Debatt

Kven tapte rettssaka om jernbanen i Moss?

Sist torsdag kom meldinga at «Bedre Byutvikling Moss» (BBM) ikkje har fått medhald i Høgsterett sitt ankeutval. Er det eit punktum for grundige juridiske vurderingar? Eller for ein rettsfarse?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Dommen i Borgarting lagmannsrett 21.2.22 gjev grunn til undring. Retten skulle vurdere om det var riktig å godkjenne ein reguleringsplan som gjev grønt lys for jernbanebygging i eit ustabilt kvikkleireområde i Moss. Men retten synest å ha underslått mest heile den sentrale delen av BBM sin argumentasjon. BBM hadde stemna ei lang rekkje framståande fagfolk på geologi og geoteknikk som sakkunnige vitne. Likevel nemner dommarane ikkje kven som var der (med eitt unnatak), og skriv ikkje eit einaste ord om kva dei sa under den fire dagar lange rettssaka.

Lagmannsdommen inneheld faktisk ikkje nokon gjennomgang av bevisføringa til BBM og motparten, Kommunal- og distriktsdepartementet. Ordet «sakkyndigbevis» er berre nemnt ein einaste stad i heile dommen, og det berre i ein liten randmerknad mot slutten av teksten. 99 % av dommen kunne ha vore skriven fleire månader før hovudforhandlingane tok til.

Kvifor utelét dommarane grunnleggjande informasjon? BBM sitt hovudargument er at reguleringsplanen for ny jernbane byggjer på «feil faktum»: Moss kommune visste om kvikkleire og annan dårleg undergrunn der jernbanen var planlagt nær Moss hamn, men sette si lit til framstillinga frå Bane NOR om at stabiliserande tiltak vil gje ein trygg byggjegrunn. Plan- og bygningslova har i § 28-1, første ledd, eit ufråvikeleg krav til trygg byggjegrunn for eitkvart prosjekt, elles er reguleringsplanen ugyldig.

Dei sakkunnige vitna som BBM hadde stemna, forklarte i detalj kvifor stabiliserande tiltak i det aktuelle området aldri vil kunne gje ein tilstrekkeleg trygg byggjegrunn, og at risikoen for utglidingar framleis vil vere uforsvarleg stor. Dei sakkunnige vitna påviste òg mange, faktiske feil i ein rapport som Noregs Geotekniske Institutt (NGI) leverte i 2021 på oppdrag frå Bane NOR. Der heiter det at banebygginga i Moss vil kunne bli gjennomført på ein trygg måte.

Det er difor spesielt at lagmannsretten bruker NGIs rapport til Bane NOR som fasit, ikkje skriv eitt ord om forklaringane til dei sakkunnige vitna, og så konkluderer med «at det ikkje er holdepunkter for» argumenta til BBM (s. 16). Det er vel heller slik at retten ville hatt rikeleg med «holdepunkter» ved ei meir balansert tilnærming til saka.

Også elles framstår dommen i lagmannsretten som mildt sagt dårleg fundert. Retten skriv til dømes at BBM skulle ha «særleg pekt på» Moss kommune sin heimel til å forby banebygging, slik den er felt ned i plan- og bygningslova, § 28-1, andre ledd. Men BBM har aldri gjort det. Det BBM er oppteken av, er kravet til trygg byggjegrunn i første ledd av same paragraf.

Det kan nok vere at dommen var ein siger for departementet. Om den var ein sigar for staten, altså oss alle, for tilliten til rettsvesenet og for jernbanen og bruken av offentlege pengar, er eit heilt anna spørsmål.

Hold deg oppdatert. Få ukentlige nyhetsbrev fra Dagsavisen Moss Dagblad.

Mer fra: Debatt