Nye takter

Lanserar medisin mot kosmisk einsemd

– Musikk kan gje trøyst og håp, meiner Mari Kvien Brunvoll, platefersk på Oslo Jazzfestival i duo med Stein Urheim.

Den lange tittelen er «For Individuals Facing The Terror of Cosmic Loneliness», og det naturlege første spørsmålet er, kvar dei har funne kjeldene til den medisinen.

– Tittelen er inspirert av ein tekst frå filosofen Bertrand Russells verk «The History of Western Philosophy». På plata er tittelen lik teksten til songen «Lazy Philosopher», og det vesle tekstutdraget har følgt oss gjennom heile prosessen.

LES OGSÅ: Herbie Hancocks reise

Musikalsk fyrverkeri

Dei to Bergen-baserte musikarane Stein Urheim og Mari Kvien Brunvoll, har samarbeida dei siste ni åra og dette er den tredje plata som resultat av samarbeidet. I 2001 ga duoen ut debutalbumet «Daydream Community», i 2013 kom «Daydream Twin». Begge har vunne Vossajazz-prisen, Jazzland gir ut platene. Kvar for seg har dei også ein solokarriere. Elektronikamusikaren og vokalisten Brunvoll platedebuerte i 2012. Gitarist Urheim har tre soloalbum seg, og saman på scena utgjer dei ei musikalsk fyrverkeri som bergtok denne medarbeidar første gong på Voss i 2010. Begge har skrive tekst og musikk til sine respektive låtar, ein del er improvisert fram i studio, og det er ei atmosfærisk stemning albumet gjennom.

Følg Dagsavisen på Twitter og Facebook!

Spelar på «alt»

På Kongsberg medverka Mari Kvien Brunvoll på eit bestillingsverk i lag med storbandet Denada.

– Korleis var det?

– Det var storveges. Verket bygde på mine komposisjonar som Lars Horntvet og Erik Johannesen arrangerte for storbandet, seier Brunvoll.

– Kva skil musikken på denne plata frå dei to første?

– Vi har spelt saman i ni år og uttrykket endrar seg heile vegen, men for førte gong har vi med produsenten Jørgen Træen, som er ei tredje stemme. På den første plata var alt originalt, no har vi late oss inspirere av andre. «Gold» som eg har skrive er inspirert av den store spanske diktaren Federica Garcia Lorca, og musikalsk har vi også lånt øyre til bluesmusikaren Skip James. Når det gjeld bruk av instrument, spelar vi på alt vi kjem over, sier Brunvoll.

LES OGSÅ: Jazzklubbkvelden tok prisen

LES OGSÅ: I fotefara til Hancock

I India

– Turnerer de mest i Norge?

– Ja, men vi er stadig i utlandet, og vi har vore tre gonger i India. Der likte dei musikken svært godt og den indiske musikken er også ein inspirator for oss.

– Kven er dine musikalske mentorar?

– Eg har ikkje hatt ein spesiell mentor, eigentleg, men eg hadde ein utruleg god lærar på jazzlinja, Per Jørgensen. Timane hos han gjorde stort inntrykk på meg, sier Brunvoll.

– Kva slags scener spelar de på?

– Alle slags, men det tel å kome ut på eit selskap som Jazzland. I Oslo har vi spelt på Mono, og no har vi lanseringskonsert for plata vår på Oslo Jazzfestival. Det er stas!

LES OGSÅ: Jazzsangeren