Nye takter

Miles er best på Fillmore!

Fire junikveldar i 1970 vart det skapt jazzhistorie med Miles Davis på Fillmore East i New York - no endeleg komplett på firedobbel CD.

Miles Davis
«Miles At The Fillmore - The Bootleg Series Vol. 3»
Columbia Legacy (Sony Music)

Det er den tredje utgjevinga i The Bootleg Series som i 2011 starta med «Miles Davis Live In Europe 1967», i fjor kom «Live In Europe 1969» med ei anna utgåve av Miles Davis Quintet. «Miles at the Fillmore» har med tre bonusspor frå ein konsert på Fillmore West 11. april. Resten er for første gong dei komplette opptaka frå 17., 18., 19. og 20. juni 1970, remiksa, men uredigerte. Det vil seie over to timar med Miles Davis, Chick Corea, Keith Jarrett, Dave Holland, trommeslagaren Jack DeJohnette, perkusjonisten Airto Moreira og saksofonisten Steve Grossman, på den legendariske rockescena Fillmore East som Bill Graham opna for musikarar over eit stort spekter, der Neil Young og Miles Davis kunne spele på same scene.

Miles Davis har sjølv oppsummert konsertane som noko av det beste han gjorde i perioden, allereie i oktober 1970 utgitt på ein sterkt revidert dobbel LP. Låtane er alle kjenningar frå Miles Davis’ repertoar i mange år, dei fleste av han sjølv, attåt Wayne Shorters «Paraphernelia», «Footprints» eller «Sanctuary», og Joe Zawinuls «Directions». «Bitches Brew» har fast plass, og Sammy Cahn/Jule Stynes såkalla standardlåt, «I fall In Love To Easily», blir dei to siste kveldane gjenskapt av Miles Davis med noko av det vakraste i heile samlinga. Få kunne som Miles Davis spele gamle låtar som var dei nye, her i perfekt samforstand med eit kanonband som frå august 1969 til august 1970 spelte inn materiale til nesten fire store album, inkludert det doble frå Fillmore, «Bitches Brew», «Jack Johnson», «Big Fun» og fire spor som kom på albumet «Live Evil».

Sekstitals

Både det politiske og kulturelle bakteppet på tampen av eit sekstital som i 1963 først kulminerte med mordet på president Kennedy, blir levandegjort i eit perle av eit essay av Michael Cuscuna. Det handlar om då ungdomskulturens sex, dop og rock ’n‘ roll overlevde The Beatles, då Jimi Hendricks, Cream, Jefferson Airplane med fleire var på hogget, og det var i dette universet Miles byrja med å flytte tyngdepunktet i sin eigen musikk, også når det gjaldt scener å spele på.

Scena

Og der låg Fillmore East, bygd på tjuetalet i New York, og Fillmore West i San Francisco. Då Bill Graham nyopna Fillmore East, var det med mest mogleg av den gamle atmosfæren og inventaret intakt. Miles var på farta høgt og lågt, i studio og på scena, og på Fillmore West spelte bandet i april samstundes med The Grateful Dead, (der tre av låtane er bonusspor i den nye Fillmore-boksen). John Coltrane gjorde plate der, «Bitches Brew» kom ut den same månaden, og vi er attende på Fillmore East dei fire magiske kveldane i juni.

Jubelen

Resten er som det heiter historie, The New York Times var over seg, Variety skreiv at den einaste merkelappen du kan setje på dette programmet er at det er Miles Davis’ musikk. Til Down Beat sa Miles: «Kan du høyre kva Keith spelar bak meg? He’s a bitch!» «Vi utvidar kvarandre sine idear, eg kan spele ei frase utan å fullføre fordi eg høyrer nokon bak meg som tek oss til ein annan stad». Cuscuna oppsummerer at Fillmore-jobbane hadde ein varig innverknad på Miles’ karriere. Konsertane kunne vare til den lyse morgon.

Og eg høyrer i skrivande stund endå ein gong på Miles Davis’ vakre versjon av «I Fall In Love To Easily», før Wayne Shorters «Sanctuary». Cuscuna rundar av artikkelen sin og skriv at med general Westmorelands retrett frå Vietnam i 1972, med Nixon kravlande ut av Washington to år etter, med slutten på Vietnamkrigen det året 1975 som var starten på Miles Davis indre eksil i fem år. Først då var «sekstiåra» over, ikkje som tiår, men som æra!

Og eg høyrer «The Theme» som alltid avsluttar eit Miles-sett, då han på bonussporet frå Fillmore East spelar «Miles Runs The Voodoo Down» i tretten minutt. Enjoy!

George Cables' ikon

Fødd i 1944 er pianisten George Cables i sitt syttiande år, på banen med albumet «Icons & Influences». Den samtidige pianisten Cedar Walton døydde i fjor i sitt syttiande, no heidra av Cables på sitt første spor, i trio med bassist Dezron Douglas og trommeslagar Victor Lewis. Som leiar har Cables gitt ut eit trettitals album i eige namn, i band med ein del av kremen i amerikansk jazz, og som sidemann på endå fleire. Med «Farewell Mulgrew» heidrar han avlidne Mulgrew Miller, «The Duke» er signert avlidne Dave Brubeck, Duke Ellingtons «Come Sunday» er vakker som alltid. Bill Evans er på minnelista med «Very Early», her er Joe Hendersons «Isotope», og det er dusinet fullt med Benny Golsons «Blue Heart». Det er stil over spelet til George Cables, som sjølv har skrive låten «Happiness» på ei hipp plate.

Dobbel Blue Note

«The Best Of Blue Note» (Blue Note/Universal), kva er det? Det er ein dobbel CD frå Sidney Bechet til den nyaste vokalisten Gregory Porter. Med 22 spor og like mange Blue Note-legender frå Monk, Powell, Coltrane, Rollins til Shorter, Hancock, Cassandra Wilson og Norah Jones med fleire som får ein låt kvar, og det er berre å ta for seg.