Nye takter

Raknes med store spørsmål

Med Kirsti Huke og Nils-Olav Johansen på laget opnar vokalist og komponist Eldbjørg Raknes året med alvorlege spørsmål.

«Again!»

Eldbjørn Raknes, Kirsti Huke, Nils-Olav Johansen

(MY RECORDINGS/Musikkoperatørene)

Med tittelen «Again!» på sitt eige selskap er det tydeleg ikkje første gong. Med seg har Raknes vokalist og instrumentalist Kirsti Huke med på ymse instrument, og mangfaldet blir ikkje mindre med gitarist og vokalist Nils-Olav Johansen.

Innspelingane på plata er gjort i traktene Reknes kjem frå, noko er konsertopptak. Saman er dei tre leiande musikarar med sine tydelege signaturar, saman i ein jazzgenerasjon som i si tid sprang ut i full blomst på jazzlinja i Trondheim. Dei har også sine eigne band, dei møter kvarandre i alle slags konstellasjonar, og kva slags musikk har vi ikkje å vente då?

###

«Wow!» er reaksjonen når eg høyrer Raknes si både rustne og vakre stemme melde at «We’re out again» og «I’m gold (!) again», og vi blir dynka i praktfulle tekstar, i slekt med Jan Erik Volds «ulkturkute»-stil når ein av titlane er «Kaedåværlik?».

Det er verkeleg eit nytt sprang med Raknes, Huke og Johansen, i eit til tider rått musikalsk drama som du gjer vel i å følgje den trykte teksten til. Frå ein trio som verkeleg har mange måtar å uttrykkje seg på med pågåande spørsmål som «Did you hitchhike with and eagle?»

Slike ørner veks ikkje på tre, men her er dei med over alt med tonefølgje, med passord og påtrengande spørsmål heile vegen. Ikkje så mykje råka av støy som av det vi kunne kalle «mektige spørsmål ut frå den aktuelle musikalske situasjonen». Der fordrar musikalske svar frå mange slags palettar. Grafisk er teksten på siste song teikna som ord på flukt.

Ein gong var Raknes med på å skipe trioen ESE, med seg sjølv i trio med Sidsel Endresen og Elin Rosseland. Ho har vore med i over eit tjuetals grupper, mange av dei små men sterke, og på endå fleire plater.

I fjor gjorde ho furore i duo med den svenske pianisten Oscar Grönberg. Sidan ho på nittitalet spelte med gruppa Nutrio med Christian Wallumrød og Arve Henriksen, har ho samla eit stort publikum.

Legg til songane for barn, der ho er ein pioner.

Med «Again!» stiller ho dei store spørsmåla.

Mer fra Dagsavisen