Nye takter

To pluss to meir enn fire

Steinar Raknes på bass og Tore Brunborg på saksofon er årets morgonmesse.

Tore Brunborg og Steinar Raknes

«Backcountry»

Reckless Records

Scena var for mange Reknes-parken i Molde ein årle laurdag då dei avslutta med morgonmessa som plar avslutte jazzfestivalen i Molde.

Om du ikkje visste det, så veit du no at dei også har spela inn plata «Backcountry» (Reckless Records), og kan nytast til kva det skal vere når det skal vere. Og det opnar med «Blooming», signert saksofonisten Brunborg.

Duoen bass og saksofon er ei utfordring, og eit kjent format i jazzens store hage. Og med to av våre beste instrumentalistar på kvart sitt instrument blir det heilt ekstra på eit album der Brunborg har skrive fire av songane.

Fire er dei saman om, den vakre «Now» er Raknes’verk, og sluttsongen «Alfonsina y el Mar» er signert Ariel Ramirez. Alt saman til ei plate der det kling like vakkert i eit vedunderleg akustisk samspel heile vegen, på det første albumet deira saman.

Med Brunborg som den mest meritterte attende til Masqualero, kom den yngre Steinar Raknes som bassist i norske og utanlandske band med elddåp i Trondheim Jazzorkester under Chick Corea.

###

Urban Connection var samtidas framstormande musikk, før han gjekk i band med seg sjølv som vokalist og bassist.

Og han innleia eit samarbeid med den samiske joikaren Sara. Uansett er dei to på plata artistar i samarbeid på eit album der dei musikalske uttrykka er sterke, vakre og rytmiske.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Backcountry er eit musikalsk uttrykk i jazzsoga står det, skapt med eit musikalsk avtrykk av nye låtar som har gjort det til eit eige omgrep.

Det fordrar ein sterk musikalsk, tostemt samklang mellom utøvarane, og vakrare kan det knapt bli enn når dei stemmer i med «Feng Shui». Kva det tyder? Strålande vakkert er det i alle fall.

Mer fra: Nye takter