Nye takter

Sfinks-jazz!

På sitt sterke niande album for eiga rekning har Anders Lønne «Sphinx» Grønseth framleis mykje på hjartet.

Sterkt album frå Anders Lønne Grønseth og ensemblet hans. FOTO: MELIS JAATINEN

Den omstendelege tittelen «Mini Macro Ensemble 2nd Edt Vol 1» (Pling Music /Musikkoperatørene) fordrar også ei forklaring, då Lønne Grønseth i 2008 gav ut ei plate med ei mindre utgåve av ensemblet, som hausta ovasjonar. Namnet Sphinx har han bore frå han i 2001 dukka opp med plata «Sphinx», som viste seg å vere ein forsmak på den eigentleg debuten. Med den utfordrande tittelen «Speaks the Riddle of the Undisputed Truth». Same kva, er det på tide å opplyse at alle fans av saksofonisten Anders Lønne Grønseth og hans mange prosjekt, vil få innfridd alle sine forventningar.

I bandet spelar Hanne Rekdal fløyte og fagott, Morten Barrikmo klarinett, Martin Tax tuba, Sigrun Eng cello, Audun Ellingsen bass, Anders Aarum piano og Andreas Bratlie perkusjon. Eit stjernelag av musikarar av ulik bakgrunn og tradisjon, som tek oss med gjennom den frodige, både storslåtte og lågmælte musikken i skiftande konstellasjonar. Komponisten har henta element frå mange kjelder til sitt eige tonale system, står det. Opne ditt sinn og opplev musikken, seier eg.

Jazz på norsk også

Godt vaksne vil hugse «Eg ser deg ut for gluggjen» frå eit kriminalhøyrespel i NRK. På «Jazz på norsk» (Curling Legs/Musikkoperatørene) kan du høyre han spela av bassisten Jan Olav Renvåg og pianisten Rune Klakegg. Ælvespeilet kulturhus i Porsgrunn spurde dei om å lage «jazz på svenska»-konsert. På vegen vart det «Jazz på norsk». Med folketonar frå mange kjelder, også lokale, har det vorte til eit smakfullt og vakkert album, avslutta med «Niels Tallejorden den kaute karen». Jazz på norsk er bra!

Lysande trio spelar

Med «Children Of The Light» heidrar trioen Danilo Perez (piano), John Patitucci (bass) og Brian Blade (trommer) sin mentor Wayne Shorter, som dei har turnert verda med i mange åra, med det som blir trioens eige debutalbum. Say no more.