Nye takter

Eit band å bli betre med

– Eg syng på norsk fordi det rører meg sterkare, seier Elin Rosseland, med nytt band på Oslo Jazzfestival.

Ho underviser ved Norges musikkhøgskole, der vi møter henne under intens øving i innspurten med det nye bandet, med sørafrikanske Shannon Mowden på saksofon, Jakop Janssønn på trommer, Jørn Øien piano og Jo Skansar på bass.

– For meg er dette eit ønskjeband, seier Elin Rosseland som platedebuterte på norsk i 1989.

– På platene mine syng eg på norsk, i dette bandet syng eg også tekstar på engelsk.

Debutplata «Fair Play» var med Tor Ytredal på saksofon, Vigleik Storaas på piano, Johannes Eick på bass og Trond Kopperud på trommer. På den andre plata var den britiske vokalisten Norma Winstone frå den britiske trioen Azimuth med. Trioen vart starta av trompetisten Kenny Wheeler, med John Taylor på piano. Begge døydde nyleg.

LES OGSÅ: Rosseland i stort format

Nytt band

I den lange soga om Elin Rosseland var ho med i fleire band og før sin eigen platedebut. Mellom dei Kix, der ho song amerikanske standardlåtar, og Winds Hot and Cool, som vart leia av Bernt Brinck Johnsen. Ho var på plater med Lars Martin Myhre og Espen Rud, og song i kvartetten til Christian Reim, med base på den legendariske Oslo-klubben Hot House. Ho var sentral i bandet Søyr, og hadde den unike trioen ESE med Eldbjørg Raknes og Sidsel Endresen.

Rosseland sin eigen diskografi inkluderer også plater med Christian Wallumrød og Rob Waring, samt hennar siste album «Ekko» med Trondheim Jazzorkester. På Oslo Jazzfestival medverka ho i går også i prosjektet «A Love Supreme» med vokalgruppa Oslo 14.

– Kvifor nytt band no?

– Eg har ønskt det lenge. Det nye bandet starta eg først og fremst for å lage eit godt samarbeid mellom musikarane eg ville ha med. For sikkert ti år sidan spurde eg Jørn Øien om han ville spele med meg, og no fekk vi endeleg gjort det. Moro er det også ha med Shannon Mowday som har denne miksen av afrikanske referansar samstundes med våre, då ho lenge har spelt med norske musikarar.

Følg Dagsavisen på Twitter og Facebook!

Frå klassisk til Ella

– Kva gjorde at du vart jazzmusikar?

– Eg har klassisk utdanning og dreiv med klassisk musikk til eg høyrde Ella Fitzgerald. Tjueto år gamal drog eg på jazzkurs for første gong, og Torgrim Sollid som starta Søyr har vore ein stor inspirator saman med Norma Winstone.

– Kvifor bestemte du deg for å syngje på norsk?

– Det rører meg sterkare. Eg likar å syngje på engelsk også, men då er det meir klang og fargehandsaming av tekst, sjølv om meininga også skal fram.

LES OGSÅ: Festivalkrasj i hovedstaden

Ein eigen miks

– Kvar plasserer du deg sjølv som musikar?

– Eg veit ikkje om eg kan plassere meg sjølv i nokon posisjon. Eg har min eigen miks som alle musikarar har. Eg har min frå unge år med jazz og ny musikk, og oppveksten med svært gode, syngjande foreldre.

– Eg minnest lanseringa av plata «Gack» som du, Sidsel Endresen og Eldbjørg Raknes i gruppa ESE gav ut i 1998. På platelanseringa sat de og bles med røyr og laga lydar og bobler i ei skål med vatn.

– Det er eit godt bilete, seier Elin Rosseland.

LES OGSÅ: Jazzklubbkvelden tok prisen

Mer fra Dagsavisen