Nye takter

Til Webers ære

Jan Garbareks mangeårige bassist blir heidra på strålande fest-album, med norsk dirigent for eit internasjonalt storband.

«Hommage á Eberhard Weber» (ECM) er frå ei konsertinnspeling i Stuttgart januar, til ære for den 75 år gamle bassisten som i 2007 vart råka av slag og ikkje lenger kan spele.

Med opptak frå hans eigne basslåtar og soloar komponerte gitaristen Pat Metheny verket «Hommage», basert på improvisasjonar av mannen som var Jan Garbareks tonefølgje i 25 år, og andre han spelte med. Med Weber sjølv i live videoopptak på nokre låtar, framført av det tyske SWR Big Band, med Michael Gibbs som arrangør og vår eigen Helge Sunde som dirigent.

«Hommage» er hovudverket på albumet som opnar med Garbarek på saksofon i mektige «Resumé Variations». Pat Metheny spelte også med Weber, og fortel levande i ein tekst om arbeidet med musikken. Vibrafonist Gary Burton, bassist Scott Colly, trommeslagar Danny Gottlieb, saksofonist Paul McCandles frå bandet Oregon, og fleire andre som Eberhard Weber spelte med, er delaktige i resultatet. «Touch», «Mauritzius» og «Tübingen» er Weber-musikk med ulike arrangørar, avslutta med vakre «Notes After An Evening» til ein overvelda jubilant.

Den sterke andreplata

Saksofonist Torbjørn Sletta Jacobsen, som med kvintetten sin i 2011 gjorde ein sterk plate­debut med «Time Layers», kjem like sterkt attende med «Biting Tails» (Curling Legs/Musikkoperatørene). Med to endringar i bandet, bassist Audun Ellingsen og trommeslager Freddy Wike Augedal er nye, men pianist Espen Eriksen og trompetist Gunnar Halle er med som før, har Jacobsen skrive ny, original musikk. Stilig arrangert for eit ekte akustisk jazzband.

Laurdag var det plateslepp i Oslo, i kveld er det konsert i Bergen.

Sanchez med song

Antonio Sanchez er for tida amerikansk trommeslagar i særklasse, og på «The Meridian Suite» (Camjazz/MusikkLosen) gjestar songar Thana Alexa. Med Seamus Blake (saksofon), John Escreet (piano) og Matt Brewer (bass). Enjoy!

Mer fra Dagsavisen