Debatt

Sigar med bitter bismak

Det er svært mange underlege, sjølvmotseiande og uhaldbare vurderingar i BBM-dommen, skriv eit av vitna i saka.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Jørg Westermann
Dagleg leiar, Norsk Bane AS

Måndag 14. desember meldte fleire aviser at Bedre Byutvikling Moss (BBM) hadde tapt rettssaka om reguleringsvedtaket for ny jernbane i Moss på alle punkt. Så enkelt er det ikkje. BBM fekk rett nok ikkje medhald i påstandane ein hadde lagt ned, men på minst eitt av dei viktigaste punkta fekk BBM medhald i faktum.

Det gjeld spørsmålet om planprogrammet for ny jernbane i Moss var i samsvar med krava i lov og forskrift, særleg om «utredning av relevante og realistiske alternativer». I dommen av 14.12.20 viser Moss tingrett til utgreiingar i 1993 av fem ulike traséar via hamna i Moss og til ein plan frå 1999. Retten skriv: «En viktig forutsetning for planen var at banen skulle gå i tunnel under sentrum til stasjonen, som skulle ligge i dagen ved havna. Dette trasévalget fulgte som forutsetning for det videre planarbeidet.» (s.21).

Kort forklart: Dette er BBM-rettssaken (+)

Her går Moss tingrett mot framstillinga til statsadvokaten og dokumenterer altså at planarbeidet for ny jernbane i Moss blei avgrensa til eit svært snevert utval av tenkjelege traséalternativ, nemleg berre dei som går via Moss hamn. Tingretten skriv ikkje noko om vurdering av andre traséar. Ein avviser heller ikkje at det var «relevante og realistiske alternativer» blant alle dei ikkje-vurderte traséane. Slikt er òg umogeleg. Tilrådd trasé via Moss hamn fører til massive inngrep, eit svært dyrt og risikofylt byggjearbeid og ei lang rekkje negative verknader for jernbanen, som økt reisetid for dei fleste, økt avstand mellom stasjonen og Moss sentrum og blokkering av godstogtrafikken i periodane med stor persontrafikk. Då skal det ikkje mykje til for å utvikle langt betre løysingar, berre ein løftar blikket.

Når det likevel berre blei utgreidd traséar via Moss hamn, skulle ein tru at Moss tingrett ville konkludere med brot på lov og forskrift, og difor kjenne reguleringsvedtaket ugyldig. I staden vel tingretten å dra parallellar mellom jernbanen i Moss og reguleringsvedtaket for ein ny US-amerikansk ambassade i Oslo i 2009. Sistnemnde blei klaga inn for Høgsterett av di ein ikkje hadde greidd ut ei plassering av ambassaden på ei anna tomt. Høgsterett konkluderte med brot på lov og forskrift, men meinte at saka ikkje ville fått eit anna resultat ved ein korrekt framgangsmåte. Høgsterett erklærte difor reguleringsvedtaket som gyldig.

LES OGSÅ: Regjeringsadvokaten mener BBM utfordrer lokaldemokratiet ved å forsøke å endre jernbaneutbyggingen (+)

Problemet for Moss Tingrett er ikkje berre at ein byggjer eit kronargument på ein svært omdiskutert høgsterettsdom. Tingretten unnlèt òg å forklare kvifor ambassade-dommen skulle ha relevans for Moss og kvifor vurderingar av ulike ambassade-tomter i Oslo skulle tale for at mangelfull utgreiing av traséalternativ i Moss ikkje skulle ha påverka reguleringsplanvedtaket i Moss kommune. Ein grunngjev heller ikkje kvifor ambassade-dommen skulle vere den einaste, relevante høgsterettsdommen i saka. Det gjer konklusjonen til Moss tingrett lite truverdig.

Tingretten prøver vidare å framstille det som om kravet til utgreiing av relevante og realistiske alternativ ikkje var nedfelt i lov og forskrift, men som om det var opp til planstyresmakta, altså Moss kommune, å avgjere kva som er relevant og realistisk: «Lovens system er at innholdet i utredningsplikten fastsettes av ansvarlig myndighet ut fra et faglig-politisk skjønn.» (s. 23)
Det er vanskeleg å sjå kva grunnlag tingretten måtte ha for ei slik lovtolking. Den er ikkje dokumentert i dommen med relevante sitat. Den ville gjere det umogeleg å gå til sak ved brot på utgreiingsplikta, stikk i strid med lova sitt føremål. Og den står i skarp kontrast til tingretten sin argumentasjon ut frå ambassaden-dommen. Dersom definisjonen av «relevante og realistiske alternativer» skulle vere opp til eit «faglig-politisk skjønn» i ansvarleg kommune, ville ein slik definisjon ikkje samstundes kunne vere eit brot på lov og forskrift, slik Høgsterett konkluderte med i ambassade-dommen og som Moss tingrett stør seg på.

Liknande gjeld for siste del av dommen i tingretten. Der heiter det at byggjearbeidet alt er godt i gang, at mange hus er rivne, at ein har inngått kontraktar for store summar og at «ulovfestet ugyldighetslære» taler no for å sjå på reguleringsvedtaket i Moss som gyldig, sjølv om det skulle ha skjedd alvorlege feil i planprosessen.

Ei slik slutning framstår som lettvint synsing, og ikkje som resultat av ei konkret vurdering, slik ein må kunne krevje av ein tingrettsdom. Vil det til dømes vere ein ulempe å velje no ein ny trasé? Sjølv om byggjearbeidet i Moss er godt i gang, har ein førebels ikkje byrja på den dyraste og mest kritiske delen av arbeidet. Ein veit faktisk ikkje korleis ein skal gå fram på forsvarleg vis, og ventar på ein ny rapport med framlegg til tiltak ein kan prøve ut. Om prosjektet nokon gong vil bli fullført og kva det i så fall vil koste, er det ingen som veit. Ein kan difor ikkje hevde at eit nytt traséval vil gje eit dyrare eller dårlegare resultat enn å halde fram i same spor som no, slik tingretten synest å leggje til grunn.

I det heile er det svært mange underlege, sjølvmotseiande og uhaldbare vurderingar i dommen av 14.12.20 i Moss tingrett. For somme framstår den likevel som ein sigar. For andre står den heilt i stil med den særs kritikkverdige plan- og avgjerdsprosessen som har resultert i det katastrofalt dårlege jernbaneprosjektet i Moss.

LES OGSÅ: Bekymret for BBMs videre eksistens etter tap i retten (+)

Mer fra: Debatt