Nye takter

I Kvernbergs hus

Det er få stader eg kjenner meg så heime som i musikken til Ola Kvernberg.

Ibrahim Electric

«Rumours From Outer Space»

ILK Music 
(Danish Music & Entertainment)

Ola Kvernberg & TrondheimSolistene

«The Mechanical Fair»

Jazzland/NTNU 
(Universal)

Christof Lauer & NDR Bigband play Sidney Bechet

«Petite Fleur»

ACT Music 
(Musikkoperatørene)

Albumet «The Mechanical Fair» er eit samarbeid mellom Ola Kvernberg, bandet hans og TrondheimSolistene i høve Trondheim Kammermusikkfestival. Med ein musikalsk hovudperson som så fryktlaus, oppglødd, vár og intens skaper stor musikk uansett sjanger og format, ofte med betrre den strengeklimprande vesle fela som inngangsport til kva det skal vere, av stor og liten musikk, av store og små ensemble, han sjølv i ein ofte krumrygga positur, konsentrert om skaparverket. Og så vakkert det er!

Vakrare kan det vel ikkje bli, tenkjer eg også når han til dømes med tonefølgje av gitarist Petter Vågan, tek oss med inn i det vedunderlege sporet «Metamechanics» og vi er nesten overmette av venleiken i musikken hans så langt, der han får sine harmoniske og rytmisk teppe å sveve på med stryke-arr over og under. Heile tida er det eit driv i musikken, som uansett mood har følgt oss frå det første tittelsporet, med trondheimsolistane og bandet til Kvernberg i perfekt samklang. På merittlista er det åttande album i namnet til felespelaren, som med verket «Liarbird» gjorde eit gjennombrot, ikkje minst som komponist, i stort format. Han er godt skodd også i den klassiske tradisjonen, og det svingar ikkje mindre med eit ensemble type TrondheimSolistene, som tydeleg trivst i samspel med kva selskap det skal vere.

Difor er genistreken at musikken Ola Kvernberg framførde som prisvinnar på Kongsberg jazzfestival i fjor, med Erik Nylander på trommer, Petter Vågan og Even Helte Hermansen på gitar og strengeinstrument, Ole Morten vågan kontrabass, vart utvida med den musikalske drivkrafta TrondheimSolistene, på plate. Det er ein genistrek vi berre kan takke alle skaparar for. For betre musikk vert knapt spelt der ute.

Lauer goes Bechet

Når den tyske saksofonisten Christof Lauer og NDR Bigband spelar Sidney Bechet, er tittelen sjølvsagt «Petite Fleur», etter Bechets i særklasse best kjende låt. På plata er fem låtar signert Bechet, med «Si Tu Vois Ma Mère» som den nest mest kjende. Lauer har sjølv skrive «September». Kjende låtar på Bechets repertoar av andre var også «Wrap Your Troubles In Dreams» og Fats Wallers «Honeysuckle Rose», men opningssporet er Bechets «Dans Les Rues D’Antibes». Alt i strålande storband-arrangement leia av Rainer Tempel, med Lauer på sopran og tenorsaksofon, Hubert Nuss på piano, Patrice Héral på trommer. Bechet (1897-1959) kom frå New Orleans, og turnerte mykje i Europa for han slo seg ned i Frankrike i 1950. Christof Lauer, fødd i 1953, er frå før eit kjent namn på merket ACT Music, der hans første album i 1999 var «Fragile Network». «Petite Fleur» er det sjette ACT-albumet til Lauer, som i mange år spelte i radiostorbandet til Hessischer Rundfunk med legendariske Albert Mangelsdorff. I 1990 kom hans første album i eige namn med stjernelaget Joachim Kühn, Palle Danielsson og Peter Erskine. Og vi er ved vegs ende på «Petite Fleur», med eit verkeleg stilig storband-arrangement av Jimmy McHughs «On The Sunny Side Of The Street».

Dansk romferd

Med sitt åttande album «Rumours From Outer Space» forlet den danske jazz-suksessen Ibrahim Electric planeten Jorda for å søkje etter meir inspirasjon frå rommet, i første omgang frå planeten «Xhinus», på leiting også etter det som i rom-tale heiter «extraterrestrial musical beings». Det er ti år etter platedebuten, og i romfartyet er trioens faste mannskap Niclas Knudsen (gitar), Jeppe Tuxen (Hammond B3) og Stefan Pasborg (trommer) - som på albumet har ein låt som heiter «Isle Of Men»! Sidan starten har bandet hatt suksess også på norske scener, i år på Kongsberg og i Molde. No går dei inn i ein ny fase, med titlar som «Attack From Above», «Rumours from Outer Space», «The Afribians Are Coming», for å avslutte med den fantastiske «Jag vil leva», i svensk songdrakt! Kva det inneber, er allereie under gransking. Songen «Absinthe» kan her vere eit interessant spor.

- Tenkjer ikkje jazz

- Eg tenkjer verken på jazz eller på andre musikalske definisjonar. For meg skil såkalla jazz seg ikkje frå kubanske tradisjonar eller anna som interessere meg, seier David Virelles, kubansk pianist busett i New York sidan 2009, og platedebutant på ECM med «Mbókò» (ECM/Musikkoperatørene), med undertittelen «Sacred Music for Piano, Two Basses, Drum and Biankoméka for Abakuá». Namnet skjenner ingen, og ordet Abakuá står for ein cubansk kultur der Mbókò han vere eit fundament eller «The Voice». Stemma på plata er det Román Díaz som står bak, bassistane er dei ikkje ukjende Thomas Morgan og Robert Hurst, Marcus Gillmore på trommer, og pianisten Virelles har vi høyrt på to ECM-plater før. Med sjølvaste Chris Potter i kvintetten han i fjor debuterte på ECM med på «The Sirens», og med Tomasz Stanko på dobbeltalbumet «Wislawa» same år. Fri for tronge sjangertrøyer er det uansett eit spennande musikalsk møte, med ein up and coming pianist på tretti som drog til Canada som 17-åring, seinare til New York. Der har han studert med komponisten og saksofonisten Henry Threadgill. I 2012 via han seg til afro-cubansk rituell musikk på den kritikarroste «Continuum». Jazz eller ikkje, som fan av både Coltrane, Monk, Andrew Hill med fleire er han ein vi vil høyre meir frå.

Aimée er namnet!

Først kom eg ikkje på det, men det var Stacey Kent eg tenkte på med det same eg høyrde Cyrille Aimée syngje «Where Or When», den første låten på plata «It’s A Good Day» (Mack Avenue/MusikkLosen) med kometen Aimée og bandet hennar. Attpåtil syng dei begge på fransk også, og det svingar lett og uanstrengt når Aimée, som vaks opp i Frankrike, tek oss gjennom svisker i standardrepertoaret, stilig akkompagnert av ein kvartett med gitarar, bass og trommer. Kent har ein saksofonist i bandet, songarane er like dugande, og no gløymer eg ikkje ho som eg ikkje kom på.

Mer fra Dagsavisen