Bøker

Sjarmerande debut. Prosit!

Lun sjarm og festleg persongalleri i ei forteljing som er akkurat passe sprø og mystisk.

Dagsavisen anmelder

Barnebok

Lun sjarm og festleg persongalleri i ei forteljing som er akkurat passe sprø og mystisk.

I familien Kråkestup er alle barna tvillingar. «Fyrst kom Fritz og Fjodor. Nokre år etter kom Arya og Arvid. Og nokre år etter det igjen kom Stjerne og Lykke», som har vore «bestevenner sidan dei blei laga inni magen til mamma, og akkurat det er det ikkje mange bestevenner som kan skryte av».

Familien består dessutan av mamma og pappa, som tydeleg har ein samansett namnesmak, og ein innrøykt gammalonkel som heiter Sigurd. Han sit stort sett i kråa og suttar på ei pipe som med åra er blitt «blaut som ein drypande kjøkkenklut».

Kaotisk familieliv

Den store og lett kaotiske familien Kråkestup bur i eitt av to hus som står for seg sjølv på den andre sida av Berget enn den resten av småbyen ligg på. Nabohuset har stått tomt i årevis. Men no har dei yngste tvillingane, Stjerne og Lykke, høyrt eit nys der inne. Så rart!

Det er, slik tittelen på Kari Smeland si debutbok for barn røper, dette nyset som utgjer hovudmysteriet i forteljinga. Kven var det som naus? Og kvifor står eigentleg nabohuset tomt i utgangspunktet?

Men før ho kjem så langt som til svaret på dei gåtene, får lesaren eit langt og hyggeleg innblikk i små og store hendingar i familien Kråkestup sitt rotete liv. Fiskesuppa svir seg, pappa sine høgt elska fuglar - som til vanleg bur i stova saman med familien - flyktar, storebror Fritz dansar på taket, og ein ukjend katt får halen sin klemd flat før han får namnet Statsministeren.

Stygg kjærast

Fritz får dessutan kjærast, som tydeleg har andre kvalitetar enn dei ytre:

«Eg trudde kjærastar skulle vera vakre,» kviskrar Stjerne. «Ja, slik som prinsessene i eventyra,» kviskrar Lykke tilbake. «Kanskje Fritz ikkje har sett prinsessene i eventyra,» lurar Stjerne på. «Eg trur eg aldri har sett ein så stor nase på ei jente før,» seier Arvid og rettar på brillene. Nasen til Bodil er nemleg enorm. Han er omtrent på størrelse med ein båt. Ein slik båt med digert segl som ein kan krysse dei store verdshava med. «Kanskje bestefaren hennar var nashorn,» bliser Arya. Alle fniser i kor.»

Men kjærasten er visst komen for å bli, trass solid motgang i form av katteklor og utslegne tenner.

Det er dessutan lærarane på skulen, inkludert Karl Olsen, som ikkje er spesielt glad i barn, og «ikkje eingong bitte litt glad i lærarjobben sin». Han skal kome til å spele ei sentral rolle i mysteriet med det nysande huset, saman med den piperøykande onkel Sigurd.

Fint illustrert

«Familien Kråkestup» er ei koseleg bok å lese høgt, og ei bok ein trygt kan gi ungar som les sjølv. Språket fungerer fint, og kapitla er passe korte. Blandinga av komikk og mystikk fenger, sjølv om dei som likar best reinbarka krim kanskje vil irritere seg litt over alle sidespranga i forteljinga.

Like originalt og velskrive som «Tonje Glimmerdal» av Maria Parr, eller klassikarar som Lindgrens «Ronja Røverdatter» er det ikkje, men «Familien Kråkestup» har meir enn nok sjarm til å fortene ein oppfølgar eller tre.

Ein solid debut, kor Mona Brekke sine friske illustrasjonar er med på å bygge opp under det gode resultatet.