Kultur

Vossa jazz i storform

Vestlandsver på sitt verste truga aldri ein Vossa Jazz-festival som når han har runda førti er blant dei beste i landet.

VOSS (Dagsavisen): Laurdag vart festivalen toppa med Mats Eilertsens store tingingsverk «Rubicon», i går vart han avslutta med Come Shine. Han opna med Bill Frisell Beautiful Dreamers, men eit av dei største kicka for denne medarbeidar kom med Attack, eit strålande band der saksofonisten Anna Högberg i spissen for seks svenske kvinner i både fri, frekk og organisert utfalding tok publikum med storm.

Høgare einskap

Gruppa oppstod i fjor, Högberg er også med i Mats Gustafsson store Fire Orchestra, ho er Attacks leiar og komponist, og med Malin Wättring og Elin Larsson også på saksofonar, Lisa Ullén på piano, Elisa Bergman på bass og Anna Lund på trommer, var det duka for ein konsert der improvisasjon og musikalsk samhandling gjekk opp i ein høgare einskap. Med strålande solistar i sams utfalding, utsøkte arrangement, alt ispedd ei stor dose med humor frå eit band «jätteglada» for å få spele for eit takksamt publikum.

Skeivt gitarspel

Den 41. Vossa Jazz-festivalen opna med Bill Frisell Trio som med Beautiful Dreamers-konseptet fritt tek for seg musikk i alle sjangrar, med Eyvind Kang på bratsj og Rudy Royston på trommer. Ein gjett på jazz-med-meir-konsert som enda opp i Porgy & Bess. Sidan Noreg første gong høyrde Frisell i bandet med Arild Andersen har han gått sine eigne vegar med sitt skeive gitarspel, denne gongen i streitaste laget.

Festivalens første dag var også eit gjenhøyr med trioen Medeski, Martin & Wood, no forsterka med Nels Klines gitar, utan at det gav særleg meirsmak. Det var meir å hente i kvartetten Arve Henriksen, Jan Bang, Stian Westerhus og Ingar Zach, før kvelden for nokon kulminerte med Even Helte Hermansen og Ola Kvernberg, med Erlend Slettevoll, Trond Frønes og Kenneth Kapstad.

Eilertsens Rubicon

Mats Eilertsen har sjølv kalla det å lage eit så tradisjonsrikt tingingsverk som på Voss, si eiga Rubicon-utfordring. Etterpå kan vi konstatere at han kryssa med glans, med eit kanonband musikarar som tok oss gjennom ei berg og dalbane-reise mellom det mektig og lyriske, det individuell og kollektive, med Eilertsen sjølv som i majestetisk ro ikkje berre hadde full kontroll, men som spelte si eiga bassrolle utsøkt, nesten beskjedent, og som i ånda til den Charles Mingus han set høgt både som arrangør og musikar, heile tida heldt bandet i age, ikkje minst i det stillferdige, før ein heilt overlegen slutt.

Trygve Seim vikarierte med stil for Tor Brunborg på saksofon, Thomas Dahl (gitar), Olavi Louhivouri (trommer), Herman Faanje (piano), Rob Waring (vibrafon) og Eirik Hegdal (saksofon) er resten av det nordiske ensemblet som under Eilertsens like usynlege som myndige leiarskap losa det heile i mål.

I kø

Og vi var halvvegs på ein festival der Susanna i kvartett med harpist Giovanna Pessi trollbatt Osa-salen, David Liebman i selskap med franske Andy Emler Trio var nok eit kick, så også Boi Akih, nederlandsk trio med Monica Akihary som strålande vokal. Mens Sigrid Moldestad, Atomic, fantomgruppa Skadedyr med fleire tok over oss over til ein ikkje så lang søndag, men nok til å få plass til Laia Genc‘s fantastiske trio Liaison Tonique, bestillingskonsert med vibrafonist Kåre Kolve, sjølve duoen i folkemusikk Sudan Dudan, Come Shine og kyrkjekonsert med Solveig Slettahjell.

På Vossa Jazz starta også tevlinga Jazzintro, der trioen Monkey Plot i første par overraskande slo ut kvintetten Morning Has Occured.

Mer fra Dagsavisen