Nye takter

In the Country til skogs

In The Country med Frida Ånnevik og steel-legenda BJ Cole, det blir mykje godt på landet.

In The Country & Frida Ånnevik:
«Skogenes sang»
Grappa (Musikkoperatørene)

Michael Wollny Trio:
«Weltentraum Live - Philharmonie Berlin»
ACT (MusikkLosen)

Simom Toldam Trio:
«Kig Op 14»
Ilk Music (DME Danish Music & Entertainment)

Namnet forpliktar og den heilt særeigne trioen med Morten Qvenild, Roger Arntzen og Pål Hausken let seg på eit tidlegare album avbilde i dress saman med kyrne våre. Men no er det skogens ro som gjeld, i samspel det skogens diktar framfor nokon, Hans Børli, og med songaren Frida Ånnevik som både med jazz, folketonar og Prøysen i sinnet er ein songar i stort format. Ho platedebuterte med albumet «Synlige hjerteslag» i 2010, og gav ut «Ville ord» i fjor, begge i samarbeid med Andreas Mjøs frå Jaga Jazzist. På «Skogenes sang» er det dikta til Hans Børli det gjeld, og med pianist og komponist Morten Qvenilds lange tilhøve til Børlis dikt, har han tonesett alle songane på ei unik plate. Sjølv er han også hovudvokalisten i In The Country, der alle syng med når det gjeld.

«Skogenes sang» er det den fulltonande røysta til Frida Ånnevik som både med song og berre ord får dette albumet til skine. At Børli var ein «songbar» diktar som æra Louis Satchmo Armstrong i ein av dei beste tekstane sine, har ein musikar som Sinikka Langeland også vist oss. Elles høyrer det i høg grad med at det var BBC-journalisten Fiona Talkington som inviterte trioen til serien Conexions med musikarar frå Norge og England på Nasjonal Jazzscene i 2012. Steelgitaristen BJ Cole vart kopla med In The Country, som i sin tur inviterte med seg Frida Ånnevik. Det er eit musikalsk lukketreff av dei sjeldne der ute, med songar frå skogen alltid er der. Det gjeld berre å høyre etter, når «den toner så sorgsamt på myr og på mo: skogenes sang», som Børli skriv, i diktet som har gitt plata namn.

Det er wollny-tid

Det tyske plateselskapet ACT spyr ikkje ut jazzplater, men dei er hyppige, og av høg kvalitet. Når plata med Michael Wollny Trios «Weltentraum Live» kom på bordet, verka omslaget kjent. Wollny-trioens studio-innspelinga av «Weltentraum» frå tidleg i år har lege på vent, og live-innspelinga er ein sann svir å lytte til. Michael Wollny i trio med Tim Lefebvre på bass og Eric Schaefer på trommer nok eit døme på dynamikken i det formatet som fortener status som jazzens formel ein. Michael Wollny er med sin ungdommelege utsjånad inga novise i faget, heller ikkje på ACT, der vi i katalogen også finn «Weltentraun Concert Edition» som dobbel cd, og ei rad solinnspelingar. Av Siggi Loch vart han oppdaga i 2004 og han vart ACT-mann saman med Eva Kruse og Eric Scaefer. Eit samarbeid mellom Wollny og saksofonist Heinz Sauer følgde, så «Weltentraum» med etterfølgjande turne, og live innspelinga frå konserthuset Philharmonie Berlin er toppen av den musikalske kransekaka.

Wollny har gitt ut 13 ACT-album, endå fleire som sidemann til trombonekongen Nils Landgren, og med saksofonisten Sauer og pianist Joachim Kühn. Platekaoset mitt avdekka dobbeltalbumet «Wunderkammer XXL» med Tamar Halperin hr-Bigband med ein cd frå 2009, ei annan frå 2013. Sommar eller vinter, det er alltid Michael Wollny-tid.

Kig op!

«Kig Op» er dansk for å sjå opp, «Kig Op 14» signert Simon Toldam Trio, som med nordmannen Knut Finsrud på trommer debuterte med «Sunshine Sunshine Or Green as Grass». Attåt pianist Toldam spelar Nils Davidsen trommer, og vi er stadig i det klassiske trioformatet. Albumet inneheld eit dusin Toldam-låtar spelt inn analogt og live i studio. Ei forklaring skal tittelen ha, inspirert av kva som hender når du brått stoggar opp og ser i vêret. Same kva, har det inspirert Toldam og trioen hans til tolv låtar av ulikt lynne, frå det minimalistiske til det fulltonande, med opningslåten «Stop» (!), «Glassperle på himmelbjerget», «Op, Ned, Sol, Måne», «Se en fugle kigger ned», «Den evige gren» for ikkje å snakke om «Kan skyerne spoles fram?». Titlar og låtar som har inspirert poeten Neill Furo til små kommentarar i CD-heftet. Det er eit drivande godt samspel, avslutta av ein søt liten «Flying V over Appenæs» på piano. Neste år kjem oppfølgjaren «Kig Op 15», og det er berre å passe på.

Garzone Bergonzi!

Garzone Bergonzi, kven er det? To saksofonistar som, fødde midt i det tjuande hundreåret, har vore i sentrum for både amerikansk og europeisk jazz, og som på «Quintoc» (Stunt Records/MusikkLosen) for første gong går i studio saman for å gje ut plate. George Garzone er fødd i 1947, Jerry Bergonzi i 1950, begge er frå Boston, og om du har det slik som eg, har du forveksla namna deira meir enn ein gong, hyppige norgesgjester som dei også har vore, no og då i samspel med norske musikarar.

Legg til at dei begge er/har vore lærarar på Berklee School of Music, og til saman har turnert med kremen av saksofonistar, før dei altså går i studio med det danske hold Carl Winther på piano, Johnny Amman på bass og Anders Mogensen på trommer. Eit framifrå lag og som syter for høg swing-faktor med musikk av både Winther, Bergonzi og Garzone. Eg har ikkje gått opp spora etter dei to i mine skrifter, men uansett musikalsk «breed», har dei med meritta sine det til felles at dei kan gå inn i kva setting som helst, og dei går like godt i lag. «Quintonic» uttrykkjer dermed også det beste i den tradisjonen saksofonisten Warne Marsh skildra for meg som ein draum, å berre gå på scena og gjere arbeidsoppgåvene.

The Art 
Of Duo

I serien med ACTs Duo Art-innspelingar har turen kome til pianisten Rita Marcotulli og trekkspelaren Luciano Blondini, begge frå Italia, som på «La Strada Invisible» (ACT/Musikkoperatørene) gir til beste songar dei mest har skrive sjølve. Til unnataka høyrer Jimmy Webbs «The Moon Is A Harsh Mistress», udøyeleggjort for oss av Radka Toneff, nydeleg framført instrumentalt av to som begge byrja med klassisk, men som kvar for seg har lange merittlister frå samarbeid med frå både den amerikanske og europeiske jazzeliten. På «La Strada Invisibile» går jazz, klassisk og italiensk opp ein virtuos og vakker einskap.

Mer fra Dagsavisen