje forsørge barn.

Det er ikkje snakk om å styrke og auke, men å stogge ei utholing av barnetrygda.

Å justere barnetrygda etter inflasjon, pris- og lønnsauke er ikkje å sløse. Det er å halde fram med ei ordning som styrker økonomien til barnefamiliar.

Viss barnetrygda er mindre viktig no enn før, er det ikkje fordi det går så bra med økonomien til barnefamiliar, men fordi 970 kroner i dag er ei mykje mindre sak enn for 20 år sidan.

Ei justering av barnetrygda vil minske talet på barn som lever i fattigdom.

Ei justering av barnetrygda vil virke sosialt utjamnande.

Barnetrygda er viktig for dei fleste barnefamiliar, sjølv om dei ikkje er fattige.

Ei universell ordning gir mindre byråkrati enn ei behovsprøvd.

Gode universelle ordningar for velferd er ein viktig grunn til at Norge er eit av verdas beste land å bu i. La oss ta vare på ordningane og tankesettet som gjorde at det vart slik. Alle barn i landet vårt har føter som veks, og alle desse føtene skal ha varme vintersko i rett storleik.

Annonse