Ella Fitzgerald
«The Voice
Of Jazz»
Verve (Universal)
Der stod det ein jukeboks med EP-plater med Ella Fitzgerald, Louis Armstrong, Frank Sinatra, Svend Asmundsen og andre, og eg vart aldri trøytt av plata eg ikkje hugsar baksida av, berre W.C. Handys «Beale Street Blues», oppkalla etter ei gate i Memphis, Tennessee. Med den makelause stemma til jazzdronninga på høgda av ei karriere som no vert heidra med utgjevinga «Ella Fitzgerald - The Voice Of Jazz». Det var på femtitalet då eg byrja på realskulen, og vi skulle med åra høyre «Mack The Knife» tallause gonger, vidgjeten også for at ho på konserten i Berlin i 1960 gløymde teksten, og improviserte med glans vidare med ein tekst både om seg sjølv, Louis Armstrong og andre. Og ho fekk Grammy både for beste kvinnelege vokalalbum, «Mack The Knife - Ella in Berlin», og for beste kvinnelege vokale soloprestasjon for tittellåten. Pianisten var ikkje Oscar Peterson, men Paul Smith, som gjorde ein strålande jobb. Det var på «Ella and Louis» pianisten Oscar Peterson, gitaristen Herb Ellis, bassist Ray Brown og Buddy Rich på trommer akkompagnerte dei to på ei av dei stiligaste platene i jazzsoga.
Alle format
Med det er vi alt langt inne i den enorme katalogen til ein songar som frå ho som tenåring tok over bandet til Chick Webb, briljerte i alle format. Og som med åtte store utgjevingar frå «Ella Fitzgerald Sings The Cole Porter Songbook» til «Ella Fitzgerald Sings The Johnny Mercer Songbook», også presenterte «songbøkene» til Rodgers og Hart, Duke Ellington, Irving Berlin, George og Ira Gershwin, Harold Arlen og Jerome Kern. I 1993 kom dei samla i boksen «The Complete Ella Fitzgerald Songbooks», ein del av den enorme produksjonen hennar som også er representert i «The Voice Of Jazz», ein godt redigert presentasjon av heile Ella Fitzgeralds musikalske livsløp frå 1935 til 1989, presentert på 10 CD-ar, kvar med opptil 25 spor. Avslutta med CD-en «The More I See You» med utvalde konsertopptak frå perioden 1958-1966, og «How High The Moon» frå Jazz At The Philharmonic 1949-1954. JATP-turneane i regi av Norman Granz tok dei amerikanske jazzstjernene ut i verda, Fitzgerald var med første gong i 1947, då i USA, med bandet til Count Basie. Etterpå gifta den 21 år gamle Ray Brown seg med Ella, og ho spelte inn «Lady Be Good» med ei stemme i tydeleg mogning frå dei første åra.
Med Chick Webb
Boka og platene tek oss med frå Ella Fitzgeralds første grammofonkarriere med Decca Records, og gjennom den lengst varande og viktigaste perioden i Verve, som Norman Granz starta for å promotere tidenes jazzdronning. Med ein detaljert diskografi for kvart einaste spor som er brukt i boka, plukka einskildvis frå katalogen.
Ella Fitzgerald vart fødd i 1917, slutta i skulen når ho var femten og vann ein talentkonkurranse. Sytten år song ho i bandet til saksofonisten Benny Carter, ho hadde sin første profesjonelle jobb same år i Try Bradshaw’s band i Harlem Opera House. Atten år gamal var ho første gong i studio og song «I’ll Chase The Blues Away» med Chick Webb Orchestra, i 1936 med bandet til pianisten Teddy Wilson, attende til Chick Webb, der gjennombrotet kom i 1938 med «A Tisket A Tasket». Webb døydde i 1939 og Fitzgerald var leiar for bandet til 1942.
Spennvidda
Sidan handlar soga om Ella Fitzgerald om ein artist som med store ambisjonar kunne velje mellom dei beste av medspelarar, og som særleg under Granz tok steget mot stjernene. Som samstundes med dei store «songbooks» gjorde tre store album med Ella Fitzgerald og Louis Armstrong, med krona på verket med stort orkester og «Porgy and Bess», med ein versjon av «Summertime» som framleis er ein av dei beste. Nelson Riddle, Marty Paich og resten av store bandleiarar og arrangørar var med, eliten av amerikanske jazzmusikarar akkompagnerte henne, og det er heile vegen den enorme spennvidda hos ein artist som meistra alle format til fingerspissane - også som dronninga av scatsong - som i mine auge gjer at ho ruver ekstra i eit digert stjernegalleri med Sarah Vaughan, Billie Holiday og alle dei andre.
Berre ein gong høyrde eg Ella Fitzgerald live i Oslo Konserthus. På Norman Granz’ nye label Pablo Records var ho på hogget med musikarar som gitaristen Joe Pass på åttitalet. Siste innspeling var med Benny Carters «All That Jazz» i 1989. Siste konsert var i New Yorks Carnegie Hall i 1991. Ella Fitzgerald døydde i 1996, «The Voice Of Jazz» lever vidare også med denne utgjevinga.
---
Sidewalk som strålar
«Sidewalk Comedy» (mnj/MusikkLosen) er CDversjonen av eit av dei mest spela prosjekta i Trondheim Jazzorkester, urframført på Vossa Jazz i 2011, og på turné i 2012, då det etterpå vart spelt inn i Øra Studio i Trondheim. Det er inspirert av jazzens gullalder på trettitalet, men med sterke anstrøk av dagens moderne rytmar. Komponist, musikalsk leiar og saksofonist Eirik Hegdal frontar eit verkeleg stjernelag med Kirsti Huke (vokal), Ola Kvernberg (fele), Martin Küchen (saksofon), Eivind Lønning (trompet), Øyvind Brække (trombone), Mattias Ståhl (vibrafon), Maria Kannegaard (piano), Ole Morten Vågan (bass) og Tor Haugerud (trommer), med musikk som etter å ha vore utselt på vinyl, endeleg er tilgjengeleg digitalt og på CD. Det er musikk så frodig og spennande som vi er vane med frå dette eineståande musikalske kollektivet, strålande avslutta av Kirsti Huke med ein klassikar, «When I Fall In Love».
Til ære for Rudy
Den no 91 år gamle Rudy van Gelder er ei legende som i sitt studio har spelt inn plater for alt som er av dei store jazzmusikarane, som vert heidra på organisten Joey de Francesco album «One for Ruby» (HighNote/MusikkLosen), med jazzlåtar innspelt i van Gelders studio. Steve Cotter spelar gitar, Ramon Banda trommer, og lyden er det ikkje noko å seie på.