Av Roald Helgheim
Karl Seglem & Christopher Stiefel
«Waves»
Challenge/Norcd (Musikkoperatørene)
I bandet er også røysta til den norsk-svensk-danske songar, tekstforfattar og komponist Julie Hjetland Jensen. Ho er no busett i København, og er tidleg å høyre på «Svai», songen med ein norsk tekst av Seglem vi gjerne skulle hatt med i det framifrå CD-heftet. Bassist Sigurd Hole og trommeslagar Kåre Opheim er meritterte musikar og spelar også i Seglems akustiske norske kvintett og i verdsbandet. Soga seier at sveitsaren Stiefel, framifrå pianist presentert i CD-heftet, møtte Seglem på ein festival i Bremen. Dei fann snøgt tonen, og dei ville lage band saman. Resultatet er eit album der sjangrane går opp i ein høgare einskap, med nydelege songar i strålande arrangement, der moderne jazz møter sterke uttrykk av mange slag på ein måte som for Seglem må vere noko av det mest vellukka han har gjort. Her i samarbeid med ein sveitsar, i eit band er musikarane rører seg saman i ulike konstellasjonar på ein måte det må bli helse å hente i kvar tone av. Komposisjonane er signert Seglem, Stiefel og Hjetland Jensen, og med «Alt du er», med Hjetland Jensen og pianisten i vakker, vårleg samklang til slutt.
Det er OK å spele
På engelsk blir det tittelen på plata, «It's OK to Play» (Losen/MusikkLosen), der den nordnorske trombonisten Øystein Blix spelar musikk han sjølv og bandet har laga og improvisert fram i studio, med Nils-Olav Johansen på gitar og Audun Kleive på trommer. Musikk det må ha vore OK å spele, og som det er like OK å lytte til. «Liner Notes»-skrivar Tim Challman meiner det godt når han skriv at det er korkje «mainstream» eller musikk til arbeidet, men som både lyttar og musikkskribent veit eg at det store «kicket» ofte kjem når du minst ventar det. Opne øyre – «all ears» – er første bod å nærme seg musikken med, når Blix, Kleive og Johansen i lag og einskildvis, fabulerer seg gjennom åtte spor, vekslande mellom med alle dei uttrykk instrumenta har å by på.